- Typisk norsk

Professor Hild Sørby meiner Ivan Storm Juliussen sine maleri er sentimentale og pompøse. Storm Juliussen meiner ho fornedrar publikummet hans. Kvifor det?

  • Solveig Grødem Sandelson
    kultur- og debattredaktør
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over 13 år gammel

— Dette er jo ein heilt klassisk situasjon, seier forskar Erling Dokk Holm ved Arkitektur- og Designhøgskolen i Oslo. Han samanliknar Storm Juliussen-debatten med debatten rundt Christian Ringnes sin skulpturpark, med debattar rundt malarar som Vebjørn Sand og Odd Nerdrum, og rundt bestseljarforfattarar som Anne B. Ragde og Anne Karin Elstad. Når fagfolk på kulturfeltet slaktar det mange, - kall dei gjerne folk flest - likar, kjenner mange seg tråkka på.

  • Hild Sørby utseier ein dom, med bakgrunn i sin kompetanse. Det er det jobben hennar å gjera. Og at folk flest ofte vurderer kunst etter enkle kritierier, har ho jo heilt rett i.

Men difor treng vel ikkje folk kjenna seg krenka, seier Dokk Holm.

Moralisering

— Oppfattar vi det også som ein moralsk dom, når nokon feller ein slik kulturell dom?

  • Ja, det kjenner eg veldig godt igjen. Vi driv heile tida med ein moralsk sosiologi i slike debattar og det er veldig slitsamt. Vi psykologiserer, sidan du ikkje er einig med meg, må det liggja noko meir i det enn at du ikkje likar det eg likar.

Vi forlet kunnskapsfeltet. Men det blir problematisk viss vi ikkje aksepterer at forskjellig smak faktisk også baserer seg på ulik kompetanse.

Smak er ikkje uavhengig av kunnskap.

Frykt

— Men på mange andre felt vil vi lytta med interesse til andre sin kunnskap, sjølv i likskaps-Norge. Kvifor ikkje på kulturfeltet?

  • Det ligg nok ein frykt her, frykta for at ulik smak skal vera uttrykk for eit sosialt avvik.
  • Er det typisk norsk?
  • Ja, det er typisk norsk. Samfunnet har vore veldig egalitært. Nå har dei økonomiske forskjellane blitt større, og det verkar som om vi tviheld på ein kulturell likskap.

Dersom naboen min byggjer eit dobbelt så stort hus som meg, men i same uttrykk, vil eg sannsynlegvis kjenna meg mindre krenka av det, enn om han byggjer i eit anna og meir moderne uttrykk enn meg.

Det verkar som om reaksjonane kjem når ein bryt med den kulturelle likskapen, ikkje den økonomiske.

Dommarane

— Kven er dei sterkaste smaksdommarane i Norge - folket eller den kulturelle eliten?

  • Eg vil seia begge deler. Dei som kjøper inn kunst til dei store, tunge institusjonane, er kjempeviktige.

Mens figurative malarar, som Odd Nerdrum og Vebjørn Sand er veldig gode på å skaffa seg medieplass.

Kunstmarknaden er stor nok for begge deler, og det er heilt greitt. Det triste med norsk debatt er at vi dyttar desse moralske spørsmåla inn i alt. Det er nesten eit kulturelt sjukdomsteikn.

Publisert:

Mest lest akkurat nå

  1. Slik blir den nye korona­hverdagen fra mandag av

  2. – Folk skal kunne spise som en konge med lue­sveis

  3. Opptur for Jan (71) etter flosshatt-aksjon

  4. 21 smittetilfeller på Nord-Jæren, en Stavanger-skole på gult nivå

  5. «17 nye spillere! Her må printeren ha gått varm!»

  6. Frustrert Fridjonsson ute i kulden: – Jeg er sint