Fort gløymt

FILM: «Memory» er lite minnerik action i b-filmsjangeren.

Liam Neeson bør bli meir kresen på kva manus han slår til på. Ingen kjem til å hugsa «Memory».
  • Jan Zahl
    Jan Zahl
    Kulturjournalist
Publisert: Publisert:
Grade: 2 out of 6

MEMORY

Kinopremiere: 13.05.2022. Skuespillere: Liam Neeson, Monica Bellucci, Guy Pearce, Josh Taylor. Sjanger: Action / Drama / Thriller. Regi: Martin Campbell. Nasjonalitet: USA, 2022. Aldersgrense: 15 år. Lengde: 1 time, 54 minutt.

Ein aldrande leigemordar (Liam Neeson) prøver å pensjonera seg. I tillegg til aukande samvitskvaler, ligg alzheimeren og lurer. Men det skal sjølvsagt ikkje vera lett å koma seg ut av mord- og kriminalitetsbransjen. Ikkje minst når du tirrar mektige krefter som er involverte i menneskesmugling og prostitusjon med mindreårige.

Ja, og så er forresten ein innbiten FBI-agent med feitt hår (Guy Pearce) også på jakt etter menneskesmuglarane. Vegane til dei to godt vaksne jegerane skal kryssast.

Her er altså opplegg til klassisk actionthriller. Ein sjanger me har sett Neeson i mange, mange gonger – utan at det nødvendigvis er så lett å hugsa den enkelte filmen. Regissør Martin Campbell er heller ikkje ukjent med denne underhaldningssjangeren – sjølv om det også der er vanskeleg å hugsa noko konkret. Men han har altså regissert to James Bond-filmar, «GoldenEye» i 1995 og «Casino Royale» i 2006.

Likevel vil «Memory» definitivt ikkje gå inn i historia som noko minnerik oppleving. Kvifor ikkje? Vel, manuset er nesten komisk svakt. Og det same er store delar av skodespelet. Ja, og regien.

Manuset først: Ambisjonen er tydelegvis å laga kjapp, hardkokt og snappy dialog – som Hollywood jo kan vera knallgode på. Men i «Memory» blir det bare corny. Ingen snakkar sånn som dette. Ikkje ein gong på film.

Med svakt manus og ein merkeleg dvelande regi startar skodespelarane sjølvsagt i motbakke. Men det hjelper ikkje når skodespelarane sjølv viser seg å vera godt under middels. Neeson og Pearce klarer seg minst dårleg, men rundt dei kryr det av middelmådigheiter med eitt ansiktsuttrykk og/eller totalt manglande evne til å kommunisera noko truverdig eller engasjera det aller minste.

Nesten to timar er sjølvsagt altfor langt for noko som liknar mest på ein b-film som burde gått rett på video. Eller til streaming, som det vel heiter i 2022.

Publisert:

Film- og tv-anmeldelser

  1. En heller svak og forut­sigbar kjærlig­hets­historie i en veldig fransk ramme

  2. Morsom, men tynn ninja-oppfølger

  3. Kunne blitt ein thriller om eit av verdas mest kjente bygg. Men nei...

  4. Manuset er nesten komisk svakt. Og skode­spelet. Og regien

  5. Sex og snakk på fransk

  6. James Bond-skaparen hadde ideen. Nå er den utrulege, men sanne, historia frå krigen blitt film

  1. Film- og tv-anmeldelser
  2. Liam Neeson
  3. Filmanmeldelse
  4. Anmeldelse
  5. Film