Hestenes-prisen til Leif Tore Lindø

Linn Ullmann. Vetle Lid Larssen. Anne Lindmo. Agnes Ravatn. Og nå Aftenbladets Leif Tore Lindø. Alle er dei mottakarar av den høgthengande Hestenes-prisen.

Leif Tore Lindø får Hestenes-prisen av Dagbladets kulturredaktør Geir Ramnefjell.
  • Jan Zahl
    Jan Zahl
    Kulturjournalist
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over syv år gammel

HAUGESUND: — Det er ein fryd å sjå ein ung kulturjournalist som briljerer på trykk i Stavanger Aftenblad. Som med sitt daglege virke understrekar kor viktig det er å satsa på kvalitetsjournalistikk i kulturredaksjonane, sa Dagbladets kulturredaktør Geir Ramnefjell då han måndag kveld delte ut årets Hestenes-pris til Leif Tore Lindø.

"Arne Hestenes' journalistpris for film, portrett og annen kulturjournalistikk" har sidan 1993 blitt delt ut på Filmfestivalen i Haugesund til yngre journalistar som lever opp til Hestenes' legendariske og blomstrande prosa.

Då me på ungdomsskulen fekk lov til å skriva kåseri. Då var det utforbakke resten.

Men mens Hestenes var ein fargerik levemann som glei naturleg inn blant stjernene i Cannes og var sjølve definisjonen på Dagbladets kulturradikale tradisjon, er årets vinnar avhaldsmann, søndagsskulelærar og – nytt av året: joggar.

Her kan du lesa døme på prisvinnarens prosa:

  • Aries Spears burde skamme seg!
  • Hypp på no hopping, Bryne?
  • Forbud mot å være fattig i Stavanger

Vinnarintervjuet

Her kjem eit 100 prosent inhabilt intervju:

- Kvifor skriv du ikkje bare kjedeleg og streit – som journalistar flest?

— Journalistar er heldige som får vera med på veldig mykje løye, men me skriv ofte dørgande kjedeleg om det. Mitt mål er å aldri skriva kjedeleg om noko som eigentleg er kjekt. Av og til får eg det til.

— Då me på ungdomsskulen fekk lov til å skriva kåseri. Då var det utforbakke resten. Plutseleg kunne me dikta opp ting, skriva syrleg og frekt, lyga, fornærma og bruka tid på å formulera kule setningar, ikkje hugsa om Jonas Lie var naturalist. Då blei det plutseleg kjekt å skriva.

Kjeft å få

- Nå får du ein fancy pris. Men ironien, satiren og det fargerike språket gir deg også mykje kjeft?

— Gjer ein noko som helst som ikkje er A4, vankar det kjeft. Det er ein kalkulert risiko at nokon syns du er ein idiot, særleg om du prøver å vera litt løyen. Ein gong blei eg vekka av ein rasande mann frå Jæren som hadde lese ein petit eg hadde skrive, som meinte historia stamma frå ein mindre heldig episode i ein drosjekø. Eg fekk brev frå mannens advokat og greier. Men altså: Skal det bli noko dansing, må ein jo trø nokon på tærne. Eg toler ganske mykje kjeft.

Kanskje ikkje like blomstrande verken i klesstil eller livsstil. Men Aftenbladets Leif Tore Lindø lever altså til fulle opp til Arne Hestenes' fargerike språk og journalistikk, ifølgje Hestenes-prisens jury for 2014.

— Har du nokre journalistiske forbilder eller ideal? - Første gong eg verkeleg elska ei avis, var det Arild Abrahamsen som skreiv. Sånn er det ennå. Hans filmmeldingar er mykje av grunnen til at eg våga å gå utanfor skjema i Aftenbladet. Arild kan skriva fantastisk om absolutt alt. Han er eit formuleringsgeni.

- Kor mykje har du lese av Arne Hestenes?

— Noko, men ikkje nok. Eg kjenner sjølvsagt mannens rykte. Norske aviser er truleg betre enn nokon gong, men me saknar folk som Hestenes og andre som verkeleg kunne skriva. Folk det luktar svidd av. I dag er det mange ryddige og flinke folk som skriv ryddige og ordentlige tekstar. Heldigvis finst det unntak. Eg håper tempoet på nettet, klikkjagande redaktørar og hardt pressa mellomleiarar tek vare på dei få lause kanonane som finst, seier Lindø, som også får ros heimefrå:

Redaktørskryt

— Prisen er særs fortent – og særs kjekk for Aftenbladet, seier ansvarleg redaktør Lars Helle, som er gammal nok til å ha vore kollega med Hestenes i Dagbladet.

— Det var både inspirerande og underhaldande å ha ein slik verdsreporter tvers over gangen. Det motiverte oss alle til å arbeida med språket, sjølv om ingen andre fekk skriva så langt som han. Leif Tore har nok oppdaga avgrensingas kunst i større grad enn Hestenes, seier Helle. Men det er fleire forskjellar:

— Hestenes var sjølvsagt ein snobb, noko som også framgjekk av reiserekningane hans. Leif Tore er det motsette, og stadfestinga av at det ikkje er nødvendig å bada i champagne for å skriva gode saker. Derfor feirar me dette i Aftenbladet i dag. Ikkje med champagne, men med kake.

Les også

  1. «Forbud mot å være fattig i Stavanger»

Publisert:

Mest lest akkurat nå

  1. Kvinne brukte superlim på naboens elbil-lader

  2. Trafikkuhell i Hillevåg

  3. Et enkelt Messenger-spørsmål fra en slektning ble til et mareritt for Rune Nedrebø

  4. Hadia Tajik-erstatter klar for Stortinget – tre kandidater til maktrolle i Rogaland

  5. Nå herjer tidligere Viking-talent: – Alltid visst at jeg har det i meg

  6. Bilen tok fyr på hyttetur