Reiseeventyr i russisk grenseland

SAKPROSA: Lett var det ikkje for Erika Fatland å toppa «Sovjetistan». Men det har ho gjort.

Erika Fatland er sosialantropolog og forfattar. «Grensen» handlar om ei reise langs den lengste landegrensa i verda, den russiske. Foto: Aasland, Jarle

  • Tom Hetland
    Tom Hetland
    Kommentator, tidl. sjefredaktør i Aftenbladet
Publisert: Publisert:

Grade: 5 out of 6
iconDenne artikkelen er over tre år gammel

Erika Fatland: Grensen. 624 sider. Kagge Forlag.

Erika Fatland frå Ølen hadde stor suksess med «Sovjetistan», ei reiseskildring frå dei fem «stan-landa» i Sentralasia. Boka fekk ekstra mange lesarar då ho velfortent vart plukka ut som «heile Rogaland les»-bok i fjor.

Nå lokkar Fatland lesarane med eit endå meir ambisiøst prosjekt. Denne gongen har ho reist langs den lengste landegrensa i verda, den russiske, og besøkt alle fjorten nabolanda pluss tre utbrytarrepublikkar. I tillegg har ho tatt båt gjennom Nordaustpassasjen. Over land har ho tilbakelagt 20.000 kilometer med alle slags transportmiddel, frå hurtigtog til hest.

Skuffar ikkje

Ho vil garantert ikkje skuffa sitt publikum. «Grensen» er om mogleg endå betre enn «Sovjetistan», og i alle fall meir mangfaldig. Nord-Korea og Norge har ikkje så mykje meir til felles enn at dei begge grensar til Russland.

Når lesarane har lagt boka frå seg, vil dei aller fleste vera samde om at det har vore ein gild tur.

Rett nok kan dei historiske gjennomgangane av og til verka litt turistbrosjyreaktige, sjølv om dei absolutt er nødvendige for å binda forteljinga saman. Fatlands filosoferingar omkring det å dela grense med Russland, som jo er den raude tråden i boka, blir heller ikkje særleg djupsindige. At Russlands naboland, kanskje med unntak av Norge, har hatt eit problematisk forhold til sin store granne, er vel kjent. Styrken i boka ligg i det konkrete, formidlinga av å vera i grenseland og kva det har gjort med menneske og samfunn.

Dreg lesaren med

Her utnyttar Erika Fatland sine kvalitetar som reiseskribent til fulle.
For det første har ho ei sjeldan evne til å dra lesaren med inn i reiseopplevinga. Ho byr på seg sjølv, for å bruka ein klisjé, og deler glede, forundring, uro og praktiske problem på ein måte som gjer at lesaren nesten kjenner seg som deltakar i Fatlands einslege reise.

Erika Fatland har store kvalitetar som reiseskribent. Foto: Tine Poppe

Kva ville du for eksempel ha gjort når det blir forventa at du bukkar for ein statue av diktatoren Kim Il-sung? Eller når sjåføren på ein audsleg veg i Kasakhstan begynner å stilla nærgåande spørsmål om sexlivet ditt?

God på menneske

For det andre er ho god på menneske, ein dyktig observatør og intervjuar med sans for den vesle, karakteriserande detaljen. Russiskkunnskapane hennar kjem ofte vel med.

Ho deler glede, forundring, uro og praktiske problem på ein måte som gjer at lesaren nesten kjenner seg som deltakar.

Gjennom dei over 600 sidene blir me kjende med eit uhyre variert persongalleri: superturisten som samlar på land, den nord-koreanske guten som må spørja læraren om det rette svaret på spørsmålet om kvifor han vil bli soldat, den brødbakande sjamanen og reinsdyrnomaden i Mongolia, den lyriske og drikkfeldige guiden i Georgia som stadig er på leiting etter mannen i sitt liv, etniske svenskar i Odessa som har levd eit hardt og dramatisk liv i Sovjetunionen, og til slutt Erika Fatlands eigen far, som frydar seg over å padla sisteetappen i kajakk på Pasvikelva. Og mange fleire.

Erika Fatlands reiseeventyr er blitt ei uvanleg velskriven og velredigert bok. Tjukk, men på ingen måte langdryg. Når lesarane har lagt boka frå seg, vil dei aller fleste vera samde om at det har vore ein gild tur.

Publisert:
  1. Litteratur
  2. Kasakhstan
  3. Mongolia
  4. Russland
  5. Nord-Korea

Mest lest akkurat nå

  1. E39 Rogfast: Sju entreprenører vil bygge Kvitsøytunnelen

  2. Stoltenberg: – Skolene er et stort dilemma

  3. Sandnes Ulf forsterker med eliteseriespiller

  4. Viking-kvinnene matcher seg mot gutter

  5. Sjokk i britiske medier over Harry og Meghans avsløringer

  6. 25-30 sykehjemsplasser foreslås nedlagt