I kveld kan Rogaland få ein ny vinnar av Idol

Då Mari Eriksen Bølla (15) kom til finalen, feira ho med smash og pizza. Om brynejenta vinn Idol fredag kveld, får ho endeleg feire med familien og kjærasten.

Publisert: Publisert:

Mari Eriksen Bølla set stor pris på dei som har stemt på ho kvar veke. No er ho klar for finale. Foto: Thomas Andersen / TV 2

  • Marie Håland
    Journalist

– Det følast rart, og uverkeleg. Men eg er sjølvsagd superglad, og det er kjempegøy!

Det seier Mari Eriksen Bølla (15) som førre fredag sikra seg ein plass i den store finalen i Idol. No er ho eit steg nærare å vinne platekontrakt.

– Kva gjekk gjennom hovudet ditt då namnet ditt vart lese opp?

– Glede! Først vart eg glad på Oda sine vegne, og så enno gladare då eg høyrde mitt namn.

Får ha sine kjære i salen

Koronaviruset har ført til at publikumssalen har vore tom denne våren, og familie og vener har måtta høyrt Mari gjennom skjerm. Men til finalen får kvar deltakar ha sine næraste i salen. Dei som kjem og heiar på Mari, blir foreldra, sysken, mormor og kjærasten Ruben.

– Det blir utruleg gøy, eg har sakna dei veldig. Eg har også sakna å ha publikum, og har alltid ønskt at eg kunne ha familien og kjærasten der.

Les også

Slik gjekk det med våre lokale idolvinnarar

Far til Mari, Trond Arild Bølla, gleder seg veldig til å dra til Oslo for å sjå dottera opptre i finalen.

– Det følast kjempebra, og det blir godt å samle familien att. Det er første gong heile familien er samla etter jul, seier Bølla.

Får privatkonsert i stova

Mari er yngst i ein syskenflokk på seks. Då ho var seks år song ho i bryllaupet til mora og faren, noko som overraska faren veldig.

– Det var eit rørande augeblikk. Eg visste ikkje ho kunne syngje slik.

Heilt sidan Mari var lita har draumen vore å delta i Idol. Foto: Privat

Sidan har Mari alltid sunge, og brukt både hårbørste og banan som mikrofon. Heime står mikrofon og høgtalar, og familien har vore heldige med fleire privatkonsertar i stova.

– Ho har alltid vore målretta og hatt ønska sine klare. Me er veldig stolte av ho, og det ho får til av song og presentasjon. No håper me flest mogleg stemmer på ho i finalen. Også er det på tide at Rogaland får ein ny vinnar, seier Bølla.

Takkar for alle stemmer

Mari går i 10. klasse, og er klar for å begynne på Vågen vidaregåande skule til hausten. Der skal ho gå musikk, dans og drama og skal ikkje ta pause frå musikken.

– Eg kjem til å halde fram med musikk og syngje mykje. Eg vil ha det kjekt med musikken og kose meg masse.

Les også

Ho har sunge mykje på teateret – no arbeidar ho med eige album

Om det blir siger i kveld, skal ho feire med familien og kjærasten. På førehand vil ho gjerne takke alle som har stemt på ho til no.

– Dette er ein draum som går i oppfylling. Ein uverkeleg draum som eg ikkje trudde eg kom til å oppleve. Eg håper de har lyst til å stemme på meg i kveld!

Ein fullkomen artist

Førre veke song Mari «Survivor» av Destiny’s Child, og «Alone» av Heart. Dette imponerte både sjåarane som stemte ho fram til finalen, og dei tre dommarane i salen. 

– Dette er heilt sjukt! Det er pakkedealen, Mari. Eg ser du har sydd dine eigne klede, du dansar, du leverer, jubla Andreas «Tix» Haukeland. 

– Du er klar, rett og slett, for å sendast ut i den store verda som fullkomen artist, sa Tshawe Baqwa. 

– Mari, du er rett og slett suveren i kveld, sa Silje Larsen Borgan. 

Finale og superfinale

I kveld syng Mari mot både Oda Gondrosen (23) og Tore Pedersen (18). Det er Mari veldig glad for.

– Eg er veldig glad i Oda og Tore, og eg er glad det er dei eg står med i finalen. Det er to veldig unike og flinke folk, og eg trur det blir jamt.

Les også

Konsertar med smittetiltak går i minus

Vanlegvis i ein Idol-finale er det to finalistar mot kvarandre, og ikkje tre som det er i kveld.

– At me har tre finalistar i finalen gjer at det blitt to avstemmingar. Det betyr at det både blir ein finale og ein superfinale i same sending. Først frå tre til to, og så i ein duell. Til slutt er det berre éin som får framføre den heilt nye vinnarlåten, seier programredaktør Kathrine Haldorsen til TV2. 

I kveld skal Mari syngje låten «Mamma knows best» av Jessie J. Ho har også ein annan låt på lur, men den får me berre høyre om ho kjem seg vidare til superfinalen.

Dette er den ellevte sesongen av Idol på TV2. Det har vore fire tidlegare vinnarar frå Rogaland som har vunne musikkonkurransen: Kjartan Salvesen i 2004, Glenn Lyse i 2007, Siri Vølstad Jensen i 2013, og Marius Samuelsen i 2016. No står det att å sjå om me får smykke oss med nok ein lokal vinnar.

Publisert:

Mest lest akkurat nå

  1. Mamma Ingebrigtsen ble forferdet over Jakobs løp: – Han er tross alt 20 år i dag og må få bestemme selv

  2. Fjellklatrere hentet av redningshelikopter

  3. To smittet av koronavirus i Randaberg

  4. Knuste egen mesterskapsrekord – så løp han videre ut av stadion

  5. Ny E18 ved Larvik kostet 5,2 mrd. kroner. På veien forsvant avkjøringen til byen.

  6. – Hurtigruten er selve symbolet på det nye Norge: Luksus på øvre dekk, fattigdom og frykt hos de som driver maskineriet

  1. Idol
  2. Kultur
  3. Sang
  4. Rogaland
  5. Bryne