Ikkje enkelt å vera mor

FILM: Stillferdig japansk drama om morskapets dilemma.

Gravide jenter som av ulike grunnar ikkje kan behalda barnet, får hjelp til å adoptera barnet bort. Men det er heller ikkje berre enkelt.
  • Jan Zahl
    Jan Zahl
    Kulturjournalist
Publisert: Publisert:
Grade: 4 out of 6

MØDRE

Kinopremiere: 10.09.2021. Originaltittel: Asa gav Kuru. Med: Myoko Asada, Tetsu Hirahara, Arata Iura, Ren Komai. Sjanger: Drama. Regi: Naomi Kawase. Nasjonalitet: Japan, 2020. Aldersgrense: 9 år. Lengde: 2 timar, 19 minutt.

Det er ikkje så ofte me får servert japansk film på norsk kino, men her kjem altså Japans kandidat til Oscar for Beste utanlandske film i fjor.

«Mødre» handlar – først – om ein liten familie med mor, far og ein liten son som går i barnehagen. Som alle som har hatt barn i huset og i barnehagen veit: Det er i seg sjølv eit kvardagsdrama.

Men så viser lange flashbacks oss at vegen fram til at dei to blei tre har vore meir kronglete og komplisert enn klisjeen skulle tilseia. Sonen viser seg å vera adoptert.

Når barnets biologiske mor – om det faktisk er henne – så ringer og vil ha barnet sitt tilbake, skjønnar me at store kjensler oppstår. Men dei viser seg på ein litt annan måte i Japan enn dei kanskje ville gjort i Hollywood. Det er ikkje dei store faktene. Det er japansk høflegheit, skam og ære. Sjølv om dramaet er høgst reelt, skjer det meste på stillferdig vis, fint filma og formidla.

Sidan skal filmen skifta fokus og la oss bli kjent med gutens biologiske mor og hennar historie. Det er nesten som om det er ein eigen film i filmen.

«Mødre» fortel dermed historia til mange mødrer, både dei som ikkje kan få barn og dei som kan få, men ikkje behalda barnet. Me møter også ho som er mellomleddet mellom dei to, fødselshjelparen som hjelper både den biologiske og den barnlause mora, ho som står for adopsjonen.

Dette er altså ikkje ein film som roper høgt, sjølv om dramatikken som ligg under er tydeleg og lett å identifisera seg med. Filmen er vakkert filma, tett på ansikta til dei dyktige skodespelarane, og med tydelege sekvensar frå naturen. Havet, skogen, byens urbane landskap, ei ørn på himmelen er med på å understreka karakteranes indre landskap og aukande konfliktnivå.

Samtidig er to timar og 20 minutt strengt tatt for lenge for ein film. Det hadde ikkje gjort noko å knipa inn nokre stader, sjølv når ein lagar stillferdig drama.

Publisert:

Film- og tv-anmeldelser

  1. Ikkje heilt konge

  2. Punken var visst ikkje død

  3. Absurd frå eit USA i forfall – men alle vil nok ikkje le

  4. Absurd, provoserende og originalt om sex-tape på avveie

  5. Går det an å både le og grina av kreft og tragedie? Absolutt

  6. Rørende og vakkert om kjønns­identitet

  1. Film- og tv-anmeldelser
  2. Anmeldelse
  3. Filmanmeldelse
  4. Film