Dra til Haugesund på teater!

TEATER: Haugesund teaters versjon av «En midtsommernattsdrøm» er definitivt verdt ein tur over Boknafjorden.

Publisert: Publisert:

Bjarte Eike (t.v.) er både musikar og skodespelar i «En midtsommernattsdrøm», mens Ane Skumsvoll både er hertug og alvekonge. Foto: Grethe Nygaard

  • Jan Zahl
    Kulturjournalist
Grade: 5 out of 6

En midtsommernattsdrøm

Haugesund teater, Staalehuset. Av: William Shakespeare. Manus og regi: Erlend Samnøen. Scenografi: Olav Myrtvedt. Komponist og musikalsk ansvarlig: Bjarte Eike. Kostymedesign: Solveig Holthe Bygdnes. Skodespelarar:  Gunnar Eiriksson, Inga Ibsdotter Lilleaas, Ane Skumsvoll, Stine RobinKristian Berg Jåtten, Victoria Ose, Erle Øyordsbakken/Johanne E. Østebøvik. Musikarar: Bjarte Eike, Steven Player, Hans Knut Sveen, Helge Andreas Norbakken, Fredrik Bock, Johannes LundbergPer BuhreThomas Guthrie, Snorre Bjerck. Lengde: 2 t, 40 min inkl pause. Blir spelt i helgene t.o.m. 10. nov.

Sidan slutten av august er William Shakespeares mest spelte komedie sett opp tre gonger bare i Rogaland. Utandørs og på originalspråket på Utstein kloster i august, på Hovedscenen på Rogaland teater i september og nå, altså, på Staalehuset i Haugesund, i regi av Haugesund teater.

Ein skulle dermed kanskje tru at det blei litt kjedeleg å sjå nok ein versjon av det same stykket, men nei. Ser du midtsommarnattsdraumen både i Stavanger og Haugesund, oppdagar du tvert om at teatrets styrke nettopp er at ein kan gjera det same stykket på heilt ulike måtar.

På Tønneloftet i Haugesund er det ingen avansert sceneteknologi. Men lokalet ligg nok tettare på 1600-talsromma Shakespeare opphavleg blei spelt i enn dagens moderne teater. Foto: Grethe Nygaard

Rått lokale, tett på publikum

Mens Rogaland teater sette opp sin versjon på Hovedscenen, i sin djupraude teatersalong der sceneteknologien kan få både menneske og kulissar til å fly, er scenen i Haugesund eit 100 år gammalt tønneloft med trebenker og rått tømmer. Sannsynlegvis liknar dette rommet meir på lokala stykket opphavleg blei spelt i. Publikum sit tett på scenen, kontakten mellom sal og scene blir oppretta frå første stund. Musikalsk leiar Bjarte Eike forklarer med eit smil kva som skal skje, at me skal få sjå ei framsyning inspirert av hendingar i England på 1600-talet.

Det heile startar med eit vorspiel. Med at Eikes musikkensemble går på scenen og spelar, showar og fyrer opp publikum på ein måte du aldri har tenkt om barokken. Etter sju minuttars forspel står stemninga blant publikum allereie i taket. Barokksolistene skal spela (sic!) ei nøkkelrolle gjennom dei neste timane. Dei er orkester, alvar, songarar, dansarar, skodespelarar og showmenn - på skyhøgt nivå. Barokksolistene er hylla av britiske The Times og The Guardian, av skotske The Scotsman - og med dette også av norske Stavanger Aftenblad.

Det er ikkje bare fest og moro, men også øm og poetisk kjærleik mellom Hermia (Inga Ibsdotter Lilleaas) og Lysander (Gunnar Eriksson). Foto: Grethe Nygaard

Barokk stemning

Men skulle ikkje dette vera eit teaterstykke, av sjølvaste Shakespeare? Jau. Snart dukkar skodespelarane opp på scenen, som eigentleg ikkje har annan koreografi enn eit bakteppe med eit naturmotiv frå barokken. Ane Skumsvoll er Thesevs, hertug av Athen, i barokt kostyme og hår. Men ho/han snakkar jo ikkje shakespearesk? Ho bannar og styrer og grapsar og geiper, og når Shakespeares tekst omsider dukkar opp, er det nærmast som sitat. I staden for å framføra heile Shakespeares tekst har Erling Samnøen plukka sekvensar, heldigvis sekvensar som kan vera både poetiske, vakre og vare, ganske særleg mellom dei elskande unge. Dette er fine kontrastar til den barokke partystemninga som pregar mykje av oppsettinga, for her er i sanning både høgt og lågt, poesi og underbuksehumor om kvarandre.

Samnøen har altså følt seg veldig fri i å endra på originalen. Her er både utelate og lagt til i rikt monn. Eselet Titania blei forelska i i Stavanger er i Haugesund ei geit. Den lukkelege løysinga til slutt er ganske radikalt anleis og moderne enn Shakespeares original. Her står ingen djevelsk Puck på rollelista - det nærmaste me kjem den rolla er fiolinist Eike.

Det einaste grepet eg ikkje heilt kjøper, er ein mislukka komponist - Kolbein Purcell - som kjem inn fleire gonger. Det blir litt for lenge litt for lite morosamt og uklart kva han gjer her.

Kristian Berg Jåtten frå Stavanger spelar Demetrius, ein av dei unge athenarane som får komplisert kjærleikslivet sitt ganske grundig. Foto: Grethe Nygaard

Hemningslaust publikumsfrieri

Det unge skodespelarensemblet imponerer også, der dei varierer mellom fest, drama, kjærleik - både øm og patetisk - komedie og musikk.

«En midtsommernattsdrøm» på Haugesund teater er eit hemningslaust publikumsfrieri. Det er folkeleg Shakespeare - men på høgt nivå. Likte du Rogaland Teaters versjon på Hovedscenen, bør du unna deg ein tur over Boknafjorden. Men ver rask, for denne festframsyninga blir pussig nok bare spelt sju gonger.

Publisert:

Mest lest akkurat nå

  1. Vil kaste Bandidos ut fra hus i Hillevåg

  2. Kjørelærer: – Mange må vente for lenge på å få kjørt opp. Nye bestillingsregler bidrar til kaos

  3. Bytyqis drømme­scoring reddet ett Viking-poeng

  4. Viking-børsen: To kjemperedninger fra Iven Austbø

  5. Savnet mann i Sandnes funnet - framstår som uskadd

  6. Turistforeningen fra­råder populær tur ved Lysefjorden

  1. Teater
  2. William Shakespeare
  3. Haugesund
  4. Anmeldelse
  5. Teateranmeldelse