Alle ventar på Torvund

Helge Torvunds nye diktsamling "Alt brenner!" er eit resultat av eit fatalt barbesøk i Yorkshire, ein eksentrisk, leggbitande brite og ein time med Buddha på M44 på Bryne.

Publisert: Publisert:

Måndag skal Helge Torvunds nye diktsamling "Alt brenner" vera i butikkane. Torvund prøver så godt han kan å ikkje seia at det er hans siste. Foto: Torstein Lillevik

Torvund 03.jpg Foto: Torstein Lillevik

— Sist me snaktest – etter den førre diktsamlinga di "Alabama?" – sa du at den nok var di siste og at det ikkje kjendest viktig å skriva fleire dikt sjølv. Fire år seinare gir du ut ei tjukk og omfattande ny diktsamling. Kva gjekk galt?

— Det som gjekk galt, var at eg sat på ein bar.

— Ja, det kan jo gå veldig galt.

— Ja.

Akkurat denne iskalde januardagen når Aftenbladet møter han, sit ikkje Torvund på nokon bar, men i Garborgstova på Garborgsenteret på Bryne. På bordet framfor seg har han ikkje eit glas gyllen Ardbeg whisky, men ein kopp svart kaffi. Og diktsamlinga som skal vera i butikkane måndag er så fersk at ikkje ein gong forfattaren sjølv har fått noko fysisk eksemplar av henne. Men ho er skriven, det veit me begge.

Tilbake til Yorkshire

Me må tilbake til der det begynte. For der sat altså poeten frå Hå, med ein omfattande produksjon bak seg, stadige erklæringar om at han nok ikkje skal skriva fleire diktsamlingar, med ein så sterk pasjon for Yorkshire at han i år skal tilbake fem gonger, i ein bar i eit bygg på ei øy. Nærmare bestemt i Charlie's Bar på Waterton Park Hotel, i Wakefield, England.

— Det er eit litt spesielt hotell: Eit firkanta, gammalt bygg på ei bitte lita øy, knytt til fastlandet av ei smal gangbru, der brurepar liker å bli fotografert. Og der sat eg i Charlie's Bar, heilt aleine, og så skreiv eg, heilt ut av lufta: "Alle ventar på Charlie".

Desse fire orda skulle bli starten på eit dikt. Om brurepara på brua. Om utsikten mot fuglelivet i innsjøen frå panoramavindauga i bruresuiten Torvund og kona budde i. Om å eta andebryst. Om hegra – Torvunds favorittfugl – som lettar og kjem tilbake. Men ikkje om Charlie. Som Torvund på det tidspunktet ikkje ante kven var.

— Eg skreiv om å vera der. Om å sjå seg rundt, seier Torvund.

Kreativ raptus

Men viktigare: Dei fire orda skulle bli starten på ein kreativ raptus, der Torvund dei neste vekene skulle skriva minst eitt "Alle ventar på"-dikt til dagen. Til slutt skulle det bli 50 av dei. Til slutt skulle bli ein hovudbolk på nesten 90 sider i den nye samlinga, under overskrifta "Alle ventar".

— Eg har ikkje opplevd den typen langvarig inspirasjon sidan 80-talet. Og så i min alder! For meg var det verkeleg stas, seier Torvund, som også opplevde noko nytt då han sende dei nye dikta til redaktøren i Aschehoug.

— Redaktøren har alltid ein del kommentarar til tekstane mine, om ting som kan bli betre. Så også i denne samlinga. Men den einaste kommentaren som stod om "Alle ventar"-dikta, var: "Fantastisk!".

Tilbake til Charlie

Men før du får vita meir om "Alle ventar"-dikta, må me tilbake til Charlie. For sjølvsagt måtte Torvund finna ut kven Charlie var, sidan han nå hadde påstått at alle ventar på han. Charlie viste seg å vera Charles Waterton (1782 – 1865), den tidlegare eigaren av huset – Walton Hall – som i dag utgjer hovudbygget i hotellet Torvund budde på.

— Waterton var ein eksentrisk brite, som laga eitt av verdas første dyrereservat nettopp her, seier Torvund. Waterton er ei legende, men ikkje veldig kjent i Norge. Ein mann som David Attenborough har trekt Waterton fram nettopp som ein av dei første til å sjå verdien av natur og mangfald, og at mennesket også må bidra til å beskytta naturen. Waterton var ein av dei første til å protestera mot forureining; mot utsleppa frå ein lokal såpefabrikk. I tillegg reiste han til Sør-Amerika og skreiv ei reiseskildring derifrå – som framleis blir trykka i stadig nye opplag.

— Waterton reiste først til British Guiana, familien hadde eigedom i Demerara. Du får eit visst inntrykk av familien og biografien i og med at det står at tanta hans "Anne, who was out walking in Wakefield one day when a gentleman from Demerara met her accidentally and fell desperatley in love with her."

Charlie var sprø

Vel så viktig som Watertons merittar var følgjande viktig for Torvund og diktsamlinga hans: Charlie var sprø.

