Sex, løgner og ein videosnutt

BOK: Morosam, innsiktsfull og litt uryddig bok om skandalane som skaper stort oppstyr, men små varige konsekvensar.

Publisert: Publisert:

VG-sjef Gard Steiros retrett etter videosnutten med Trond Giske viser at heller ikkje media kan tillata seg kva som helst. Foto: Stian Lysberg Solum

  • Tom Hetland
    Kommentator, tidl. sjefredaktør i Aftenbladet

Grade: 4 of 6 stars

Kim Arne Hammerstad: Politiske skandaler – Sex, korrupsjon og maktkamp. Res Publica. 266 sider.

Er det fleire skandalar i politikken nå enn før? Kanskje, men det er ikkje sikkert. Derimot er det ikkje tvil om at me i dag får vita om skandalar som tidlegare ville blitt tolererte eller dyssa ned. Mediedekninga er blitt meir nærgåande, og grensene mellom den offentlege og den private sfæren er blitt mindre tydelege. 

Frå 1980-talet aukar omtalen av politiske skandalar kraftig. Er det tilfeldig at dette også er det første tiåret med ei presse som hadde frigjort seg frå partipolitiske bindingar, der ein konsekvens kan ha blitt at pressa la meir av sin kritiske energi inn i dekninga av det politiske spelet, meir enn sakene og verdiane? Og at «tabloidiseringa» av media og politikk senka terskelen for å spela på vår fascinasjon for sjokk, sladder og skadefryd?

Flest i Frp

Kim Arne Hammerstad har studert 41 politiske skandalar i Norge i etterkrigstida og prøvd å finna mønster. Me får blant anna vita at 29 menn og 12 kvinner har hamna i skandalesaker, og at Frp toppar lista med 12 skandalar, tett følgt av Ap og Høgre med 11 kvar.

Nå er slike rangeringar naturlegvis avhengige av utvalet. Hammerstad har for eksempel ikkje teke med Venstre-leiar Trine Skei Grandes åkereventyr i Trøndelag. Ein av dei mest spektakulære og omdiskuterte skandalane i nyare tid, LO-leiar Gerd-Liv Vallas fall i 2007, er heller ikkje nemnd, sidan forfattaren har avgrensa seg til folkevalde politikarar. Valla hadde likevel ei fortid som Ap-statsråd og sat i sentralstyret til partiet. Den verkeleg store skandalen i etterkrigstida, Kings Bay-ulykka i 1962 som kosta 21 gruvearbeidarar livet og som førte til at Einar Gerhardsens regjering måtte gå av året etter, passar heller ikkje inn i forfattarens kriterium. Her skurrar det etter mitt syn.

Når det er sagt, skal Hammerstad ha ros for å formidla mykje viktig innsikt i ei lettlesen og  underhaldande form. Han identifiserer ulike typar skandalar og studerer korleis dei er blitt handterte. Konklusjonen er ikkje overraskande at det som regel lønner seg å leggja seg flat med det same. For all del må ein la vera å lyga seg ifrå det.

Trond Giske har opplevd stadig nye skandalerundar - vil han likevel kunne vende tilbake til toppen? Foto: Rune Stoltz Bertinussen

Forfattaren har gode observasjonar omkring samspelet mellom politikarar og media på «skandalenes markedsplass», der etikken lett blir sett på prøve i jakta på sexy oppslag. For skandaleramma politikarar har det vore vanskeleg å stå imot eit mediedrev, men VGs retrett etter videosnutten med Trond Giske viser at heller ikkje media kan tillata seg kva som helst. Interessant nok trur forfattaren at det i framtida kan oppstå ein allianse mellom politikarane og etablerte medium mot trusselen frå falske skandalar, som det truleg berre er eit tidsspørsmål før me får sjå her i landet òg.

Folk gløymer og tilgir

Hammerstad lanserer den nye kategorien «pratskandalar», det vil seia uforsiktig og provoserande tale som skaper politiske reaksjonar og konsekvensar. Eit eksempel er Sylvi Listhaugs Facebook-innlegg mot Ap i 2018 som førte til at ho måtte gå som justisminister. Eg slit litt med å kalla dette ein «skandale», det er heller eit uttrykk for at debattklimaet, særleg på sosiale medium, er blitt hardare, meir polarisert og emosjonelt lada.

Eit tankekors er det at all mediestøyen omkring dei politiske skandalane synest å gjera lite inntrykk på veljarane. Svært sjeldan blir eit parti synleg svekka av ein skandale, og når det skjer, er det oftast fordi partiet er i trøbbel frå før. Folk flest er tydelegvis rausare med å tilgi menneskelege feilsteg enn det media er, slår forfattaren fast.

Og folk gløymer. I alle fall var det fleire av dei 41 sakene som låg langt bak i mitt hovud. For den som vil friska opp minnet, gir boka dermed eit godt og oversiktleg resymé.

Ein del smårusk burde ha vore luka ut i redigeringa. Trond Birkedal blir delvis omtalt som Birkeland, Arne Haugestad i Folkerørsla mot EF som Haugstad. Nils Mugaas var ikkje personaldirektør i Postsparebanken, men i staten. Senterpartiets stortingsgruppe meinte neppe at statsminister Per Borten var uverdig deira tillit under lekkasjekrisa i 1971. I omtalen av Medhaug-saka i KrF i 2003 burde det vel også i rettferds namn vore nemnt at Jan Birger Medhaug seinare gjorde comeback i lokalpolitikken, nå som medlem av Høgre.

Publisert:

Mest lest akkurat nå

  1. Gutt (16) omkom i ulykke hjemme

  2. Arbeidsuhell på Ullandhaug

  3. FNB-leder Myrhol tjener mer enn statsministeren

  4. – Jeg ble utnyttet av Eddi Eidsvåg

  5. Lagt merke til gult støv i vannkanten i pinsen?

  6. Tvangsvedtak opphevet – rådmannen sa ingenting

  1. Anmeldelse
  2. Bokanmeldelse
  3. Sakprosa
  4. Politikk