Vil ha oljekunst inn i kunstmuseet

KUNST: Det finst få spor av Norges største og viktigaste næring i norske kunstmuseum. Det næraste du kjem oljekunst på Stavanger museum, er sannsynlegvis oljemåleri.

Søndag opnar ein internasjonal konferanse om kunst og olje på Stavanger kunstmuseum, med ein performance av Anna Ihle (t.v.). Anne Szefer Karlsen og Helga Nyman (t.h.) er ansvarlege for konferansen som om eitt år munnar ut i ei utstilling. Foto: Fredrik Refvem

  • Jan Zahl
    Jan Zahl
    Kulturjournalist
Publisert: Publisert:

– Me har også stilt oss spørsmålet: Kvifor viser ikkje olja meir igjen i norske kunstmuseum – særleg med tanke på at fleire kunstnarar har jobba med tematikken, seier Helga Nyman, kurator ved Stavanger kunstmuseum.

Søndag startar det som blir ein stor, internasjonal og digital konferanse på museet.

– Planen var at dette skulle bli ein fysisk konferanse. Men til gjengjeld har me nå nær 250 påmelde frå heile verda – og det digitale formatet gjer at me kan dra på virtuell ekspedisjon både til kunstmuseet i Doha og til Oljemuseet i Stavanger, seier Anne Szefer Karlsen, professor i kuratorpraksis ved Universitetet i Bergen.

Blir oljeutstilling

Konferansen dei to har ansvaret for blir startskotet for det som skal bli ei stor, internasjonal gruppeutstilling på Stavanger kunstmuseum som opnar i november 2021. Utstillinga skal visa verk som reflekterer erfaringar frå det å leva i ein oljenasjon.

– Har de forslag til svar på kvifor me ikkje ser oljekunst på kunstmusea i oljenasjonen Norge?

– Det har så langt vore lite interesse fra musea, sjølv om kunstnarar og akademikarar jobbar med dette temaet. Kanskje kan noko av grunnen være at dei færraste av oss er merksame på at det finst olje i ei rekkje produkt me omgir oss med, seier Szefer Karlsen, og peikar blant anna på sin eigen mobiltelefon og stolen ho sit på.

– Dei fleste av oss reflekterer lite over at me er del av eit oljesamfunn, og identifiserer oss kanskje ikkje med olja på eit personleg plan, seier Nyman.

Les også

Er kunsten viktig for samfunnet?

Les også

Kunstmuseet løftar fram den regionale kunsten

Les også

Lokal kunst viser muskler i pandemiens tid

Heia olja?

Ein skulle kanskje tru at eit produkt og ein industri som har vore så avgjerande for det moderne Norge ville bli tematisert i utstillingar.

– Med tanke på at oljepengane finansierer offentlege kunststipend, har skapt ein rikdom som har gjort at både enkeltpersonar og bedrifter – som Equinor – har kunna kjøpa kunst: Er haldninga til oljeindustrien i kunstfeltet framfor alt prega av takknemlegheit og glede?

– Det er vanskeleg å svara på det spørsmålet på vegne av kunstnarane. Alle delar av det norske samfunnet er oljefinansiert, men eg trur ikkje folk nødvendigvis tenkjer så mykje over det, svarer Nyman.

– Du finn ulike refleksjonar rundt olje i kunstfeltet også, rundt rikdom og politikk, velferdssamfunn og sosialdemokrati. Det blir eit litt for enkelt spørsmål, seier Szefer Karlsen.

– Spørsmålet er basert på ein fordom om at kunstfeltet kan ha ein tendens til å vera mest kritisk til oljeindustrien – som er så viktig for kunstnarøkonomien – både til dei kapitalistiske og dei miljømessige sidene, og til dømes nekta å ta imot stipend frå Statoil.

– Men slike kritiske ytringar har i sin tur bidrege til å få i gang interessante diskusjonar rundt olje. Kunstens og kunstnarens rolle er nettopp å stille kritiske spørsmål. Og så er det opp til media å plukka opp denne typen refleksjonar og evna å nyansera – for å provosera litt tilbake, seier Szefer Karlsen.

Internasjonal samtale

Slike spørsmål skal altså diskuterast både av forskarar og kunstnarar når dei møtest på nettet til helga. For dette er ein internasjonal diskusjon som Stavanger kunstmuseum med dette melder seg på.

– Det blir ein måte å delta i ein internasjonal samtale – der 100 prosent av deltakarane faktisk viser seg å koma frå oljenasjonar, inkludert Norge, og kanskje har felles erfaringar, seier Szefer Karlsen.

– Finst det eitt einaste verk av oljekunst i Stavanger kunstmuseums samling?

– Eg veit ikkje, for me har tusenvis av verk og eg har ikkje oversikt over alle. Kanskje kan det finnast enkeltverk som kan gå inn i denne samanhengen, svarer Nyman.

– Så det næraste me kjem oljekunst i Stavanger kunstmuseums samling, er – enn så lenge – oljemåleri?

– Haha, ja kanskje det?

Les også

  1. Kunstsalget stuper – og øker. Forklaringen er den samme: Korona

Publisert:
  1. Kunst
  2. Stavanger kunstmuseum

Mest lest akkurat nå

  1. Gladnyhet om skatt i Stavanger

  2. Det eneste minnet Gjert har om faren er da han lærte å sykle - på trehjulssykkel

  3. To lokale bedrifter har dratt inn 327 millioner i arbeid for ett datasenter

  4. Vikings daglige leder: – Det har vært noen hektiske, spesielle og vonde dager

  5. Brann i gjenbruksbutikk i Stavanger

  6. Ny skisse gir plaster på sårene i Bymiljøpakken