Sterkt portrett av kunstnar og anoreksi

FILM: Dokumentarfilmen om avdøde Lene Marie Fossen er hjarteskjerande – men samtidig vakker. Er det eit problem?

Publisert: Publisert:

Lene Marie Fossen hadde anoreksi. Ho ville helst bli hugsa som fotograf. Både kunstnaren og sjukdommen blir portrettert i filmen «Selvportrett». Foto: Tubaas Øymo/Speranza film

  • Jan Zahl
    Kulturjournalist
Grade: 5 out of 6

SELVPORTRETT

Sjanger: Dokumentar. Med: Lene Marie Fossen, Morten Krogvold, Torill Fossen, Geir Fossen. Manus og regi: Margreth Olin, Katja Høgset, Espen Wallin. Norge, 2019. Lengde: 1 t. 18 min. Aldersgrense 12 år.

22. oktober i fjor døydde Lene Marie Fossen. Ho var berre 33 år gammal, men såg på eitt vis ut som ein olding. Eller som eit dramatisk underernært barn. Anoreksien – psykiatriens mest dødelege sjukdom – hadde kravd nok eit dødsoffer. Etter 23 år med alvorleg spisevegring sa hjartet stopp.

Det spesielle med den vevre jenta frå Toten, som i filmen seier ho ikkje ville bli vaksen, og som derfor gradvis slutta å eta frå ho var ti år gammal, var at ho dokumenterte seg sjølv og sjukdommen gjennom fotolinsa.

Vel så spesielt er det at regiteamet bak «Selvportrett» – først vennen og fotografen Espen Wallin, deretter også med Margreth Olin og Katja Høgset – har følgt henne heilt sidan 2011. Det vil seia lenge før ho hadde si første fotoutstilling, i 2016. Og lenge før ho møtte den anerkjende norske fotografen Morten Krogvold, som skulle bli ein nær støttespelar – og stilla ut fotografia hennar på Nordic Light i 2017.

Dokumentarfilmen er eit dobbelt portrett – slik ein gjerne kan meina at Fossens eigne sjølvportrett også var – av ein kunstnar og av ein sjukdom. Fossen ville framfor alt vera fotograf, bli hugsa for bileta ho tok, ikkje som ho som hadde anoreksi og var sjuk.

I filmen får me møta Fossen i arbeidet med bileta sine, særleg på den greske øya Chios. Heldigvis får me sjå mange av dei ferdige portretta ho tolk. Foto som både Krogvold og andre kapasitetar innanfor fotokunst meiner viser eit udiskutabelt talent. Sjølvportretta er ikkje pene å sjå på, heller vonde, der dei viser fram oldingbarnet i ein kropp som berre er skinn og bein. Men samtidig har dei ei kraft som treff alle som ser dei.

I tillegg til bileta, snakkar Fossen også til filmteamet med si eiga stemme. Si eiga barnestemme, sidan ho aldri kom i puberteten. Ho deler refleksjonar rundt seg sjølv og sjukdomen sin. Ho fortel om korleis det ho trudde skulle vera løysinga på problema hennar – å slutta å eta – i staden har blitt det store problemet hennar. Samtidig som sjukdommen paradoksalt nok blir ein trygg stad for henne – og altså er heilt avgjerande for dei sterke sjølvportretta hennar.

Også Fossens foreldre snakkar i filmen. Om kor vanskeleg det har vore å sjå dottera gjennomføra det som i praksis er eit uendeleg langt sjølvmord. Men dette er ikkje ein film der terapeutar og fagfolk snakkar om anoreksi. Som i fleire av dei tidlegare filmane til Olin, er det gjort eit val om å gi stemme berre til dei som er direkte involvert.

Fossen fotograferte – interessant nok, med tanke på hennar eiga historie – barn og oldingar. Men det er framfor alt sjølvportretta hennar som har vekka mest oppsikt og som har blitt stilt ut. Det er også desse bileta som står i sentrum i filmen. Enkelte har stilt spørsmål ved om det er noko problematisk over denne måten å portrettera ein anoreksisjuk kunstnar. Er det å estetisera – å prøva å laga noko vakkert av – noko som berre er vondt og tragisk? Er det eit element av romantisering av smerta? Eg opplever det ikkje slik, verken frå Fossen sjølv eller regiteamet bak filmen.

Margreth Olin er ein av våre fremste dokumentaristar. Det gir seg blant anna utslag i at det alltid blir diskusjonar rundt filmane ho er involvert i – så også denne. Det er ein styrke, ikkje eit problem.

Publisert:

Mest lest akkurat nå

  1. Familien savner svar etter at sønnen ble funnet død

  2. «Varsellampene er fleire. Og me kan koma til å høyra meir om QAnon. Det er mørkt nedst i kaninholet»

  3. «Alle» vil gå på denne linja på videregående: – Appellerer til ungdom

  4. – Her vil vi ikke være verneverdige

  5. Prøvde å overtale moren til ikke å se «Exit»

  6. Jeg forlanger at denne boka blir lest

  1. Dokumentarfilm
  2. Film
  3. filmer
  4. Anmeldelse
  5. Filmanmeldelse