Menneske først – politikar så

BOK: Olaug Bollestad er oppsiktsvekkjande open om det meste – bortsett frå politikken.

  • Tom Hetland
    Tom Hetland
    Kommentator, tidl. sjefredaktør i Aftenbladet
Publisert: Publisert:
Grade: 5 out of 6

Olaug Bollestad: Snakk sant om livet. Fortalt til Kjersti Mjør. 152 sider. Det Norske Samlaget.

Litt av eit omslag! KrF-topp Olaug Bollestad smiler i blomstrete kjole, medan mannen Jan Frode står i streng American Gothic-positur i bakgrunnen, i baris og med oppvaskkost i handa. Med debatten om Hadia Tajik-omlaget i friskt minne – her er snop for seriøse og kritiske biletanalytikarar. Sjølv trur eg at både fotograf, forlag og Bollestad-paret har hatt det smikkløye.

Men så får lesaren ein knyttneve alt i dei to første setningane i teksten: «Eg kan knapt hugsa at mor tok meg på fanget. Hu sa aldri at hu var glad i meg, eller gav meg ein klem.»

Les også

LES INTERVJU MED BOLLESTAD: – Ingen må ta lett på sånt

Opninga slår an tonen. Olaug Bollestad vil ikkje feia ting under teppet. Til å vera politikar og offentleg person, er ho er til tider sjokkerande open. Det er mest så ein grip seg i å håpa at enkelte av dei ho skriv om, ikkje lenger kan lesa det.

Sentralt i boka står det vanskelege forholdet til mora, som leid av depresjonar og i periodar var både hard, kald og fjern. Olaug sleit med skuldkjensle og aggresjon mot mora for dette, og først på det siste greidde ho å forsona seg med at mor skulle liggja i same grav som far. For faren Kåre, kommunisten på stålverket med dei store, trygge nevane, er helten i Olaug sin oppvekst på Jørpeland.

#metoo på bedehuset

Men i livssyn følgjer ho mora, og går på bedehuset. Her blir ho litt av ein opprørar. Det skal forresten ikkje så mykje til, når utgangspunktet er at pølse er OK, men hamburgar er fy. Langt alvorlegare er det når ho, saman med fleire andre unge kvinner, blir utsette for overgrep av ein forkynnar. Det sat lenge i henne. Ho formeleg rasar når ho fortel om korleis misjonen forsøkte å dyssa det ned, og jamvel kravde at offeret skulle be kona til overgriparen om tilgiving.

Hendinga får ikkje Olaug Bollestad til å bryta med trua og det kristne miljøet, men ho lever etter Grundtvigs ord: «Menneske først – kristen så». Ein av dei mest gripande episodane i boka er då ho som sjukepleiar gav narkose til ei ung jente som skulle ta abort. Ho forklarte jenta at abort var vanskeleg for henne, og at ho kom til å gå ut under sjølve inngrepet. «Eg ble valdteken 17. mai», seier jenta då. Og Olaug blir verande:

«Vettu, då kan prinsipp vera prinsipp for meg. Dei kan me ha i politikken til me daudar. I KrF kan me snakka oss forderva om kristne verdiar, men det sårbare mennesket framfor meg betyr meir.»

Frodig og frilynt

Som sitatet fortel, har Kjersti Mjør på ein imponerande måte klart å skriva som Olaug Bollestad snakkar. Teksten er på lett, dialektprega nynorsk, krydra med folkelege uttrykk og kristenbanning. Det går fort i svingane, og mykje blir fortalt på velsigna kort tid.

Skildringa av livet heime hos Olaug og Jan Frode Bollestad lever også opp til det frodige og frilynte Larkins-imaget som paret har skapt seg på Instagram. Her skjemst ein ikkje over å gå i underbuksa eller i bar overkropp, og det er lite som ikkje kan snakkast om. Mellom kapitla kjem Olaug Bollestad med sine råd om samliv og å oppdra barn, med meir.

Politikk med harelabb

Først når det er 50 sider igjen av boka, begynner politikken. Her er det ikkje mykje å henta for dei som vil ha innsyn bak kulissane. Dei store sakene, og dei taktiske vurderingane for og mot, går ho over med ein harelabb. Olaug Bollestad framstår som ein politikar som først og fremst er oppteken av enkeltmenneske, og som lar seg spontant styra av sitt indre moralske kompass.

Om det dramatiske vegvalet til KrF i 2018, der Olaug Bollestad overraskande for mange valde å gå til høgre, har ho lite nytt å melda: «I den økonomiske politikken og fordelingstankegangen er eg mest på den raude sida, i synet på staten, samfunnet og det private initiativet er eg mest på den blå». Og ho meiner framleis det er urettferdig å bli skulda for at Rogaland KrF, som det einaste fylkeslaget, ikkje sende ein representativ delegasjon til landsmøtet og dermed kan ha avgjort kampen for blå side.

Som politisk interessert lesar burde eg eigentleg ha gitt trekk for dette. Skulle ein ikkje ha forventa meir substans og refleksjon frå ein politikar som kanskje kan bli KrF sin einaste representant på Stortinget i neste periode?

Jo, sikkert. Men boka er så openhjarta, dramatisk, morosam og godt skriven at eg endar på femmaren.

Publisert:

Bokanmeldelser

  1. En siddis slåss best i nye Adidas

  2. Underholdende familiesaga om rase og identitet

  3. Ho skal ha ros for å gå mot trenden

  4. Gripende og provo­serende om Kielland-saken

  5. Vel­skrevet og over­bevisende debut­roman

  6. Ei skikkeleg morosam bok!

  1. Bokanmeldelser
  2. Olaug Bollestad
  3. Bok
  4. Anmeldelse