Krigens danske dilemma

FILM: Velspelt dansk drama om å manøvrera seg gjennom krigens tre første år.

Publisert: Publisert:

Fabrikkeigar Skov (t.v.) får plutseleg besøk av ein sjarmerande tysk offiser. Fru Skov er ikkje sjarmert.

  • Jan Zahl
    Kulturjournalist
Grade: 4 out of 6

De forbandede år

Sjanger: Drama. Med: Jesper Christensen, Bodil Jørgensen, Patricia Schumann, Erik Madsen, Sylvester Byder, Gustav Dyekjær Giese, Anders Heinrichsen. Regi: Anders Refn. Danmark, 2020. 2 timar, 32 minutt.

Samarbeider eller slåst du, er du prinsipiell eller pragmatisk, når landet ditt blir okkupert av ei framand makt? Då danske Jesper Christensen spelte kong Haakon i kritikar- og publikumssuksessen «Kongens nei», handla det om norsk motstandskamp og til slutt eit kongeleg nei til tyskarane.

Når Jesper Christensen i «De forbandede år» – som blei ein stor publikumssuksess i Danmark – spelar fabrikkeigar Skov, handlar det framfor alt om dansk tilpassing. Heilt frå den rekordraske kapitulasjonen og den danske kong Christians oppfordring til danskane om å opptre verdig mot tyskarane og til korleis ein borgarleg og betrestilt familie handterer situasjonen frå sin fornemme villa i Strandvejen.

Eit moralsk menneske

Fabrikkeigaren er i utgangspunktet eit godt og velmeinande menneske. Han vil ikkje produsera for den tyske krigsmaskinen. Han føler eit ansvar for sine tilsette og familiane deira.

Men kva skal han gjera når økonomien ikkje lenger går opp? Når eit samarbeid med tyskarane er den einaste måten å redda drifta på? Når alternativet er å seia opp alle arbeidarane, ikkje berre dei 30 han sende på døra i første runde? Skal han lytta på si prinsippfaste kone, som rett nok har vakse opp i stor rikdom og ikkje aner kva ho snakkar om når ho seier at arbeidarane alltids vil klara seg om fabrikken må stengast?

Og kva med dei unge, vaksne barna, som vel ulike sider i konflikten? Der den eine vervar seg for tyskarane, den andre blir sabotør, den tredje forelskar seg i ein sjarmerande tysk offiser og den fjerde berre spelar jazz.

Nest eldste son vil ikkje sitja passiv og sjå på at Danmark blir lagt under tyskarane. Foto: Henrik Petit

«De forbandede år» lukkast gjennom eit godt manus – forfatta av veteranane Anders Refn (77) og Flemming Quist Møller (78) – og svært godt skodespel å få fram mange av dei dilemma ein familie kunne bli stilt ovanfor under okkupasjonen. Utan å bli moraliserande. Tidvis litt klisjémessig. Men utan å bli einsidig – sjølv om me i dag jo kjenner fasiten. Ein fasit som ikkje fanst i 1942, mens Tyskland hadde framgang på alle frontar og det kunne sjå ut som om okkupasjonsmakta ville vinna heile krigen. Korleis overleva då? Korleis posisjonera seg best mogleg for tida etter krigen, som sett frå Strandvejen må vera rett rundt hjørnet?

Filmen lukkast også i å portrettera naiviteten og den manglande evna og viljen til å sjå kva som faktisk går føre seg. Skov og hans like insisterer på at dei forferdelege tinga umogleg kan skje i Danmark – sjølv når dei faktisk skjer rett framfor auga deira.

Krigen sett frå Strandvejen

Dette er ikkje ein krigsfilm i den forstand at me blir med ut på slagmarka, til konsentrasjonsleiren eller til den utbomba byen. Synsvinkelen ligg konsekvent hos familiemedlemmene, og dermed stort sett i Strandvejen og omland, med ein liten avstikkar til Trondheim. Sånn sett blir det mykje snakk om det som skjer ute i den store verda, heller enn at me får sjå det, som filmmessig sett jo er litt buss for tog og bryt med maksimen om å «show, don´t tell». Tidvis kan det kjennast litt langt.

Det er ikkje eit veldig ærerikt portrett av Danmarks tilnærming til den tyske okkupasjonen. Det einaste av dei nordiske landa som kjem dårlegare ut her, er nøytrale Sverige, representert med eit par grådige næringslivsmenn som berre har blikk for alle pengane dei nå kan tena. Og når forretningsmennene møtest over ein sigar og ein konjakk i herreklubben, ser dei med gru på Norges situasjon.

I herreklubben er dei mest opptekne av korleis dei kan tena pengar under krigen.

Når slutten plutseleg kjem etter to og ein halv time, kjennest han både brå og uavslutta. Forklaringa er at dette berre er første film av to. Så korleis det til slutt går med familien Skov, får me ikkje vita før i 2021.

Publisert:

Mest lest akkurat nå

  1. Buffet -og kantineforbud oppheves

  2. Bompenger i Ryfast utsatt - igjen

  3. 11 måtte snu i døra på Stavanger lufthavn

  4. Så lett er det å kjøre elsparke­sykkel på en annens regning

  5. – Det vil bli daglige kontroller flere steder

  6. Tre skadet i ulykke på hengebroa: – Har gått mye bedre enn vi fryktet

  1. Anmeldelse
  2. Jesper Christensen
  3. Drama
  4. Film
  5. Filmanmeldelse