Storslegen Spider-Man
FILM: «Spider-Man: No Way Home» var verdt å venta på. Dette er storslegen underhaldning på det store lerretet.
- Jan ZahlKulturjournalist
Spider-Man: No Way Home
Kinopremiere: 21.01.2022. Med: Tom Holland, Zendaya, Benedict Cumberbatch, Jacob Batalon, Jon Favreau, Marisa Tomei, Tony Revolori, J.K. Simmons. Sjanger: Action / Eventyr / Superheltfilm. Regi: Jon Watts. Nasjonalitet: USA, 2021. Aldersgrense: 12 år. Lengde: 2 timar, 28 minutt.
Endeleg kjem «Spider-Man: No Way Home» på norske kinoar. Mange har venta lenge, mange har vore frustrerte, mange har kjøpt billettar til opningshelga. Til alle utolmodige er det berre å slå fast: Denne filmen har vore verdt ventetida.
Mengda av Marvel-filmar som har prega kinomarknaden dei siste åra kan tidvis vera til å bli matt av. Mykje blir etter kvart likt. Likevel dukkar det frå tid til anna opp filmar som skil seg ut – både på positivt og negativt vis. Den nye Spider-Man-filmen er blant dei som skil seg positivt ut.
Spider-Man-feber i byen
Trilogi
Dette er tredje film med Tom Holland i rolla som den trikotkledde spindelvevskytaren. Filmen startar der nummer to slapp, med at den sanne identiteten til Spider-Man blir kjent. Plutseleg veit alle at 17 år gamle Peter Parker er Spider-Man. Det skal visa seg å vera komplisert å plutseleg vera superkjendis i tillegg til å vera superhelt. Endåtil ein kontroversiell superkjendis og superhelt. Er Spider-Man eigentleg ein helt eller ein mordar?
Dermed søker Peter hjelp frå Doctor Strange (Benedict Cumberbatch). Men magien slår feil, det opnar seg portar til både det eine og det andre universet. Og plutseleg dukkar det opp skapningar frå andre stader som aldri skulle vore i Spider-Mans verd.
Eg vil ikkje spoila noko, men kan seia såpass at denne finurlege og ganske kompliserte historia opnar for alt frå avanserte tankesprang til visuelle krumspring. Det er smart, det er moro – og faktisk mogleg å henga med i svingane!
Visuell fest
Ein skikkeleg superheltfilm skal jo vera ein visuell fest med masse actionscener du knapt forstår korleis det er mogleg å få til. Den nye Spider-Man-filmen byr på dette, i rikt monn. Her er interessante kameravinklar, kroppsleg akrobatikk og digital effekthjelp nok til å underhalda sjølv den mest blaserte.
Actionscenene er likevel berre eitt av elementa som trengst for at filmen skal fungera. I tillegg treng me ei slags emosjonell tilknyting, sympati og antipati med dei me ser på lerretet. Også her leverer den nye filmen.
Tom Holland maktar å visa oss eit heilt menneske av kjøtt og blod under spandeksen. Unge Peter Parker blir riven mellom tru og tvil, moralske dilemma, forsøket på å vera eit godt menneske og ein god venn i ei komplisert verd.
Tørr humor
Og så er han jo omgiven av eit stjernelag av erfarne og knalldyktige skodespelarar. Cumberbatch er nydeleg tørrvittig trollmann. Willem Dafoe er – som vanleg – fantastisk. Humoren i superheltfilmar kan tidvis vera så som så. Men her lo eg faktisk fleire gonger. Manusforfattarane har heilt klart hatt hovudet på rett plass.
Skal ein måla Spider-Man opp mot Kunsten og Det viktige i livet, er jo dette berre tull og tøys. Men det er skikkeleg smart og underhaldande tull og tøys. Så vil du ha to og ein halv time med høgkvalitetsunderhaldning, skal du gå på kino nå.
Film- og tv-anmeldelser
En heller svak og forutsigbar kjærlighetshistorie i en veldig fransk ramme
Morsom, men tynn ninja-oppfølger
Kunne blitt ein thriller om eit av verdas mest kjente bygg. Men nei...
Manuset er nesten komisk svakt. Og skodespelet. Og regien
Sex og snakk på fransk
James Bond-skaparen hadde ideen. Nå er den utrulege, men sanne, historia frå krigen blitt film
Mest lest akkurat nå
De ble fratatt sønnen sin av barnevernet. Så finner helsesykepleier en urovekkende kul på lillebrorens hode
Her er klubbens nye navn – og hovedsponsor er på plass
Bussjåfør og flere passasjerer slått
Therese har laget festdrakt av gardiner og duker: – Det er dette jeg brenner for
– Ikke unaturlig at politimesteren lot være å varsle Spesialenheten
Hun ble bobileier mot sin vilje. Nå kan ikke familien på fire tenke seg noe annet.