Lokalt og livsviktig, men litterært under pari

BOK: Forteljingane om dei som fell utanfor må forteljast, men forlaget må vera filter.

Rakel Lima Fjelltvedt Rakel er i ferd med å fullføre utdanningen som sykepleier og har opplevd psykiatrien fra begge sider, både som pasient og ansatt.
  • Sofie Braut
    Sofie Braut
    Lektor og skribent
Publisert: Publisert:
Grade: 3 out of 6

Rakel Lima Fjelltvedt: «Hent meg en ny dag». 184 sider. Jæren forlag.

Lokale Rakel Lima Fjelltvedt romandebuterer på Jæren forlag, og det med ein tematikk som er viktig, aktuell og dessverre nær svært mange.

Det dreier seg nemleg om eit menneske i den krevjande kampen med det mørket som bur inni henne. Den unge kvinnelege eg-personen, Mille, flyttar handlinga tett på lesaren, og den ærlege og opne forteljinga vert i romanen kombinert med notat frå helsevesenet og dikt som gir hendingane i romanen ein annan klangbotn. Slik sett er dette ein variert og dynamisk tekst, som gir rom for ettertanke og refleksjon.

Unge Mille strevar med å stabla studentlivet på beina. Ho ber på vonde kjensler, og dei stadige tankestraumane vert meir enn grubling. Livet gjer så vondt at ho må gjera seg sjølv vondt, og sjølvskading og nærkontakt med psykiatrien er blitt noko som dominerer kvardagen.

For Mille verkar foreldra framandgjorte og fjerne. Livet som innlagt vert fort ein einsam kamp, men midt i alt finst Amalie, jenta med alle dei mange rare uttrykka og ho som gir livet eit år, i alle fall. Her er glimt av håp, men også svimlande fallhøgd.

Historia om Mille har høg grad av autentisitet og vitnar om innblikk og empati på mange plan. Som roman fell teksten dessverre fullstendig gjennom, ettersom han verkar som ei rein attforteljing og rapportering av hendingane i Milles liv gjennom eitt år. På ein måte vert dette berre forsterka av dei kursiverte glimta frå journalnotata, som berre unntaksvis kastar nytt lys over dei ulike hendingane.

Her er det heilt tydeleg at forlaget ikkje har makta å gi forfattaren motstanden og hjelpa som trengst for å smi ei sterk, personleg historie om til ein roman med litterære kvalitetar. Det verkar rett og slett som iveren etter å gi ei mest mogleg realistisk framstilling av hendingane, gjer at dei litterære ambisjonane er blitt lagde vekk.

Vi står att med ei forteljing som verkar ekte og sannferdig, men som verken overraskar eller løftar romankarakterane slik at dei gjer eit varig inntrykk. Det kviler eit stort ansvar på eit forlag, anten det er lokalt eller ikkje. Særleg når dei får tekstar som dette inn. Her er det forlaget som må inn med kompetanse og distanse nok til å sjå at ei viktig forteljing slett ikkje alltid blir ein god roman.

Dette ansvaret ser Jæren forlag ut til å ha gløymt ut i samband med denne utgjevinga. Det er svært beklageleg.

Publisert:

Bokanmeldelser

  1. Slik snakkar du til nordmenn som er skeptiske til store ord

  2. Når Martin Kolberg fortel si historie, er Jagland sjefsskurken – i hard konkurranse med Valla og Giske

  3. Pinefull lesning til siste slutt

  4. Ambisiøs og imponerende første bok i bebudet tri­logi fra ameri­kansk stjerne­for­fatter

  5. Politiroman om hvorfor noen dreper utsatte og sårbare barn

  6. Herlig forfriskende, frekt forførende og befriende absurd

  1. Bokanmeldelser
  2. Bokanmeldelse
  3. Anmeldelse