Kva skal ein velja?
KOMMENTAR: Ennå finst der gode ting som er ved det same. For eksempel Kammermusikkfestivalen.
Gå gjerne for sjefen sjølv, Christian Ihle Hadland. Foto: Pål Christensen
- Solveig G. SandelsonDebattredaktør
Når sommaren ikkje kan anna enn vera på hell, når dei sist heimkomne naboane parkerer feriebilen i garasjen, når skulestart og haust og blanke ark og fargestiftar bare er dagar vekke, er kammermusikkfestivalen her. Kvart år. Alltid, kjennes det som. Eller i alle fall sidan 1991.
Mest eksotisk
Domkyrkja er hjarterommet, avstikkarane lagt til Skur 2 og Utstein Kloster, og barnekonsertane til Sandnes Kulturhus og Stavanger konserthus. Programmet har slett ingen rød tråd, men er prega av musikarane som er med. Mest eksotisk er New York Polyphony. I polyfon musikk er kvar stemme sjølvstendig, dei går i linjer, treffer på dei andre, fell kanskje til ro ein stad, men blir aldri forviste til bare å gjera ei anna stemmes klang større og varmare, og elles innordna seg fint i meir eller mindre fargerike akkordar. Mozart dreiv ikkje med slikt. Bach gjorde det stadig vekk. Når New York Polyphony står på programmet, er musikken anten veldig gammal - tilbake til middelalderen, eller heilt ny. Fredag kveld på Utstein kloster fyller dei ein heil og heilt sikkert stemningsfull konsert.
For heilt andre klangar, sjå etter pianisten Håkon Austbø i programmet. Han har brukt store delar av sitt kunstnarliv på Olivier Messiaens musikk. Den er frå 1900-talet, klangane er overjordisk vakre, om enn ikkje så kjende. Skriven av ein mann som var svært religiøs, svært glad i naturen, og elles gjekk sine eigne vegar.
Sjefen sjølv
Og elles? Elles ville eg sett etter sjefen sjølv, pianisten Christian Ihle Hadland. Han spelar alltid mykje, og han er alltid blant dei aller fremste artistane. Leiken, nysgjerrig, lyttande, alltid med elegant overskot. Men aldri jålete. (For det finst jålete klassiske musikarar, og det er kjedelege greier.)
Christian spelar Griegs lyriske stykke ein dag på Skur 2 - teknisk så enkle at ein del av oss har spelt dei sjølv ein gong. Til Våren, for eksempel, er blant dei. Saman med andre musikarar spelar han Mozarts kvintett med blåsarar, han spelar tyngre og endå varmare og meir romantisk musikk av Jean Sibelius, han er innom klangvakre, svært franske Debussy, og han avsluttar alt med Schubert. Då handlar det om ein fisk. Ein aure. Og melodien du kan frå før, kjem i midten.
Alt på eitt kort
Så kva skal ein velja, om ein nå ikkje kan gå på alt? Eg hadde satsa alt på nesten bare eit kort. På ein av dei konsertane som har skore programmet reint, heilt inn til margen. Anten onsdagens seine kveldskonsert, der New York Polyphony syng ganske ny musikk, av Andrew Smith - ei salme, ein klage til Gud. Før Messiaens Visions de l'Amen, for to piano - med Håkon Austbø og Yejin Gil. Musikalske visjonar over alt levande som seier "amen" i takk til Gud for sin eksistens. Eller eg hadde satsa på Utstein kloster fredag kveld, der same New York Polyphony tar heile konserten.
Litt av alt
Vil du gjerne ha litt av alt, av stemning, artistar og meir storslagne verk, hadde eg anten valt kveldskonserten torsdag, med Mozart-serenade, Sjostakovitsj-kvartett, og Messiaens dirrande vakre strykekvartett til Verdens ende. Eller same stad, lørdag klokka 13, for å få med deg Christian og den store romantikken. Dvorak først, Mozart i midten, og Christian med fleire i Sibelius til slutt.
For om sommaren ikkje er til å kjenna igjen frå i fjor eller frå året før der, så er nok Kammermusikkfestivalen det. I eitt år som dette, er det i seg sjølv ein fin ting.
Les også
Kommentator Solveig G. Sandelson
– Akropolis i Stavanger? Det høyres ut som ein by som vil vera større enn seg sjølv.
– Viss skulebarn blir meir og meir stressa av skulen, kvifor er det då barna vi skal endra?
– Frp har lenge bite seg sjølv i halen i bompengespørsmålet. Det gjer vondt
Det viktigaste med Frp? At dei insisterer på at folk må få sjansen til å velja sjølv.
«Biskopen bør seia nei til sjamanen»
Når det er Earth Hour, ja, så er det Earth Hour. I SV tar dei mørket på alvor.
Mest lest akkurat nå
Akkurat nå diskuterer ekspertene Norges koronaregler. Spesielt på to områder kan det bli endringer
To båter har gått ned på islagt fjord på Høle
Bor du i borettslag, i Smeaheia, i Bjergsted, på Hinna eller har du hus i naturfarge? Da bør du lese dette
Matvognen måtte etterfylle tre ganger sist helg: Hyttefolket vil ha middag med til fjellheimen
Smitte på Smiodden skole
Barneskoler og ungdomsskoler til gult nivå - nå er det disse reglene som gjelder
Aftenbladet anbefaler
Akkurat nå diskuterer ekspertene Norges koronaregler. Spesielt på to områder kan det bli endringer
Pøbel rørte verden, nå vil han gi denne gigantiske skulpturen til Jæren
Jente (17) ble sexfilmet i skjul. Så ble videoen delt på Snapchat: – Jeg har vært mye lei meg
Ble bedt om å jukse i korona-søknad