Svart hav
FILM: Tradisjon mot modernitet, den vesle mann mot korrupt system, i sjeldan maltesisk film.
- Jan ZahlKulturjournalist
LUZZU
Med: Jesmark Scicluna, Michela Farrugia, David Scicluna. Regi: Alex Camilleri. Nasjonalitet: Malta, 2021. Aldersgrense: For alle. Lengde: 1 time, 35 minutt.
Eg kan ikkje hugsa å ha sett ein film frå Malta på norsk kino – eller nokon annan stad – før. Sånn sett er Alex Camilleris debutfilm «Luzzu» i seg sjølv interessant.
Luzzu er namnet på dei tradisjonelle små fiskebåtane på Malta. Desse fargerike trebåtane som nok tek seg fint ut på bilete og kan få det til å sjå herleg idyllisk og eksotisk ut i havna om du er på ferie.
Men båtanes tradisjonelle rolle er altså å vera levebrødet til dei lokale fiskarane. Som Jesmark, som har arva båten etter faren sin, som i sin tur arva båten av sin far, som i sin tur …
Problemet er berre at Jesmark knapt får noko fisk lenger. Klimaendringar og varmare vatn gjer at det er mindre fisk å fanga rett utanfor kysten. Og den fisken som finst, blir tatt av større trålarar og meir moderne fiskefartøy lenger ute. Derfor gir mange av småfiskarane opp, løyser inn båt og kvote – og får pengar av EU for å finna på noko anna.
Men Jesmark vil ikkje gi seg. Han har akkurat blitt far. Kona jobbar som servitør. Dei har nesten ikkje pengar. Og når sonen viser seg å trenga spesialistbehandling, luzzuen treng reparasjonar og heile systemet rundt fiskeria viser seg å vera både korrupt og dårleg fungerande, må Jesmark ta stilling til kva han skal gjera. Skal han også bryta lova? Skal han bli del av det korrupte systemet? Eller skal han halda fast i draumen og halda fram med sitt tradisjonelle fiske?
Jesmark blir spela av Jesmark Scicluna, som sjølv er fiskar. Scicluna har vunne fleire prisar for skodespelet sitt, og det forstår eg godt. Han – og miljøet av fiskarar – er særs truverdig framstilt.
Dilemmaet den vesle familien kjem i, blir også truverdig og vondt å sjå på. Nesten som i ein Ken Loach-film, der den vesle mann og kvinne kjempar for å overleva i eit system som køyrer over dei heile tida. Det er ikkje veldig lystig, men det er godt laga.
Ja, og så er det jo flott filma, vakre bilete frå ei øy dei fleste av oss berre kjenner frå turistbrosjyrar og sydenturar. Då kan det vera nyttig å få ei innsyn bak fasaden. For i dei idylliske husa bur altså ekte folk, som ikkje er på Malta på ferie.
Film- og tv-anmeldelser
En heller svak og forutsigbar kjærlighetshistorie i en veldig fransk ramme
Morsom, men tynn ninja-oppfølger
Kunne blitt ein thriller om eit av verdas mest kjente bygg. Men nei...
Manuset er nesten komisk svakt. Og skodespelet. Og regien
Sex og snakk på fransk
James Bond-skaparen hadde ideen. Nå er den utrulege, men sanne, historia frå krigen blitt film
Mest lest akkurat nå
For folk vil koke over fra livet og ned, og fryse seg i hjel fra livet og opp! Genialt konsept!
Jærbanen stengt etter hendelse
Har bodd på Tananger i to måneder. Nå tar mormor med seg Zlata (9) og Demid (3) hjem til Ukraina
Årets folketog i Stavanger
Se hvilke fem som var best på tog i Stavanger
Se bildene fra russetoget her