Sorg med spreiing

BOK: Hilde K. Kvalvaag kastar seg ut i eit dobbelt risikabelt romanprosjekt.

Hilde Kvalvaag er aktuell med romanen «Djuphavsslettene».
  • Jan Askelund
    Jan Askelund
    Forfatter og litteraturkritiker
Publisert: Publisert:
Grade: 5 out of 6

Hilde K. Kvalvaag: Djuphavsslettene. Roman. 391 sider. Vigmostad Bjørke.

Lesaren skal ikkje vera i tvil om at denne eg-romanen av Hilde K. Kvalvaag (1968, debut 2003) skildrar forfattaren si private sorg over ein son som tok sitt eige liv før han blei tjue, til dét blir det sagt for mange gonger, og lagt ut så mange markørar i teksten. (Han knyter også an til den førre romanen hennar, «Lev vel, alle», der ein humørsjuk ungdom gjer livet vanskeleg for hovudperson-mor si, seg sjølv og dei rundt han.)

I det romanen opnar, er det to år sidan «du», sonen Victor, «gjekk ut» og hengde seg. I eg-form vender mora seg nå til sonen etter det som nok var «eit varsla sjølvmord», men som kom sjokkarta overraskande den dagen det skjedde. «Djuphavsslettene» er ein tittel som neppe vil dra til seg mange lesarar, men begynner ein på boka, må ein bli gripen av intensiteten i den sorga og kjærleiken som held teksten oppe, og som det er ei litterær bedrift å halda ved like over nesten 400 sider. 

Sorg er eit anna ord for tap. Her er i tillegg sorg eit anna ord for kjærleik

Mora kjenner det nå som ho sjølv «går rundt som ein døyande duracellkanin» der ho mødesamt skriv fram sitt posthume portrett av sonen. Ho gjer det ved å skildra sonen i den familie- og vennesamanhengen han voks opp og levde i, i ein søskenflokk på fire, med kjærlege foreldre og ei aldri sviktande mor som gjorde kva ho kunne for at han skulle få det godt med seg sjølv.

Det same gjorde dei overberande vennene og kjærasten som alle bar over med den labile Victor, som svinga frå høgstemt glede, «positiv likesæle» til sjølvmorderisk svartsyn – oftast og mest av det siste. Han har ikkje vore lett å vera i lag med, og han har trunge mange støytdemparar oppgjennom, men nokon terapeutisk diagnose får han ikkje på alle desse sidene.

Både mens Victor levde, og endå meir etterpå, reiser familien mykje: «vi flyktar igjen», så lenge pengane rekk. Nå lar ikkje sorga seg reisa frå, mens lesaren tidvis må registrera at skildringa av den personlege og familiære tragedien som sjølvdrapet er, bikkar over i sjølvoppslukt konsentrasjon om moras behov, ønske og reaksjonar, men der ho mot slutten også får auga betre opp for den medfølgjande lidinga til resten av familien – mannen/faren og søskena, kjærast og venner. 

Sorg er eit anna ord for tap. For Hanne K. Kvalvaag og i hennar roman «Djuphavsslettene» er i tillegg «sorg eit anna ord for kjærleik».

Publisert:

Bokanmeldelser

  1. Så galt kan det gå når en voksen tukler med barn

  2. Opp­rørende be­skriv­else av hvor kynisk arbeids­folk er blitt ut­nyttet

  3. Anmelderen er imponert: En historisk roman av de sjeldne!

  4. Kunnskapsbasert og entusiastisk om viking­tida

  5. Hun jobber som advokat for Google. Så skrev hun en roman som virkelig tok av

  6. Han har anmeldt 27 av Saabye Christensens bøker. Denne gang er han ikke helt fornøyd

  1. Bokanmeldelser
  2. Anmeldelse
  3. Bokanmeldelse
  4. Roman
  5. Litteratur