Bad boys i Napoli

FILM: God, men litt for lang og seig, film om ungguttar som prøver å bli vaksne mafiosi litt for fort.

Publisert: Publisert:

«Camorraens barn» handlar om ein gjeng unggutar i Napoli som prøver å bli tøffe mafiosi.

Grade: 4 out of 6 stars

CAMORRAENS BARN

Originaltittel: La paranza dei bambini. Sjanger: Action/Drama/Gangsterfilm. Med: Francesco Di Napoli, Artem Tkachuk, Alfredo Turitto, Viviana Aprea, Valentina Vannino, Ciro Vecchione, Ciro Pellecchia, Mattia Piano Del Balzo, Pasquale Marotta, Luca Nacarlo, Carmine Pizzo. Regi: Claudio Giovannesi. Nasjonalitet: Italia, 2019. Lengde: 1 t. 45 min. Aldersgrense 15 år.

15 år gamle Nicola (Francesco Di Napoli) bur i bydelen Sanitá i Napoli saman med mora og veslebroren. Kvar månad ser han mora måtta betala ein gjeng bøller som møter opp for å krevja inn «beskyttelsespengar» frå vaskeriet ho driv, akkurat som alle dei andre som driv næring i bydelen.

Nicola og kompisane er som tenåringar flest. Dei prøver å vera tøffe, men kjem ikkje inn på discoteket. Dei er for unge, har ikkje kule nok klede, har ikkje pengar.

Samtidig ser dei kriminelle ganstarar frå familien som kontrollerer bydelen gå forbi, tena pengar, ha drag på damene. Så ein dag bestemmer Nicola og kompisane seg for at også dei skal bli bad boys. Ein dag bestemmer dei seg endåtil for å prøva å ta kontrollen sjølv. Nicola forelskar seg endåtil i ei jente frå ein annan bydel, der ein annan gjeng har kontrollen. Romeo og Julie går visst aldri av moten.

«Camorraens barn» er dels basert på ei bok av den italienske journalisten og forfattaren Roberto Saviano, som er ekspert på den italienske mafiaen. Han kan dette stoffet ut og inn, og skildringa av dei unge gutane, av kor dei kjem frå og av mafialogikken, er truverdig og skremmande.

Kan det gå bra når unggutane skal prøva seg som tøffe menn?

Likevel er det som om me ikkje kjem heilt under huda på desse ungguttane. Og tidvis går det litt for seigt og kjedeleg framover. Her er masse flotte bilete frå Napolis tronge gater, men ein kunne med fordel ha kutta eit kvarter.

Går det bra til slutt? Blir jyplingane til menn, lever dei lenge og lukkeleg i landet, er den kriminelle løpebanen vegen til lukke? Vel, du treng knapt sjå filmen for å vita svaret på akkurat det.

Publisert: