Fantastisk bok om forsoning og politisk oppvaking

BOK: Provet på at essayet kan vere gripande lesing.

Publisert: Publisert:

Edouard Louis har fått mykje skryt for romanane sine. Nå får han det også for sitt nye essay. Foto: Fin Serck-Hanssen

  • Kristin Auestad Danielsen
    Forfattar og dramatikar
iconDenne artikkelen er over ett år gammel

Grade: 6 out of 6

Édouard Louis: Hvem drepte faren min. Essay. 76 sider. Omsett av Egil Halmøy. Aschehoug.

Denne unge franske forfattaren har fått svært gode kritikkar for alle bøkene sine her i Noreg. Ei av dei få kritiske røystene var Kjartan Fløgstad, som skulda forfattaren for klasseforakt i debutromanen «Farvel til Edouard Bellegueule», fordi hovudpersonen som feminin homofil redda seg sjølv ved å reise frå arbeideklasse-bakgrunnen sin og inn i eit urbant og borgarleg miljø.

Kanskje dette essayet kan vere eit forsonande tilsvar til Fløgstads kritikk. For her er det ikkje arbeiderklassemiljøet som er fienden, men staten Frankrike.

Eg opplever at essayet Louis har skrive er kroneksempelet på korleis ein kan sjå på si eiga nære historie utan å dømme nokon. Vi møter sonen, med sin femininitet som ein hemsko, og med sin intellektuelle kapasitet som faren er stolt av. Vi møter faren og den øydelagde kroppen hans etter mange års hardt fysisk arbeid.

Boka blir kalla eit essay. Det bør ikkje skremme bort lesarar som ønsker seg ei gripande lesaroppleving. Dette er eit nært portrett av ei forsoning mellom far og son. Louis viser fram både korleis faren skammar seg, er sint og dømmande framfor sonen. Men når alt kjem til alt er faren på lag med sonen.

Eit døme er når Louis blir skulda for å ha stole ein mobil. Faren blir sint og fortel sonen kor mykje han skammar seg over han og gir han ein lusing. Men framfor politiet viser faren kor lojaliteten ligg, her forsvarer han sonen på overraskande vis:

“Du sa at jeg kom til å bli lærer når jeg ble stor, eller en betydningsfull lege. (…) Du fortalte dem at du var stolt av meg. Du fortalte dem at du aldri hadde møtt et så intelligent barn som meg. Jeg visste ikke at du tenkte alt dette om meg (at du var glad i meg?).”

Eg opplever dette som svært vakker og rørande lesing. Kvar setning i boka er eit ønske om å knytte seg til ein far. Vise fram episodar som er fulle av kjærleik, og eit ønske om å knytte seg til sin næraste og svært fattige familie

Louis skildrar korleis dei forskjellige reformane som blei gjennomførte i Frankrike gjorde at levevilkåra til faren blir forverra og som difor forverrar vilkåra for ein mann som gjer det han kan for å forsørge familien. Sånn sett peiker Louis oppover i systemet og viser korleis ein stat kan øydelegge eit menneske og difor også ein barndom.

Publisert:

Mest lest akkurat nå

  1. Politiet fant kokain hjemme hos Petter Northug etter at han hadde råkjørt i 168 km/t: – Har gjort en stor feil

  2. Arbeidsgiver TV 2 skal diskutere fremtiden med Northug: – Dette er en alvorlig sak

  3. Mot morens vilje sendte Eva (21) inn sitt DNA for å finne hennes amerikanske opphav

  4. Jakob Ingebrigtsen etter fantomløpet på 1500 meter: ­– Helt sykt og ekstremt deilig

  5. Aldri har hasj vært sterkere. Den erstattet sex, mat og venner for Anne (20). Til slutt turte hun ikke gå ut

  6. Høiland fikk tøff beskjed av Berntsen

  1. Litteratur
  2. Bokanmeldelse
  3. Bøker
  4. Anmeldelse