Livin’ on a Prayer!

KOMMENTAR: Det finst ingen band eg har fått meir tyn for å elska enn Bon Jovi.

Publisert: Publisert:

Var det mulig å sjå kulare ut enn dette i 1986? Nei.

  • Jan Zahl
    Kulturjournalist
iconDenne artikkelen er over ett år gammel

Frode Grytten har skrive om The Smiths og Bruce Springsteen. Tore Renberg elskar The Cure og The Aller Værste så høgt at han har gitt ut eit eige soundtrack med driten. Lars Saaby Christensen kjem seg aldri unna The Beatles.

Men ingen forfattar eller intellektuell skriv bøker eller lagar mytologiserande lister av Bon Jovi. Ingen som har meir enn ex. phil. eller så mykje som tåa innanfor kultureliten vil nokon gong seia at «Livin´on a Prayer» er ein av tidenes største songar eller innrøma at dei får gåsehud av «Bed of Roses».

Utanom meg, då.

Ungdom, Bryne

Musikk er rare greier. I 1986 var eg 17 år. Eg spelte i rockeband på Bryne. Det var blodig alvor. Me øvde og øvde. Me hadde frisyren til dei kulaste karane me visste om. Eg såg ut som ein gudsordvariant av David Coverdale i Whitesnake. Eller var det kanskje Jon Bon Jovi?

Musikkinteressert som eg var, hadde eg høyrt om Bon Jovi heilt frå debuten i 1984. Bandet hadde endåtil varma opp for ein annan favoritt, Kiss, då dei spelte i Drammenshallen.

Men i 1986 kom altså «Slippery When Wet». I 1986 kom videoen av «Livin´on a Prayer» på MTV. Det første du ser er eigentleg håret deira, det går i svart kvitt fram til alt eksploderer i fargar på eitt av refrenga, framfor eit folkehav eg skulle ønska eg var del av. Og når songen modulerer opp ein tone mot slutten, tek Jon Bon Jovi bokstaveleg talt av. Han flyr gjennom lufta. Det var fantastisk.

Musikkvideoen er per 29. oktober 2018 avspelt 499.746.750 gonger på YouTube. Bon Jovi er tydelegvis eit populært band, med sine 130 millionar selde album. Men allereie i 1986 fekk eg ei tydeleg kjensle av at det var noko feil over å lika dei.

«Feil» band

Ein ting var at dette ikkje var populært på musikklinja på Lundehaugen vidaregåande, der eg var elev på den tida. Der gjekk det i jazzrock, klassisk og kor. Rock var i utgangspunktet suspekt, og nest lågast på rangstigen - rett over country - låg heavyrocken eg likte. Puddelrocken.

Men også blant dei ekte heavyrockarane var Bon Jovi feil. Bon Jovi var nemleg så snilt, samanlikna med Iron Maiden og Metallica. Det styggaste orda ein ekte heavyrockar kunne seia, var «semi-heavy» eller «FM heavy». Bon Jovi var semi-heavy.

Sidan skulle alt bli verre. På Universitetet i Bergen gjekk alle i strenge, svarte klede og tunge frakkar kjøpte på Fretex. Der diskuterte dei Derrida og DePress. Ingen likte heavy. I alle fall ikkje semi-heavy. Mens eg meinte at «New Jersey» (1988) var eit undervurdert album. At Bon Jovi eigentleg var ein slags heavyvariant av samfylkingen Bruce Springsteen.

Kultureliten

Så fekk eg jobb i media, i kulturredaksjonar i Dagbladet og Dagsavisen i Oslo. Eg hadde lært meg å halda kjeft om at Bon Jovi, Whitesnake og AC/DC for ganske lenge sidan. Dei få gongene eg nemdne dei, på forlagsfest eller vernissage, trudde folk eg var ironisk.

Men nå har eg blitt ein middelaldrande mann. Det finst mykje stygt å seia om å bli ein middelaldrande mann, men den store fordelen er at du etter kvart gir blaffen. Så når folk spør kva musikk eg liker, svarer eg «bluesbasert heavy». Og når dei måpande ser på meg og trur eg køddar, legg eg til at eg elskar Whitesnake og Bon Jovi. (Sjølv om sanninga jo er at eg ikkje høyrer musikk lenger, og at eg ikkje aner kva dei har gjort sidan 1992, då «Keep the Faith» kom ut. Med «Bed of Roses». Eg elskar «Bed of Roses».)

Eg fekk sjølvsagt aldri sett Bon Jovi live mens dei var på topp. Men det fine med å ha likt «feil» band opp gjennom heile ungdommen, er at til slutt kjem det til Viking stadion.

Publisert:

Bon Jovi-konserten

  1. Publikums dom: Frå topp til bånn Jovi

  2. Anmeldelse av Bon Jovi-konserten: Super showmann, men stemmen holder ikke

  3. Se bildene fra Bon Jovi-konserten

  4. – Fiksar ikkje Jon Bon Jovi synginga i kveld, fiksar me det for han

  5. «Betyr niks og nada at han sjøl er litt på tur. Vi kan synge sjøl!»

  6. Alt klart for Bon Jovi-festen

Les også

  1. Bon Jovi til Stavanger

  1. Bon Jovi-konserten
  2. Musikk
  3. Bryne