Absurd Knutsen & Ludvigsen

FILM: Tynn historie, men fantasifull og fargerik Knutsen & Ludvigsen-oppfølgjar.

I himmelen møter Knutsen & Ludvigsen Kaptein Knutsen.
  • Jan Zahl
    Jan Zahl
    Kulturjournalist
Publisert: Publisert:
Grade: 4 out of 6
iconDenne artikkelen er over ett år gammel

Knutsen & Ludvigsen 2 – Det Store Dyret

Sjanger: Animasjon / Familiefilm / Barnefilm. Norske stemmer: John Brungot, Hermann Sabado, Per Inge Torkelsen, Heidi Goldmann, Anne Grete Preus, Bartek Kaminski, Mimmi Tamba, Kristin Grue, Hasse Hope, David Skaufjord. Regi: Rune Spaans, Gunhild Enger. Nasjonalitet: Norge, 2020. Tillaten for alle. Lengde: 1 t. 18 min.

Første animasjonsfilm om folkekjære Knutsen & Ludvigsen gjorde det skarpt på kino i 2015. Dermed er det ikkje til å undra seg over at oppfølgjaren «Det store dyret» nå får premiere.

Knutsen, altså Øystein Dolmen, står sjølv bak manus. Eit manus med ei syltynn historie – men stappfullt av absurde innfall og fantasi.

Historia: Knutsen & Ludvigsen (og grevlingen i taken, må vita) bur i tunnelen sin. Ein dag kjem ein konduktør med eit brev frå «Myndighetene» der det står at dei må flytta. Dei to bestemmer seg for å finna Knutsens bestefar, ein gammal sjørøvar Per Inge Torkelsen gir stemme til, for å få hjelp. Og så viser det seg at det er ein gammal flamme av denne Kaptein Knutsen som eigentleg er på jakt etter ein ryggsekk av stein, utan at det er så lett å skjønna kva den skal brukast til. Det er syltynt, ja.

Gudrun (med stemma til Anne Grete Preus) er den ikkje så veldig skumle skurken i filmen.

Men alt dette sender altså dei to animerte raringane ut på ei reise som både sender dei på ein fargerik syretripp der inne i tunnelen, til himmelen på ei sky, til Nordpolen og Syden. Animasjonen er, som forventa, ikkje heilt på nivå med Pixar, men fargerik, flott og tilstrekkeleg spektakulær til at det er flott å sjå på. Og det skal jo ein animasjonsfilm vera.

Det heile går altså litt i hytt og vêr, hit og dit, absurd og fint. Men av og til går det litt sakte for min smak, ikkje alle «sketsjane» er like morosame, enkelte av dialogane mellom dei to blir litt teite.

Les også

Øystein Dolmen skriver memoarer om Knutsens & Ludvigsens glansdager

Songane har ikkje alltid ein tydeleg samanheng med handlinga, men er i seg sjølv jamt over kule. Her er fleire nikk til både musikkvideoar, tidlegare animasjonsfilmar, klassisk kunst og dataspel. Verbalt er det mindre av den doble botnen som verkeleg gode animasjonsfilmar kan ha, som appellerer til dei vaksne som er med ungane på kino.

Men visuelt flott er det, fantasifullt og komplett absurd.

Publisert:
  1. Animasjonsfilm
  2. Filmanmeldelse
  3. Anmeldelse
  4. Film
  5. Kino

Mest lest akkurat nå

  1. Slik blir bompengesatsene på ny E39

  2. – Endelig tror folk på min historie

  3. Knut Arild Hareide inn­rømmer sine «unn­latelses­synder». Nå for­later han riks­politikken

  4. Helsedirektoratet og FHI anbefaler at samfunnet gjenåpner rundt månedsskiftet september/oktober

  5. Hovden Høyfjellshotell skal sannsynligvis rives

  6. Her gjør de endelig klar for festival igjen – etter et rekordår på Jæren