Glede, håp og nøkterne forventningar til kulturbudsjettet

Mandag legg Trine Skei Grande (V) fram sitt første kulturbudsjett. I sentrale, stavangerske kulturinstitusjonar er håpet vel så stort som trua på meir pengar - mens Tou Scene er hoppande glade over å koma på statsbudsjettet.

Publisert: Publisert:

Den blå-blå regjeringas effektiviseringskrav gjer at Rogaland Teater nå har fem millionar mindre å laga teater for enn for fem år sidan. Blir noko endra i statsbudsjettet mandag? Her frå «Romeo og Julie». Foto: Fredrik Refvem

  • Jan Zahl
    Kulturjournalist
iconDenne artikkelen er over ett år gammel

– Me håper jo på ei satsing på kultur, med ny kultuminister på plass. Men om dette blir omgjort til faktisk støtte, gjenstår å sjå, seier Morten Warland, administrerande direktør i Stavanger symfoniorkester (SSO), i forkant av kulturbudsjettframlegget.

– Me har søkt om meir pengar til tre tiltak, og ventar spent på statsbudsjettet, seier Siri Aavitsland, administrerande direktør ved Museum Stavanger (Must).

– Eg trur dei kjem til å halda statsbudsjettet for kultur omtrent som i fjor, i påvente av den varsla kulturmeldinga. Me forventar omtrent status quo, seier teatersjef Arne Nøst ved Rogaland Teater.

– Filmkraft og dei andre regionale filmsentra er ikkje nøgde i det heile tatt. Me kjem til å jobba for at me ikkje skal gløymast, men vera ein del av satsinga på film, seier dagleg leiar Ingvild Bjerkeland i Filmkraft.

Meir til film?

Før helga kom lekkasjane frå det komande kulturbudsjettet. Tou Scene jubla over 13,3 millionar kroner frå staten til vidare rehabilitering - mens rådmannen i Stavanger foreslo 45 millionar til kulturhuset i sin handlings- og økonomiplan.

I tillegg lova kulturministeren ei eiga filmpakke på 50 millionar kroner. Filmbransjen er glade for pengane. Men det er eit men:

– Beløpet kompenserer bare for store kutt dei siste åra. Kvar einaste krone er øyremerka ulike delar av bransjen - bortsett frå dei regionale filmsentra som driv talentutvikling og bransjebygging, seier Bjerkeland i Filmkraft.

Kulturministeren seier at regionane er prioriterte i filmpolitikken.

– Me er litt overraska over at filmsentra blir oversett, samtidig som dei hevdar å satsa på regionane, seier Bjerkeland - og minner om at budsjettet bare er eit forslag. Dei neste vekene står kampen om kva som faktisk blir vedteke.

To millionar til Must

Hos Must var gleda fredag stor over at rådmannen i Stavanger foreslår å auka kommunens løyvingar til museet med to millionar kroner. Nå ventar direktør Aavitsland spent på om staten følgjer opp.

Les også

Stavanger-rådmannen: Utgiftene øker mer enn inntektene - nå må vi sette tæring etter næring

– Me har hatt nokre tøffe år nå. Me har kutta både i tilsette og tilbod, og treng tre millionar ekstra i året i driftsmidlar for å kunna halda oppe tilbodet vårt, seier Aavitsland.

Den blå-blå regjeringa har pålagt kulturinstitusjonane å effektivisera drifta med med 0,5–1 prosent i året. Det betyr at institusjonane ikkje har fått full kompensasjon for lønns- og prisvekst i dei årlige budsjettoverføringane. For Rogaland Teaters del, betyr det til dømes at Nøst har omtrent fem millionar kroner mindre å laga teater for i år enn for fem år sidan.

– Me håper sjølvsagt på meir pengar, slik at me kan utvida på skodespelarsida. Men spenninga knyter seg nok meir til kulturmeldinga som skal koma før nyttår, og om ein foreslår å flytta meir av kulturansvaret over på fylkesnivå, seier Nøst.

Akropolis Stavanger

Nøst ventar ikkje å sjå signal om eit eventuelt nytt teater i budsjettet som kjem mandag.

– Me er ikkje der i prosessen. Først ventar me på politiske vedtak lokalt om kva konsept me skal gå for, seier Nøst.

Det betyr at Aavitsland hos Must, som har store vyer for kva som kan skje i området der Stavanger museum og Rogaland Teater nå ligg, også må venta. Til gjengjeld ventar Must å få dei siste ni millionane staten har lova til nytt grafisk museum. Bygginga startar i januar.

Evig effektivisering?

Warland og SSO har klart å knipa kostnader utan å måtta kutta årsverk så langt.

– Men me kan ikkje halda fram med effektiviseringskutt inn i det evige, seier Warland, som - som vanleg - har søkt om litt meir pengar.

– Nå har me fått ny kulturminister sidan sist. Betyr det noko for kultubudsjettet?

– Me er optimistiske med tanke på Skei Grande. Ho har ei interesse for feltet, har stor kunnskap og har vore ganske offensiv i retorikken. Nå blir det spennande å sjå korleis det materialiserer seg i budsjettet.

Publisert:

Les også

  1. Ekstremt, nakent teater

  2. Marianne Holter overtar rolle etter teater-uhell

  1. Kulturpolitikk
  2. Rogaland Teater
  3. Museum
  4. Film
  5. Arne Nøst