ROMAN: Truverdig om alderdom

Nyansert kvinneportrett med for få overraskingar

Publisert: Publisert:

  • Steinar Sivertsen
    Litteraturkritiker
iconDenne artikkelen er over tre år gammel
Grade: 4 out of 6

Ingvild Holvik: Premien for alt. Roman. 203 sider. Samlaget

Epigrafen i den andre romanen til Ingvild Holvik (f. 1976, debut 2010) er henta frå Torgeir Bruun Wyller, professor i geriatri, og varslar kva teksten hennes eit stykke på veg skal handla om: «Det sies at vi fødes som originaler og dør som kopier. Biologisk sett fungerer vi motsatt. Vi fødes som kopier, men dør som originaler.»

Formelt er «Premien for alt» ein eg-roman med den 79-årige enka, tidlegare sjukepleiar Mali Sjursen som forteljar. Innleiingsvis befinn vi oss på slutten av 2016, staden er ei lita vestlandsbygd. Samstundes som ho avdekkjer livet som røykjande avlastingspasient på den lokale sjukeheimen, og syner kva det vil seia å måtta ha på seg bleie om natta, bruka rullator og stokk, vera avhengig av andre menneske i kvardagen og stå fram som sentimentalt lettrørt midt i forsøket på å spela barsk, robust, sjølvstendig, ser ho tilbake på eige liv, for slik å gjera opp status for år som knapt blei slik ho hadde drøymt om. Som rekonvalesent etter eit lårbeinsbrot vedgår ho rett fram: «Eg slit med ei kjensle av håpløyse.» 

Lite av det ho fortel, verkar usannsynleg eller direkte dramatisk, medrykkande, overrumplande. Stadig trekkjer ho fram ei vakker lillesøster som døydde før ho fylte to, igjen og igjen vender ho tilbake til det tamme ekteskapet med den trauste gardbrukaren Per, den erotiske fascinasjonen av Kåre, broren til nabobonden Albert, tapet av tvillingar gjennom ein spontanabort, det trøblete forholdet til sonen Thomas - brannstiftar og fange på den lokale Lægerøya - den nære omgangen med sonedottera Veronika eller andre omsorgspersonar.

I tillegg tematiserer teksten eit stoff knytt til ein nedlagt barnevernsinstitusjon eller «opdragelsesanstalt» på Lægerøya. Der gjekk «vanartede og forvildede gutter» på skule, slik tilfellet også var for Malis fetter Johan som døydde under ei flukt frå øya. Den harmoniserande boka som er skriven om institusjonen i ettertid, er berre om livet til dei tilsette slik dei opplevde det. Mali saknar gutane sin versjon og vil difor fortelja om Johan for at dei mørkare sidene av historia omsider skal avteikna seg.

Men trass i ledige dialogar og sympatiske intensjonar – spesielt fanga blir eg knapt av denne psykologisk-realistiske soga om å bli gammal i eit vestlandsk bygdemiljø.

Publisert:

Mest lest akkurat nå

  1. Tidligere ordførers naust ble ikke politisk behandlet

  2. Nå øker smitten i Italias suksessregion. Superspreder får skylden

  3. Traktor mistet henger ved E39

  4. Til sykehus etter klorlekkasje i Dyreparken

  5. Skadestatus i Viking: – Håper å være kampklar i løpet av sommeren

  6. Kjendisenes ferietips fra hjemtraktene: Her er anbefalingene på Vestlandet

  1. Roman
  2. Litteratur
  3. Anmeldelse
  4. Bokanmeldelse