Kulturby i høgare vektklasse

KOMMENTAR: Kulturbyen Stavanger boksar i 2018 i ein langt høgare vektklasse enn før ein bestemte seg for å satsa på kultur og bli europeisk kulturhovudstad. Det ubegripelege er at byen og regionen ikkje har feira og foredla arven frå Stavanger 2008 betre.

Publisert: Publisert:

I oktober opna «nye» Maskinhallen på Tou Scene - etter massive kommunale investeringar. Blant artistane på scenen: Morten Abel. Og Haley Shea, vokalist i Sløtface og forkjempar for fritidsklubbar og øvingsrom for ungdom i Stavanger. Foto: Kristian Jacobsen

  • Jan Zahl
    Kulturjournalist
iconDenne artikkelen er over ett år gammel

Det blei inga storslagen feiring av tiårsjubileet for kulturhovudstadsåret 2008 i Stavanger, slik byens politikarar vedtok for halvtanna år sidan. Kulturpolitikarane ville markera norgeshistorias største kulturarrangement på ein måte som gav byens profesjonelle kunstnarar og kulturoperatørar sjansen til å få visa seg og sine arbeid fram for byens befolkning i eitt eller fleire publikumsarrangement. Markeringa skulle så kulminera i ein større internasjonal konferanse.

I staden blei det med ein seks timar lang lokal dagskonferanse på Tou Scene ein mild novemberdag.

Interessant kulturby

Konferansen «Open Port 2018» illustrerte likevel det som også kom fram då Aftenbladet i vår spurte både innbyggjarar og kulturaktørar i regionen. Over 80 prosent meiner Stavanger har blitt ein interessant kulturby dei ti siste åra. Det har dei nok rett i. Sjølv om det er umulig å peika nøyaktig på kva som er direkte konsekvensar av akkurat Stavanger 2008 og ikkje.

Men kulturbyen Stavanger anno 2018 er definitivt ein konsekvens av ei langvarig, sta politisk satsing på kultur i oljebyen – også når kommunebudsjetta har blitt trongare. Det er også ein konsekvens av mangfaldige entusiastar, idealistar og talent som har jobba beinhardt gjennom mange år. Legg saman politisk vilje og grasrotas innsats, og du får ein levande kulturby – trass i manglande gjennomslag i hovudstadens støtteordningar.

Millionsatsing

Bare å sitja i den nye, ombygde Maskinhallen på Tou er ein fysisk manifestasjon av situasjonen: Her har kommunen kjøpt eit gammalt, nedslitt bryggeri, og så brukt millionsummar – mot Frp’s vilje – på å byggja ein levande kulturfabrikk, med konsertscene, prøvesal for dans, atelierhus, grafisk verkstad. Tou Scene er ein av kulturminister Trine Skei Grandes store favorittar i Norge.

Samtidig har kultursatsinga bidrege til byutviklinga i Stavanger Øst, som ikkje er blant Stavangers fornemme område. I staden har det blitt ei kreativ klynge, ein levande, interessant og hipp bydel.

Internasjonal

På programmet stod det knapt nokon internasjonale namn, men dei som kom på scenen med sin skarre-r eller sitt utgangspunkt i Rogaland, illustrerte likevel at det lokale kulturlivet også tillet seg å tenkja både stort og internasjonalt. Det var i seg sjølv eit stort og hårete mål å villa bli europeisk kulturhovudstad, men når Morten Schjelderup Wensberg går på scenen og fortel at Stavanger dei siste ti åra har blitt ein grunnpilar i ei internasjonal, dels webbasert (sic!), dirigentutdanning, så illustrerer det at alt er mulig.

Eller når Haley Shea, kåra til ein av verdas 50 største rockestjerner i 2017 av musikkmagasinet Kerrang, slår eit slag for fritidsklubbane, rockeklubbane, Metropolis. Ikkje nødvendigvis fordi alle ungdommar skal bli rockestjerner, men fordi ein slik infrastruktur gjer det mulig. For det var slik Sløtface starta. I Stavanger. Og dei kom seg ut i landet og verda med god hjelp frå AKKS og Stavanger Rock (Star).

Ikkje talentfokus

Eller ta Glenn André Kaada, påtroppande teatersjef for Rogaland Teater, provinsteatret som har laga noko av det beste teatret i Norge dei siste ti åra. Kaada blei spurt om talentfabrikken Barne- og ungdomsteatret (BUT), som har forsynt Norge med skodespelarar, regissørar, forfattarar. Men så svarer Kaada at BUT ikkje er nokon talentfabrikk, at dei ikkje driv med talentutvikling.

– Me driv eit fritidstilbod, med alvorleg leik, har ikkje fokus på talentutvikling. Me vil heller skapa ein kultur der ungane lærer noko om kva det er å vera eit menneske, kanskje noko om kunst. Det er ikkje eit poeng for oss å dyrka fram superstjerner. Talentutvikling er bare eit biprodukt, sa Kaada.

Tenk det, Hedda! Den motsette tankegangen av elite. Me så blir det spydspissar likevel.

Ingrid Moe var med då ein modell av Geoparken i Stavanger blei overrekt til MoMas faste samling i New York. Foto: Torstein Lillevik

Eller ta Ingrid Moe frå Stavanger, som jobba ni år i New York for å fremma norsk kunst i USA. Som fortalde at noko av det første som skjedde var at prestisjetunge MoMa fekk overrekt ein modell av Stavanger 2008-prosjektet Geoparken i Stavanger til si faste samling. Og at det ikkje var samtidskunst frå Norge, men Stavanger, som var i fokus i San Francisco i januar.

– Det var nesten pinleg mykje fokus på Stavanger dei ni åra eg var i New York. Så eg er eigentleg her for å skryta: Me er knallgode!

Arven?

Samtidig illustrerte dagskonferansen det Aftenbladets journalistikk på etterverknadene av Stavanger 2008 har avdekka, nemleg at arven etter det gigantiske, regionale samarbeidsprosjektet blei teken for dårlig vare på.

Spørsmålet er om nettverka, samarbeida og evnen til å løfta stort og ambisiøst, på tvers av kommunegrenser og uttrykk, er borte for godt, eller om regionen kan løfta saman også framover. Då kan det henda at ein når fram ikkje bare lokalt og internasjonalt, men kanskje endåtil heilt til Oslo og pengesekkane der.

Publisert:
  1. Bulgarias hemmelige kulturhovudstad

  2. Kulturby i høgare vektklasse

  3. Leiaren i Kulturstyret i Stavanger: – Kulturnæring er ein bastard

  4. Nådde ikkje målet om vekst i kulturnæringane

  5. Endte 2008-prosjektene i svalestup eller magaplask?

  6. Plovdiv er neste kulturhovudstad ut

  1. Stavanger2008 - 10 år etter
  2. Kulturpolitikk
  3. Tou Scene
  4. Kultur
  5. Glenn André Kaada