Kjedeleg chilenar

FILM: Kvardagslivets drama blir for smått og uengasjerande i «Godt nyttår, Chile.»

Publisert: Publisert:

Sofia er i overgangen frå barn til vaksen i «Godt nyttår, Chile». Det er ei komplisert tid.

Grade: 2 out of 6 stars

Godt nyttår, Chile

Originaltittel: Tarde Para Morir Joven. Sjanger: Drama. Med: Demian Hernández, Antar Machado, Magdalena Tótoro. Manus og regi Dominga Sotomayor Castillo. Nasjonalitet: Chile, 2018. Originalspråk: Spansk, engelsk tekst. Lengde 1 t. 50 min. Aldersgrense 6 år.

Chile er eit land me sjeldan høyrer mykje til i Norge. Unntaka er 1973, då Salvador Allende blei styrta i eit militærkupp. Eit anna unntak er rundt 1990, då kuppmakaren Augusto Pinochet blei stemt ut som president 14. desember 1989, og gjekk av i mars 1990. Det tredje unntaket er nå, når folket har teke til gatene i massive protestar.

«Godt nyttår, Chile» går føre seg midt i eitt av desse for Chile viktige tidsromma, nemleg i overgangen til 1990. Men det får du dessverre ikkje vita i filmen. Dramatikken i politikken, Pinochet, valet, eller overgangen frå diktatur til demokrati blir ikkje nemnt. Kanskje vil eit chilensk publikum ha dette i bakhovudet, men for oss som bur langt borte er det nok for mykje forlangt.

I staden handlar denne filmen – som direkte omsett frå spansk heiter «For seint å døy ung» – om svært kvardagsleg dramatikk. Ein hund som har stukke av. Forelska tenåringar. Barn som leikar. Ein nyttårsfest. Vaksne som snakkar om praktiske ting som straumforsyning og vatnledningar. Ganske kjedelege, kvardagslege ting. Ikkje minst å sjå på, sjølv om det er flott filma.

Sofia (Hernández) er ein lett opprørsk 16-åring som bur i ein hippieaktig koloni av idealistar i dei tørre fjella utanfor Santiago de Chile. Ho bur med faren, mora bur ein annan stad, familien fungerer dårleg.

Ho har ein flørt gåande med Lucas, som blir forkludra når eldre og kulare Ignacio dukkar opp på motorsykkelen sin. Det blir ikkje trekantdrama med action og skriking, men med lange blikk og ei manglande evne til å snakka.

Denne filmen har både blitt nominert til og vunne fornemme filmprisar, blant anna for beste regi. Men for denne meldaren blir dette rett og slett for kvardagsleg og kjedeleg – ganske spesielt med tanke på dramatikken som utspelar seg i det chilenske samfunnet utanfor kolonien og filmens sterkt avgrensa univers.

Publisert: