Ungdommens råskap

TV: Musikkvideoinspirert ungdomsserie om sexfilm på avvege og ungdommens råskap i Oslo vest.

Marit og Marion er bestevenninner. Vennskapet blir sett på prøve i den nye tv-serien «Delete Me». Foto: Viaplay

  • Jan Zahl
    Jan Zahl
    Kulturjournalist
Publisert: Publisert:
Grade: 4 out of 6

Delete Me

Plattform: Viaplay. Premieredato: Søndag 7. mars (alle 7 episodane). Med: Thea Sofie Loch Næss, Amalia Holm, Axel Bøyum, Sofia Tjelta Sydness, Sjur Vatne Brean, Happy Jankell. Serieskapar: Marie Kristiansen.

For eit mareritt: Du er 19 år, russ, festar, testar grenser på rus- og sexfronten. Men til forskjell frå tidlegare generasjonar, risikerer du at det heile blir filma. Og at filmen hamnar på nettet, går viralt og at «alle» plutseleg har sett deg på ditt mest intime.

Eit intimt øyeblikk går viralt i «Delete Me». Korleis kunne det skje? Foto: Viaplay

Dette er utgangspunktet for serieskapar Marie Kristiansens nye ungdomsserie på Viaplay. Bestevenninnene Marit og Marion – eit lite nikk til M2M, der – er russ saman. Dei trenar synkronsvømming saman, drøymer om stipend til Miami saman. Men så skjer det ting som set vennskapet på alvorleg prøve.

På same måte som Christopher Nolans film «Memento» , fortel «Delete Me» historia baklengs. Me startar altså med den dramatiske slutten, og jobbar oss så bakover i handlinga. Dei første par episodane kan forteljargrepet kjennast litt kaotisk og forvirrande.

Men det kan også henga saman med det formmessige grepet i forteljinga. Eg blei sitjande og tenkja på kva det liknar mest på. Og det næraste eg kjem eit svar, er kanskje musikkvideoformatet. Musikken er heile tida fint til stades, mange av scenane ser ut som musikkvideoar. Ikkje minst festscenene. Kristiansen er ikkje ukjent med formatet. Ho laga videoen til Karpes «Hvite menn som pusher 50». «Delete Me» har eit tydeleg og særprega – og ganske kunstnarisk – visuelt preg.

Full rulle på russebussen «Ass If». Foto: Viaplay

Kamera ligg stort sett svært tett på ungdommane, i lange strekk like tett på ansiktet som mobilen dei heile tida har retta mot seg sjølv. Det er ein slags refleksjon av selfie-kulturen, av sosiale mediums totale dominans i unge menneskes liv, der likes, vellukka liv og popularitet i gjengen er viktigaste kapital. Dette er særs sett på spissen i Oslo vest-miljøet «Delete Me» skildrar. Her er det lite slack, lite raust, tronge rammer og nådelause tilstandar.

Er det truverdig? For meg – kvit mann/vestlending som har pusha 50 – tippar det litt for mykje over til at eg trur dette er representativt for den jamne, norske 19-åring. Særleg «hacktivisten» og hemnaren Fanny verkar litt søkt.

Men dei unge skodespelarane gjer ein god jobb. Og det er kult med ein ungdomsserie med såpass sterkt visuelt særpreg.

Publisert:

Film- og tv-anmeldelser

  1. Super-kalkun fra Netflix

  2. Romantikk i livets høst

  3. «Eg heldt på å kjeda meg i hel den første halvtimen, men så...!»

  4. Animert moro for menigheten

  5. Du vet at serien treffer blink når du roper «Akkurat sånn er det!» til tv-en

  6. «Handmaid’s tale» held same høge – og mørke – nivå i sesong fire

  1. Film- og tv-anmeldelser
  2. TV
  3. Viaplay
  4. TV-anmeldelse
  5. Anmeldelse