Slik gjekk det med våre lokale idolvinnarar

For femte gong kan det bli ein rogalending som stikk av med sigeren i årets Idol. Korleis var Idol for våre tidlegare lokale vinnarar, og kva gjer dei no?

Publisert: Publisert:

Kjartan Salvesen, Glenn Lyse, Siri Vølstad Jensen og Marius Samuelsen er alle frå Rogaland – og dei har vunne Idol. Foto: Anders Minge/Sara Johannessen/Kristian Jacobsen/Pål Christensen

  • Marie Håland
    Journalist

Fredag kjempar Mari Eriksen Bølla (15) frå Bryne om å vinne den ellevte sesongen av songkonkurransen Idol. Norske Idol blir sendt på TV2, og hadde sin første sesong i 2003. Den gongen vart det den velkjende bergensaren Kurt Nilsen som stakk av med sigeren. Etter det har Rogaland sigra i 2004, 2007, 2013 og 2016.

Første lokale vinnar

Allereie i andre sesong av talentkonkurransen fekk Rogaland, og nærare bestemt Sandnes, sin første idolvinnar. Kjartan Salvesen var 27 år då han vann over Margareth Berger i Oslo Spektrum. Og sjølv om det er heile seksten år sidan, så er det nok mange som enno kan teksten til vinnarlåten «I’m standing tall» utanåt. 

Les også

I kveld kan Rogaland få ein ny vinnar av Idol

Salvesen var fleire år vekke frå rampelyset, og landa etter kvart jobben som marknadssjef i Viking Fotballklubb. Der jobbar han enno, men er i tillegg tilbake i rampelyset som ein del av Stavangerkameratene. Dei starta opp i 2015, og består av Salvesen, Tommy Fredvang, Ole Alexander Mæland, og Glenn Lyse. Glenn Lyse er også eit kjent namn i Idol-samanheng, då han vann konkurransen i 2007.

Såg ikkje si eiga framsyning før i år

Det skulle altså berre gå tre år til det vart ein ny rogalending som blei Norges neste idol. I 2007 fekk nemleg Glenn Lyse frå Stavanger den gjeve tittelen. Han er, som nemnd, med i Stavangerkameratene med Kjartan Salvesen. Han hugsar Idol som spesielt, gøy, og lærerikt. Men opptaka såg han ikkje før 13 år etterpå.

– Eg hatar å sjå meg sjølv på TV, så eg såg ikkje det eg gjorde under Idol før koronapandemien slo inn. Eg har gløymt ein del, men det såg ut som eg hadde det gøy, seier Lyse.

Les også

– Hjelpe og bevares så det gynger i den Galaxy-en!

Lyse tok med seg gode erfaringar frå Idol, og råder Mari å jobbe hardt etterpå.

– Idol er eit godt springbrett, og det er viktig å fokusere på det som kjem etterpå, seier Lyse og legg til:

– Eg er kjempeimponert over Mari, ho har ein fantastisk stemme. Nyt det, kos deg, og ha det gøy!

Syngjande byggingeniør

I 2013 fekk me vår første kvinnelege vinnar frå fylket. Siri Vølstad Jensen frå Ålgård var berre 17 år då ho vann over Eirik Søfteland i finalen. Ho fekk spele mykje etter Idol, men tok også ei heilt anna retning i jobbmarknaden.

– Eg er utdanna byggingeniør, og akkurat no tek eg ein master i vegteknologi i Trondheim. Det har vore fint å kombinere musikk og studium.

Etter Idol fekk Jensen oppleve mykje som andre på hennar alder ikkje fekk oppleve, og synest deltakinga er morosam å sjå tilbake på. Ho håper Mari gleder seg til den store finalen.

– I finalen kan du ikkje gjere anna enn å kose deg. Etterpå må du bare ta den tida du treng.

Aktuell med musikal

Den nyaste lokale vinnaren me har er Marius Samuelsen frå Madla. Han vann Idol i 2016, og har sidan gitt ut to singlar. No lagar han ny musikk, og er aktuell med musikalen «Blyge Harry» som skal bli sett opp på Stavangeren.

– Idol opna dører inn i bransjen, seier Samuelsen.

Les også

Kvammen satser alt på Stavangerensemblet og denne gjengen

22-åringen ser for seg at finalistane har sjukt med nervar før dei skal på scenen, og han har nokre råd å gje til Mari.

– Det viktigaste er å kose seg. Så er det viktig å følgje hjartet, og gjere di greie. Stol på talentet du har, og det er no etter Idol du kan tenkje på karrieren vidare.

Fleire lokale i toppen

Det har ikkje berre vore mange Idol-vinnarar frå Rogaland. Det har også vore fleire lokale i toppsjiktet. I sesong to var heile seks av elleve i finalerundane frå Rogaland: Maren Flotve Birkeland frå Karmøy, Øystein Grønnevik frå Rennesøy, Anh Vu frå Sandnes, Roald Haarr frå Vigrestad, Susanne Nordbøe frå Sandnes og sjølvsagd Kjartan Salvesen som sigra.

Andre lokale deltakarar i finalerundane dei siste åra har vore: Sigmund Ledaal frå Finnøy, Mari Vestbø frå Sandeid, Marlen Tjøsvoll frå Torvastad, Anne Roalkvam frå Stavanger, Vilde Skogen frå Sandnes og Emma Noor Løvslett frå Bryne.

Publisert:

Mest lest akkurat nå

  1. Kvinnen i 70-åra fikk et illebefinnende under pensjonistturen. Det reddet Sør-Rogaland fra et omfattende koronautbrudd

  2. Uniformert politi ved Lye skule onsdag morgen

  3. Norges dyreste spiller ble stemplet som et bomkjøp i Danmark. Hvorfor kan proffdrømmer ende opp som mareritt?

  4. Kvinnelig lærer tiltalt for sex med mindreårig elev

  5. FULL OVERSIKT: 5 døde, 618 påvist smittede i Rogaland – sjekk din kommune

  6. Flere enn 1700 protesterer på at denne ut­sikten mot Jær­havet kan få steiner på stolper

  1. Idol
  2. Rogaland
  3. Musikk
  4. Glenn Lyse
  5. Kjartan Salvesen