SAKPROSA: Han kristna nynorsken

Jærbuen og Bjørgvin-biskopen Peter Hognestad har fått ein sympatisk og grundig biografi.

Peter Hognestad (1866-1931) er jærbuen som enda som biskop.
  • Tom Hetland
    Tom Hetland
    Kommentator, tidl. sjefredaktør i Aftenbladet
Publisert: Publisert:
Grade: 5 out of 6

Per Halse:

iconDenne artikkelen er over fem år gammel

Peter Hognestad. Språkstrid og heilag fred

473 sider

Samlaget

Peter Hognestad (1866-1931) er ukjend for dei fleste i dag. Langt fleire, i alle fall på Vestlandet, vil kjenna til salmane «Det hev ei rosa sprunge», «Leid, milde ljos» og «Fager kveldsol smiler», som Hognestad gjendikta til norsk.

I den nye biografien om Peter Hognestad viser Per Halse at Hognestad sitt bidrag til norsk kyrkje-, kultur- og språkhistorie er vel verd å trekkja fram i lyset.

Jærbuen som enda som biskop i Bjørgvin frå 1916 og fram til han døydde i 1931, medverka sterkt til at nynorsken vart akseptert som religiøst språk. Han var delomsetjar og redaktør for den første nynorske bibelen, han omsette gudstenesteliturgien til nynorsk, og saman med Anders Hovden og Bernt Støylen redigerte han Nynorsk Salmebok. I tillegg var han ein pioner i å bruka språket i preiker, undervisning og artiklar.

Språk for gudlause radikalarar

I eit Norge der kristendommen gjennomsyra samfunnet på ein heilt annan måte enn i dag, var den religiøse statusen avgjerande for at nynorsk skulle kunna etablera seg som eit likeverdig skriftspråk blant folk. Forfattaren Arne Garborg var kritisk til kyrkje og kristendom, men som målmann såg han det strategisk viktige i Hognestad sitt verk: «Du gjer her meir Gagn enn alle me andre,» skreiv han til sambygdingen og venen i 1904.

Blant kristenfolk langt inn i det som nå er dei nynorske kjerneområda vart landsmålet, som det den gongen heitte, lenge sett på som eit språk for gudlause radikalarar. Språkstriden vekte også sterkare kjensler enn i dag, både i bygd og by. «Kanske minst 90 % går fra kirken med en indre forbandelse fordi vi skal have maalstrævet til en saadan plage,» skreiv ein anonym bergensar til Hognestad då han hadde høyrt biskopen preika.

Dei fleste kyrkjeleiarane var både i språksaka og på andre område konservative støttespelarar for det etablerte. Dei som i dag kritiserer biskopar og prestar for å vera altfor politiske, skal vita at det er berre barnemat mot korleis det eingong var. I 1883 skreiv til dømes alle biskopane under på oppropet «Til Christendommens Venner i vort Land», ei skarp åtvaring mot å støtta Johan Sverdrups venstreparti i striden om parlamentarismen. Peter Hognestad var også konservativ i lærespørsmål, men ved å utfordra den gamle geistlege embetsmannseliten medverka han til å demokratisera både kyrkja og landet.  

Stort kjeldemateriale

Per Halse er prest og historikar frå Sunnmøre, og identifiserer seg med bakgrunnen og verdiane til Hognestad. I forordet stiller han spørsmål ved om det hindrar han i å skriva objektivt. Sympatien for Hognestad sitt prosjekt er tydeleg nok hos Halse, og her er ingen kritiske avsløringar. Hognestad var, med sin avbalanserte og smålåtne personlegdom, kanskje heller ikkje ein mann som var truande til å skapa skandalar.

Måten Halse har handtert det store kjeldematerialet sitt på står likevel til sterk karakter. Av og til kan det bli i grundigaste laget med dokumentasjon. Enkelte referat frå stortingsdebattar og teologiske diskusjonar kunne med fordel vore korta ned. Men alt i alt er boka velskriven, velredigert og godt lesande, både som biografi og som allmenn historie om ein periode med sterke kulturbrytingar. Det religiøse feltet si rolle i samfunnsutviklinga blir ofte undervurdert. Per Halse har vore med på å fylla eit hol i norsk historieskriving.

  • Sjå jubileumsgudstenesta med Peter Hognestads «landsmaal»-liturgi, hans omsette salmar og interessante talar frå biograf Per Halse og direktør Ottar Grepstad ved Nynorsk kultursentrum.

Les også

  1. Brør under brynja – Arne Garborg og Peter Hognestad

Publisert:
  1. Nynorsk
  2. Språk
  3. Kultur
  4. Kristendom

Mest lest akkurat nå

  1. Camilla stygt skada under handballkamp i Storhallen: – Dei tribunane skulle aldri ha stått der

  2. Nå skal flere tas

  3. Mange prøvde seg i konkurransen – nå er fem finalister klare

  4. Disse veiene stenges under Tour of Norway til helgen

  5. Storstilt hytteutbygging i Sandnes: Opnar for mange nye hytter i naturområde

  6. MC i trafikkuhell på Austrått