Kaoset etter den snille nordmannen

SAKPROSA: Norge ville så mykje bra i Afghanistan. I staden vart det verre.

Publisert: Publisert:

Medaljeseremoni på Gardermoen militære flystasjon for dei siste norske styrkane som har avslutta sitt oppdrag i Faryab provins i Afghanistan i 2012. Foto: Varfjell, Fredrik / NTB scanpix

  • Tom Hetland
    Kommentator, tidl. sjefredaktør i Aftenbladet
iconDenne artikkelen er over ett år gammel

Grade: 5 of 6 stars

Anders Hammer: Faryab. Arven etter Norge. 220 sider. Forlaget Press.

Frå 2001 til 2014 tenestegjorde 9000 norske militære i Afghanistan, som vårt bidrag til «krigen mot terror». Frå 2005 til 2012 hadde Norge eit hovudansvar for å stabilisera situasjonen i Faryab-provinsen nordvest i landet. Innsatsen kosta 12 norske menneskeliv, eit ukjent tal afghanske,  og 20 milliardar kroner.

Kva står att etter nordmennene i Faryab? Anders Hammer, Norges mest kompetente Afghanistan-journalist med over seks års fartstid i landet, har vendt tilbake til provinsen og forsøkt å gjera opp status.

Anders Sømme Hammer kjenner Afghanistan betre enn dei fleste.

Den er ikkje oppmuntrande. Under lesinga har eg fleire gonger tenkt på ei setning frå Graham Greenes Vietnam-roman «Den stillferdige amerikaneren»: «Aldri har jeg kjent en mann som hadde mer aktverdige motiver for alt det bråket han fikk i stand.»

Ambisjonane var så høge. Norge skulle gjera meir enn å nedkjempa Taliban. Me skulle hjelpa til å byggja eit stabilt og demokratisk  Afghanistan, med godt og ukorrupt styresett, fred og tryggleik, respekt for menneskerettane, utdanning for kvinner og mange andre gode målsettingar.

Godt ettermæle

Slik gjekk det ikkje. Faryab er i dag ein av dei farlegaste regionane i Afghanistan. Berre å reisa dit er komplisert og risikofylt. Lokale militsar, Taliban og sentralmakta i Kabul slåst og intrigerer om makta. Stemninga blant folk er nervøs og pessimistisk. Drepne menneske i gatene er eit vanleg syn. Sjølv progressive kvinner har funne det tryggast å ta på seg burka igjen.

Uroen pregar Faryab-provinsen i Afghanistan. Her frå ein demonstrasjon i fjor sommar. Foto: STRINGER / X80002

Hammer har likevel greidd å få mange av innbyggjarane i tale, frå den lokale krigsherren Nazimuddin Qaisari til den 16 år gamle jenta Safina Sama Gadesh, som tviheld på draumen om å bli lege.

Dei fleste som Hammer snakkar med, har gode minne om nordmennene. Dei var snille, dei sette i gang mykje bra, og det var relativt fredeleg og trygt så lenge dei var der, er ettermælet. Fleire bed om at dei må koma tilbake.

«Vi vasket dritten deres»

Men Hammer møter også menneske som er bitre. Dei satsa på samarbeid med nordmennene, og  føler seg svikta. Ein av dei var lagleiar for eit fotballag som fekk sponsa tur til Norway Cup av det norske forsvaret og vart brukt i PR-samanheng i Norge. Men også Taliban er på nett, og det var ei smal sak for dei å framstilla turen som eit knefall for dei vestlege, vantru okkupantane og jamvel som eit forsøk på å omvenda dei unge fotballspelarane til kristendommen. I dag lever mannen i frykt for livet sitt kvar einaste dag.

Erik Thorstvedt var ein av hjelparane då Faryab United vitja Norway Cup i 2009. Foto: Oddbjørn Vistnes

Og mens dei afghanske tolkane etter mykje om og men har fått opphald i Norge, er det andre som jobba for nordmennene som må bli der dei er. «Vi vasket tisset deres, dritten deres, og fjernet søppelet.(…) Vi har også tjent nordmennene, og de kan ikke bare ignorere innsatsen vår,» seier ein reinhaldsarbeidar som har fått avslag på asylsøknaden. Hammer synest det er vanskeleg å vurdera påstandane om drapstruslar, men viser til at Taliban sjølv har sagt at dei som hjelper amerikanarane (og nordmennene blir slått i hartkorn med dei), fortener å døy.

Kan me seia nei?

Hammer har inngåande kjennskap til afghansk politikk, og for lesaren er det ikkje alltid lett å halda styr på alle namna og grupperingane. Forfattaren vedgår også at det ikkje alltid er lett å forstå kva som skjer. Men mangelen på kunnskap om afghansk kultur og samfunn har jo også vore eit kjerneproblem i det internasjonale engasjementet i landet, så me bør vera takknemlege for all innsikt me kan få.

Hammer er reporter meir enn analytikar, han skildrar og refererer og lar lesaren dra konklusjonane. Den viktigaste er ei påminning om kor vanskeleg det er å skapa varig samfunnsendring ved hjelp av militærmakt utanfrå, uansett kor velmeinande og humant den opptrer.

Slik gir Hammers modige og viktige prosjekt bokstavleg talt kjøt og blod til konklusjonane frå utvalet til tidlegare utanriksminister Bjørn Tore Godal, som i 2016 slo fast at innsatsen for å skapa eit stabilt og fredeleg Afghanistan var mislukka. Den norske krigsdeltakinga var ein suksess på eitt einaste punkt, nemleg ved å visa at Norge er ein påliteleg alliert for USA og Nato.

Derfor må det vera lov til å tvila på Hammers spådom om at det vil ta tid før Norge blir med på noko liknande igjen. Kan eit land som gjer seg forsvarspolitisk meir og meir avhengig av USA, tillata seg å seia nei når Washington kallar, sjølv om erfaringa tilseier at oppdraget vil vera nyttelaust?  

Publisert:

Mest lest akkurat nå

  1. Leteaksjon etter ung kvinne i Sandnes

  2. Høiland utlignet til 1–1

  3. Vi følger pinse-hjemfarten

  4. Tvangsvedtak opphevet – rådmannen sa ingenting

  5. Lagt merke til gult støv i vannkanten i pinsen?

  6. – Jeg ble utnyttet av Eddi Eidsvåg

  1. Kultur
  2. Krig
  3. Afghanistan
  4. Nato
  5. Norway Cup