Barn og unge ser ikkje på tv

HAUGESUND: Barn og unges mediebruk er så radikalt ulik det foreldra og besteforeldra vaks opp med at det knapt er til å fatta. Nå lagar Kulturdepartementet ei eiga kulturmelding for barn og unge.

Publisert: Publisert:

Er Emil Bergquist Pedersen, betre kjent som «Nyhrox» vår nye Therese Johaug, sportshelten for kids? Foto: Epic Games / TT NYHETSBYRÅN

  1. Leserne mener

– Kor mange av dykk kjenner han her, sa Nils Petter Strømmen frå Kantar, tidlegare kjent som TDS Gallup.

På storskjermen bak han på Byscenen i Haugesund dukka det opp eit bilete av ein smilande ungdom med brunt hår. Ingenting tyda på at veldig mange av dei godt vaksne deltakarane på den filmpolitiske konferansen om ungdomskultur i framtida heller visste kven dette var.

– Han heiter Emil Bergquist Pedersen, sa Strømmen.

Det gjekk ikkje noko lys opp for nokon i salen.

– Kjent som «Nyhrox», sa Strømmen.

Framleis ingenting.

– Han er 16 år, han er sannsynlegvis ein av dei best kjente nordmennene i verda akkurat nå, for han vann akkurat VM i e-sport i Fortnite Duo. Han kom heim med ein premie på 13 millionar kroner, sa Strømmen, såg ut over forsamlinga og la lakonisk til:

– Så der har de ein indikasjon på kva me skal leva på etter Therese Johaug.

Digitalisert ungdom

Rundt om i heile verda sit vaksne menneske og klør seg i hovudet - og kanskje til og med riv seg i håret - over ungdommen nå til dags. For kva er det dei fyller tida si med? Kva er dei eigentleg interesserte i? Kvifor ser dei ikkje Dagsrevyen? Kvifor ser dei ikkje ein gong barne-tv på NRK? Kvifor les dei ikkje aviser? Går dei på kino?

Kantar har undersøkt barn og unges mediebruk, og funna viser ein radikalt endra mediebrukskvardag, samanlikna med bare få år sidan.

– Lineært tv er i fritt fall, sa Strømmen, og viste fram ei bratt kurve på lerretet. Frå 2010 til 2018 gjekk talet på minutt brukt på lineært tv ned med 65 prosent for ungdom mellom 12 og 17, og med heile 67 prosent for barn mellom 3 og 11.

Mens ein norsk tenåring i 2010 brukte 113 minuttar kvar dag på å sjå tv-program mens dei blei sende - altså lineært tv, brukte dei 40 minuttar kvar dag i 2018. Og kor blir dei «ledige» tv-minutta av? Jau, dei blir i stor grad brukt på gaming og utanlandske strømmetenester. Og på den suverene ungdomstoppen ligg Youtube, som over ni av ti ungdommar er innom kvar veke, mens sju av ti ser på Netflix. Rundt kvar fjerde ungdom strømmer innhald frå NRK eller VG kvar veke.

Og til den vaksenpersonen som måtte bekymra seg for kva ungdommen ser på når dei først ser norsk innhald. Den suverene vinnaren er «Ex on the beach». Som tre prosent ser på tv når det går på tv, tre prosent ser i opptak - og 95 prosent strømmer.

Levande bilete

– Ungdom ser meir enn fire timar levande bilete kvar dag. Dei bruker meir enn tre timar på internett kvar dag. Fleire unge seier dei bruker for mykje tid på nett, sa Strømmen.

59 prosent av gutar mellom 3 og 11 år spelar dataspel, mens 51 av jentene gjer det same - mest fordi dei spelar dataspel på telefonen. Mest populært blant dei minste er Minecraft, Fortnite og Roblox.

Blant 12–17-åringane er det eit tydelegare kjønnsskilje. 72 prosent av gutane gamar kvar dag, men «bare» 40 prosent av jentene.

Ung kulturmelding

I dette landskapet skal Kulturdepartementet prøva å laga ei eiga kulturmelding for barn og unge. Kulturminister Trine Skei Grande hadde dratt frå Haugesund, men sa på videohelsinga si til salen at målet er å finna måtar å sikra at barn og unge har tilgang på kultur- og medieinnhald av høg kvalitet.

– Unge er den generasjonen som ser mest levande bilete. Dei har ein enorm tilgang, både på god og dårlig kvalitet, sa Skei Grande.

Og Strømmen frå Kantar stadfesta at alt innhaldet norske barn og unge faktisk er interesserte i og ser på neppe lever opp til Kulturdepartementets definisjon av kvalitet. Og når norske barn og unge får storparten av innhaldet sitt frå utanlandske kjelder, «ingen» unge ser Dagsrevyen, les aviser eller interesserer seg for nyheiter, har det også konsekvensar for demokratiet som forskaren meiner det er verdt å reflektera over få veker før eit nytt val.

Han avslutta med å visa fram ei anna ingen av oss i rommet hadde høyrt om. Men 17 år gamle Zara Cecilie Leite har altså 270.000 følgjarar på TikTok - ein kinesisk app ingen hadde høyrt om for eitt år sidan, men som kvart tredje barn nå bruker. @zaracecilie er kjempepop blant 12 år gamle jenter, som elskar dei 15 sekund lange videoane hennar.

Kor trur forskaren me er på veg? Mot meir og meir Youtube - eller liknande - mot meir levande bilete og stadig kortare format.

Publisert: