Målblome til Klaus Mohn

Stavanger mållag gir årets Målblome til professor Klaus Mohn, for å vera ein førsteklasses fagmann og ein framifrå representant for nynorsken i Stavanger og Rogaland anno 2017.

Publisert: Publisert:

Professor Klaus Mohn får Stavanger mållags Målblome for 2017. Foto: Kristian Jacobsen

  • Jan Zahl
    Kulturjournalist
iconDenne artikkelen er over to år gammel

Mohn er professor i oljeøkonomi på Universitetet - og fast leverandør av kronikkar i både Stavanger Aftenblad og Dagens Næringsliv. På nynorsk.

– Mohn er fagleg på topp, språkleg likeins, skriv Stavanger mållag i si grunngjeving for prisutdelinga. Dei meiner Mohn har synt at nynorsken er ein framifrå reiskap også når ein skal forklare riggkrise, Lofotopning eller Lofotstenging for 700 kroner, prisprognosar, Opec-kartell og handlingsregel over Statsbudsjettet.

– Ikkje reint lite kjekt er det at Mohn blir lesen andre stader og. Med andre stader meiner vi sjølvsagt inne i Oslo. Det varmar ekstra, skriv mållaget.

Mållaget meiner nynorsken er i framgang, melder om auka medlemstal både i Stavanger, Rogaland og andre stader i landet, og meiner nynorsken er i ferd med å etablera seg på nye arenaer enn dei politisk vedtekne forpliktingane i NRK eller i offentleg forvalting. Som når det børsnoterte selskapet Fjord1 skriv alle sine børsmeldingar, kvartalsrapportar og rekneskap på nynorsk. Kanskje stemmer det ikkje at nynorsken eigentleg bare er skapt for stor dikting og lyrikk, men totalt ueigna innan børs og business, funderer mållaget.

Mohn fekk utmerkinga på eit debattmøte på Kåkå torsdag kveld, der temaet var språk i nye Stavanger kommune. Mållaget meiner Stavanger har eit stort ansvar for språkkulturen i Rogaland, som sentrum for ein stor nynorskregion.

– Korleis sikrar me at nynorsken viser igjen i byen vår nå som Rennesøy og Finnøy med sine språktradisjonar blir med i ”Nye Stavanger”? spør Stavanger mållag.

Publisert:

Mest lest akkurat nå

  1. Warholm reagerer på at Ingebrigtsen fikk kongepokalen: – Jeg vil ha en begrunnelse

  2. Viking-helten fortsatt taus om fremtiden: – Vil ikke tenke på det nå

  3. Her er splitter nye MF «Nesvik» på vei inn til Ølensvåg

  4. Viking-børsen: «Han er rett og slett brennhet!»

  5. City Bistro legger ned etter 33 år: - Det er trist, men vi ser ingen annen utvei

  6. Familie følte seg forgiftet – hadde spist sønnens hasjbrownies

  1. Klaus Mohn
  2. Stavanger
  3. Nynorsk
  4. Stavanger kommune