Få sider, ingen faktar, storveges roman
BOK: Marianne Clementine Håheims «Plikt» er ei bragd av ein roman i det vesle formatet.
- Jan AskelundForfatter og litteraturkritiker
Marianne Clementine Håheim: Plikt. Roman. 136 sider. Oktober.
Marianne Clementine Håheim (1987) debuterte i 2012 med diktsamlinga «Bilydar», som ho fekk mykje skryt for. Tre år seinare heldt ho fram med romanen «Svart belte», der ho med eit kunstverk på eit hundretals trykksider om uboteleg einsemd og sorg makta å gjera sjukdomen anoreksi til lødig, imponerande litteratur.
Vårens «Plikt» er hennar andre roman, og framleis er ho poet i tilnærming og språk: Også «Plikt» er ein liten roman i sidetal - og på dei fleste sidene er det dessutan godt med luft, så forteljinga er ikke på mange orda til ein roman å vera. Men så fortetta som teksten er, der antydingar og det usagte får tala saman med metaforar og samanlikningar, meddeler han mykje, like bevegande som det er stillfarande.
«Plikt» opnar med gravferda til den 73-årige enkemannen Jon («pappa» gjennom resten av boka). Han var sauebonde, dugande småbrukar, ein strevsam og nøysam arbeidskar, respektert av alle. Utan mange eigne spørsmål, nærmast som ei sjølvsagt sak, kjem sonen «eg» nå heim frå byen og overtar. Han veit at slik lever faren og verket hans vidare, på same tid som sonen blir røynleg for seg sjølv. Plikta har valt han.
Meir er det ikkje: Forteljingas eg går einsam og aleine gjennom dagane, slit og strevar med oppgåver som er for store for éin mann, om aldri så arbeidsfør, med ein flokk sauer og eit bruk som aldri kan gi han utkome. Han gjer det likevel. Han er ein sær heros som utan faktar og ord gjer det han med seg sjølv veit at han skal og må – tittelens «Plikt». Sånn freistar han å gjera det umulege. Han bare gjer det, uten tanke på at det er noko heroisk med å slåss ein kamp der nederlaget er gitt.
Dei tre siste avdelingane av romanen opnar med ei hugseliste over dei gjeremåla han i starten sette seg føre å utføra framover. Slik, og heilt utan å måtta gni noko inn, syner forfattaren effektivt og økonomisk kva for ei håplaus oppgåve han tar i gang med. For det er ikkje mykje som etter kvart blir stroke frå den lista, her det går både vinter og vår før den einsame gardsguten på eiga jord blir tvinga til å innsjå at dette ikkje går lenger, der han ligg tyngd av alt han ikkje får gjort og skamma han kjenner ved det.
Mens Marianne Clementine Håheim, og det etter bare tre tynne bøker, står igjen som ein ferdig diktar.
Bokanmeldelser
Mest lest akkurat nå
For en dag, for et vær, for en 7-nutstur
Over en million tv-seere så huset deres i beste sendetid
Da hun ble gravid med sin homofile venn, ringte Anniken Huitfeldt for å spørre om det alle lurte på
Finn stanser annonser med passtimer til salgs
Stadig flere russere blir skeptiske til krigen - unge er mest negative
Rødt kort og drama – ble helten for Klepp
Aftenbladet anbefaler
Over en million tv-seere så huset deres i beste sendetid
Ansatte gruet seg til 11-åringen med anoreksi kom til avdelingen: — Rystet oss
Politiet gjorde alkoholfunn i konteiner: Butikksjef erkjenner salg av smuglerøl og -sprit
Etter «vaksine-brevet» begynte Heart å føle press. Nå melder hun seg ut av MDG