I over 30 år har frivillige jobba med det tyske krigsflyet. No er det klart

32 år. 26 000 dugnadstimar. No er det 80 år gamle jagarflyet ferdig restaurert.

Publisert: Publisert:

Jagarflyet Messerschmitt Bf 109 står klar til utstilling på Flyhistorisk museum. Foto: Egil Endresen

  • Marie Håland
    Journalist

Natt til 16. desember 1988 kom det noko uventa opp frå sjøen ved hamna i Sirevåg. Det va noko som hadde sete seg fast i reketrålaren til fiskarane Valdemar Vervik og Ola Fiskå. Ingen reke eller fisk. Det var noko veldig mykje større enn som så.

Les også

Hva skjedde med jagerflyet som ble funnet på 300 meters dyp på Jærhavet? Etter 30 år faller bitene på plass

Det viste seg å vere restane av eit tysk jagarfly av typen Messerschmitt Bf 109, og nærare bestemt midtre del av skroget og vingane. Flyet fekk kome inn i varmen til Flyhistorisk museum på Sola, og der har ein gjeng frivillige teke godt vare på det.

Førre veke vart 32 år med jobbing ferdig. Flyet og resultatet er endeleg klart for publikum.

– Det har vore ein stor eigeninnsats, og det har vore veldig interessant å jobbe med.

Reketrålaren «Luma» fekk ein spesiell fangst i 1988. Det har vore litt av ein jobb å restaurere det. Foto: Geir Sveen

Det seier prosjektleiar Kjell Naas. Nokon frivillige har kome og gått, men sjølv har han vore med heilt frå start. Det har teke lang tid å skaffe nye delar, og det har vore ein stor jobb å restaurere det gamle flyet.

– Det er eit unikt og ikonisk fly. Det har vore meir enn 30 000 produserte, men då det kom opp var det berre 5–6 av det igjen i verda.

Kan ikkje fornekte historia

Sidan det er eit tysk krigsfly frå andre verdskrig så er det naturleg nok printa med det nazistiske hakekorset. Det meiner Naas burde vere heilt greitt.

– Det har vore lite kommentarar på det, men nokon har prøvd å seie noko på det. Då er mitt svar at alle kan like eller mislike historia, men me kan ikkje fornekte ho.

Restaureringa har ikkje kosta meir enn ein halv million, og Naas trur det er den billigaste restaureringa som har vore gjort.

Les også

No er Braathens-flyet pensjonert

Egil Endresen, styreleiar i Venneforeningen Flyhistorisk museum, er veldig nøgd med arbeidet alle dei frivillige har gjort. Spesielt er han imponert over Naas.

– Kjell har gjort ein utruleg jobb, og stått på i over 30 år. Det er ikkje mange som orkar å halde på sånn med så stor entusiasme over så lang tid, seier han og legg til:

– Dei fleste kommentarane me har fått frå folk er at dei applauderer all jobben som har blitt gjort frå dei frivillige.

Best restaurert i samlinga

For flymuseet er dette flyet ganske så vesentleg, og det er eit av dei meir ikoniske jagarflya frå 2. verdskrig. No er det er eit av dei mest kjente flya museet har, ifølgje Endresen.

– Me ønskjer å formidle historia til Sola flyplass og det som har skjedd der gjennom åra. Dei fem åra tyskarane styrte flyplassen er viktig for historia. Denne flytypen kom antakelegvis til Sola 9. april 1940, og har vore ein tydingsfull maskin gjennom heile krigstida, seier Endresen.

Også han har venta lenge på at flyet skulle bli klart.

– Det er veldig kjekt at det no har blitt ferdig. Dei har gjort ein grundig jobb med flyet, så det er komplett i alle baugar og kantar. Det er det flyet som er best restaurert i samlinga vår. Me er veldig glade for å ha det.

Publisert:

Mest lest akkurat nå

  1. Disse videregående skolene er mest populære i år

  2. – Jeg må si jeg blir betenkt hvis dette skal bli vanlig i naustmiljøene i fylket

  3. Kriseplan for cupen er klar

  4. Fikk 15.000 i bot for promillekjøring på el-sparkesykkel

  5. Ny E6 i Sokndal åpner for trafikk i morgen

  6. Nå øker smitten i Italias suksessregion. Superspreder får skylden

  1. Sola
  2. Krigshistorie
  3. Fly
  4. Jærmuseet