Eit arty-farty kunstnarportrett

BOK: Biletkunstnar Lars Elling liker å visa seg, men god til å skriva er han.

Biletkunstnar Lars Elling debuterer som romanforfattar med Fyrstene av Finntjern.
  • Leif Tore Sædberg
Publisert: Publisert:
Grade: 5 out of 6

Lars Elling: «Fyrstene av Finntjern». Roman. 357 sider. Forlaget Oktober.

Den svunne diktarhøvding Odd Børretzen erklærte lett sjølvironisk at han har «mange, mange ganger -/Mange, mange, mange ganger -/Hatt lyst til å skrive en vise om livet -/ (in the morning)» som anslag i signaturlåta si. Biletkunstnar Lars Elling (f. 1966) har kanskje hatt noko liknande i tankane når han debuterer som romanforfattar med «Fyrstene av Finntjern» og den ambisiøse, knausgårdske opningssetninga «For døgnflua teller hvert sekund.»

Elling er ein røynd kunstnar med utstillingar bak seg frå både Berlin og New York, men har her altså skifta ut penselen med pennen, eller snarare tastaturet. Debutromanen byr på ei historie om tenåringen Filip, som midt på 80-talet går siste året på vidaregåande. Som ungdommar flest kjenner han seg utanfor, og finn seg sjølv i teikninga, der han leiter etter det rette, «sanne» uttrykket. Samstundes blir både han og lesaren kjent med fortida til bestefaren Arnstein og broren hans, Truls, som ikkje har snakka saman på mange år. I bakgrunnen lurer ein autoritær far, med tilnamnet «Keiseren,» som ville herda dei to «fyrstane» sine ved å setja dei ut i skogen så dei måtte klara seg sjølv.

Ein kan ana at Elling har bakgrunn som biletkunstnar, då det er noko «kunstnarisk» ved stilen i positiv forstand, eller kanskje «kunstig» viss ein er negativ. Tilnærminga hans er litt snodig og skrudd, kanskje bikkar det over i det litt «arty-farty», som det – nettopp sjølvironisk – heiter i dei krinsane. I tillegg har han eit godt blikk for slåande, sterke bilete, som han er dyktig til å formidla. Mellom anna ser eg føre meg at scenen der ein flokk froskar parar seg medan dei blir slakta av dei to brørne, òg kunne fungert som ein slags installasjon eller performance, med blod og sæd sausa makabert saman.

Innimellom blir det litt vel tydeleg at kunstnaren har hatt lyst til å «skrive en vise om Livet», og ikkje minst om Kunsten. Forholdet til ein dominerande farsfigur er kanskje heller ikkje den mest nyskapande tematikken. Skildringa av det unge, vare kunstnarsinnet Filip med låg sjølvtillit nærmar seg dessutan klisjeane. Jamt over har likevel denne biletkunstnaren høgare kunstnariske ambisjonar enn dei fleste norske debutantar, og han lykkast med mykje av det han prøver på. Ikkje minst har han eit markert språk og bruker naturen kløktig i litteraturen. Personleg likar eg betre romanfiguren Elling enn romanforfattaren Elling, men det kan jo vera annleis for andre. Noen ganger var dette helt ålreit. Ta ta ta ta ta ta ta ta ta.

Publisert:

Bokanmeldelser

  1. Vår anmelder trodde hun leste om en kvinne, men det var helt feil...

  2. Ung kvinne + voksen mann = traumer (og en god bok)

  3. Debuten var sjokkerende god. Her er bok nummer seks

  4. Har hun mensen ...?

  5. Nå er krim­dronningene tilbake på hjemme­banen

  6. Dundrende gode små­historier fra et Ukraina i kon­flikt

  1. Bokanmeldelser
  2. Anmeldelse
  3. Roman
  4. Litteratur
  5. Bokanmeldelse