— Han stoppa ut dyr i rare positurar. Han klatra berrføtt i tre, og redda hegreungar som hadde ramla ned. Han spelte sin eigen butlar når han hadde selskap. Eller han leika hund og kraup rundt på golvet og beit gjestene i leggen, seier Torvund, og plukkar fram ei raud bok, Charlies biografi, der den fornemme og eksentriske adelsmannen er portrettmåla med eit utstoppa kattehovud på bordet framfor seg.

— Diktet om Charlie skulle jo ha handla om han, men gjer det ikkje. Til gjengjeld blei eg påverka av Charlie. Av at han var så sprø. Det gjorde meg sprøare i skrivinga. Eg dikta vilt. Eg gav faen, seier Torvund.

— Men før du sat der i baren og plutseleg skreiv "Alle ventar på Charlie", tenkte du altså ikkje at du skulle skriva ei ny diktsamling?

— Nei. Eller: Den historia er jo så god at me lar henne vera sånn, tenkjer eg.

Hortulan i myra

Dei 50 dikta om alle som ventar, handlar for ein stor del om verkelege menneske. Mest om musikarar, poetar eller biletkunstnarar. Andre handlar om den namnlause, eitt om ein fugl. Ein hortulan, ein fugl i buskspurvfamilien som Torvund aldri hadde høyrt om før.

— Men han finst i myra. Også etter skogbrannen, seier Torvund, og bringer dermed inn eit anna gjennomgåande motiv i diktsamlinga, nemleg at det brenn på så mange vis. Det brenn i skogen, folk brenn for ting, brennevinet brenn, begjæret flammar, det same gjer den morgonflammande himmelen, lidenskapen glødar.

— Her er mykje som brenn?

— Ja. Det er ei historie det også.

— Fortell.

— Ja. Det startar på Bryne.

Buddha på M44

Torvund var ein dag på Bryne, og gjekk inn på det ikkje akkurat litterære knutepunktet M44 for å kika litt på kva som kunne finnast av lyrikk på bokhandelen der.

— Og i hylla der stod ei lita, innbunden bok som heitte "Ein time med Buddha".

Torvund har tilbrakt ganske mange timar med Buddha-tekstar opp gjennom livet allereie, men tenkte han ville sjå på den vesle boka. Han plukka henne ut av hylla, slo opp på ei tilfeldig side, og øvst stod det: "Alt brenner".

— Det var heilt rett for meg der og då. Det var akkurat det eg trengte. Så eg kjøpe boka, og begynte å notera ned assosiasjonar til brann og brenning. Det tente rett og slett noko i meg, seier Torvund – og her får du ikkje ekstrapoeng for å oppdaga det finurlege språklege poenget i siste setning.

Totalprosjekt

Torvunds nye diktsamling inneheld rett og slett ein haug med dikt. Dette er ei langt tjukkare bok enn diktsamlingar ofte plar vera, og forlaget brukar store ord om henne, kallar det nærmast eit totalprosjekt.

— Eg føler denne boka summerer opp mange måtar eg har skrive på, men samtidig nokre nye. Nå må eg jo ikkje seia det eg plar seia, nemleg at nå kjem det ikkje meir frå meg. Men det er lett å seia at nå er eg ferdig, fesen, trøytt. Samtidig skriv eg jo framleis, og skal bruka alle kanalar for å lansera den nye boka, seier Torvund, som både er svært aktiv på Twitter og Facebook, men som også skal driva med tradisjonell opplesing, som på Garborgsenteret på Verdas poesidag 21. mars, og oppretta ei eiga nettside for diktsamlinga.

For å seia det forsiktig, er det sjeldan ei ny, norsk diktsamling sel ut og må trykkast i nye opplag. Men det skjedde med Torvunds førre bok.

— Dermed er det ei viss interesse også for denne nye?

— Eg håper jo det. Eg syns det er stas at det kan vera interesse for poesien. Sjølv om poesi ikkje sel mykje, opplever eg at folk møter opp, pluss at dei skriv til meg.

Trilogi

Når han ser tilbake, ser Torvund at mange av diktsamlingane hans kan sjåast som trilogiar. Så også "Alt er høy", "Alabama?" og "Alt brenner".

— Visste du at du skulle skriva ein trilogi då du begynte på "Alt er høy"?

— Nei. Eg visste det ikkje før eg såg a-en i "Alt brenner". Men det er jo ikkje mykje logisk eller rasjonelt over dette, seier Torvund, og sukkar nærmast:

— Det er jo mykje ein skulle hatt ugjort.

— Å? Går du rundt og angrar?

— Nei. Men ein ser jo i ettertid at det er enkelte ting som held mål. Så får ein fokusera på det.

Torvund meiner han med åra er blitt mindre redd. Bevares, det er nok av ting poeten er bekymra for, men det gjeld ikkje lenger for skrivinga.

— Eg er blitt meir og meir oppteken av å kjøra på, skriva i veg, ikkje vita kva eg gjer. Finurlege diskusjonar om kva poesien er kan vera meir eller mindre interessante, men eg har funne meg noko eg meistrar og liker å driva på med, ei blanding av leik og essens. Eg skriv i veg, legg ut på nett, så ser eg korleis det går. Men det er ein annan terskel for å putta dikt i ei bok.

— Då er det alvor?

— Ja, då er det alvor.

LES OGSÅ:

Publisert: