Første spadestikk for nytt Grafisk museum

Ordførar Christine Sagen Helgø (H) tok torsdag det første, symbolske gravemaskintaket for Stavangers nye, grafiske museum. Gamle Stavangers nye møtestad skal stå ferdig hausten 2020.

Publisert: Publisert:
  • Jan Zahl
    Kulturjournalist
iconDenne artikkelen er over ett år gammel

Alt ein ordførar kan! Kjøra gravemaskin, for eksempel. Torsdag markerte Christine Sagen Helgø byggestart for Grafisk museum i Gamle Stavanger. Foto: Jan Zahl

– Eit aktivt museum på ein autistisk stad, strålte Stavanger-ordførar Christine Sagen Helgø (H) i bakgarden til Hermetikkmuseet i Gamle Stavanger. Rundt henne stod venneforeining, museumsfolk og ein heil klasse ungar i gamle kostyme.

– Nei, autentisk, skulle det sjølvsagt vera. Eit aktivt museum på ein autentisk stad, korrigerte ordføraren seg sjølv etter å ha konsultert talepunkta sine, til smil og latter blant dei frammøtte.

– Dette er ein milepæl i Stavanger bys historie. Det er ikkje så ofte me set i gang bygging av nye museumsbygg, sa ordføraren. Foto: Jan Zahl

God stemning

Det var i det heile tatt veldig god stemning då byggestarten for Museum Stavangers nye grafiske museum blei markert med talar, gravemaskin, barnesong, boller og strøing av iddisar.

– Eg gler meg til å få det nye bygget på plass, sa styreleiar Sissel Knutsen Hegdal, som er blant dei som har jobba for denne dagen i mange år.

– Dette er ein milepæl i Stavanger bys historie. Det er ikkje så ofte me set i gang bygging av nye museumsbygg, kvitterte ordføraren.

Viktig industri i Stavanger

Samlokaliseringa med Norsk hermetikkmuseum er ikkje tilfeldig. Det var trykkinga av iddisar til hermetikkindustrien som la grunnlaget for at den grafiske industrien blei så stor i Stavanger at dette blei Norges viktigaste by på feltet.

– Dette blir eit grafisk museum for Stavanger, men også for heile nasjonen. Her skal ein formidla historia om trykkeri og trykksaker, og korleis dette blei ein industri, sa Sagen Helgø.

Ho la ikkje skjul på at det er krevjande å bygga eit nytt bygg i denne delen av Stavanger.

– Men lokale entreprenørar er på ballen. Det er halde møte med nabolaget og ein har ein god dialog. Allereie nå ser ein at det nye bygget vil tilføra Gamle Stavanger nye kvalitetar, sa ordføraren.

Les også

Slik blir nye Grafisk Museum

Les også

3,45 millioner til grafisk museum

Les også

Vil ha gratis museum for unge

Ny møteplass

Ambisjonen er altså å skapa ein ny og lun møteplass i denne bakhagen.

– Det er bra for dei som bur her, for for dei som bur andre stader i byen og regionen - og det er bra for turistane, sa Sagen Helgø, som trur nybygget vil gi ny bruksverdi til området.

– Dette handlar om å utvikla byen og byens historie, sa ho, før ho i ordførarkjede, fin kjole og høge sko tok steget over til den delen av seremonien som nok ligg heilt i grenseland for ein juristutdanna ordførars kjernekompetanseområde: Gravemaskinkjøring.

Men: Med litt kyndig hjelp frå ein av TS-ens utsende gjekk altså gravemaskinskuffa fint ned i haugen av tremasse som låg dandert på det som frå nå av offisielt er ein byggeplass. Så løfta ordføraren gravemaskinskuffa igjen. Og så var det applaus og boller og brus og photo opportunities og alt som er.

Så var det gjort. Så var det tid for applaus. Foto: Jan Zahl

Publisert:

Mest lest akkurat nå

  1. 18-åring mistet lappen etter å ha kjørt i 131 km/t på Motorveien

  2. Vil kaste Bandidos ut fra hus i Hillevåg

  3. Turistforeningen fra­råder populær tur ved Lysefjorden

  4. Med to ord fikk han en samlet norsk samfunns­elite til å innse korona-alvoret

  5. Kjørelærer: – Mange må vente for lenge på å få kjørt opp. Nye bestillingsregler bidrar til kaos

  6. Sjekk denne perlen fra Viking-spilleren: – Jeg bare la den i hjørnet

  1. Museum
  2. Gamle Stavanger
  3. Christine Sagen Helgø
  4. Sissel Knutsen Hegdal
  5. Museum Stavanger (Must)