Matlary ropar ulv

SAKPROSA: Janne Haaland Matlary kunne ha skrive ei tankevekkande, motstraums bok om truslane mot demokratiet. Men ho brukar for grovt og upresist skyts.

– Janne Haaland Matlary skyt gjerne frå hofta, men seksløparen hennar er ikkje noko presisjonsvåpen, skriv Aftenbladets Tom Hetland om hennar nye bok.
  • Tom Hetland
    Tom Hetland
    Kommentator, tidl. sjefredaktør i Aftenbladet
Publisert: Publisert:
Grade: 3 out of 6

Janne Haaland Matlary: Demokratiets langsomme død. 259 sider. Kagge Forlag.

Janne Haaland Matlary er uroleg for demokratiet i Vesten. Ho meiner det blir underminert av polarisering og identitetspolitisk splitting, av arrogante elitar og av overnasjonale organ som med sine mange lovar og reglar tek krafta ut av det nasjonale demokratiet og passiviserer borgarane. Dette har ho skrive bok om.

Men når boka kjem ut i desse dagar, blir spørsmålet uunngåeleg: Korleis passar denne dystopiske forteljinga med dramaet som nå utspelar seg i Ukraina? Tilsynelatande svært dårleg. Dei vestlege demokratia har, som før i historia, vist imponerande evne til å samla seg i kriser. Dei har synt seg alt anna enn svake og handlingslamma i møtet med Putins aggresjon. Særleg EU står fram både som eit fyrtårn og ein effektiv aktør, med raske tiltak som er drivne fram av aktive borgarar som vil forsvara demokratiet.

Likevel kan det henda at det nye alvoret kjem ein del av Matlarys uro i møte. For Ukrainas kamp viser også at idéen om eit nasjonalt fellesskap framleis har enorm mobiliseringskraft. Og kanskje vil gruppeinteresser i større grad måtta vika for eit sterkare samhald og eit større medvit om felles verdiar. Etter møtet med Den Store Aggresjonen kjennest kanskje ikkje «mikroaggresjonar» like viktige å snakka om. Me kan få eit samfunnsklima som, på godt og vondt, minner meir om tilstandane under den kalde krigen.

Det står att å sjå. Så la oss gå tilbake til boka.

Motstraums kulturkonservativ

Janne Haaland Matlary er ei kontinental kulturkonservativ stemme som me har få av her til lands. Slik sett er ho godt posisjonert som utkikkspost til stemningar og nyorienteringar på delar av den europeiske høgresida i kulturkrigens tid.

Dette er ei kvinne som sat på kjøkkenet og gret då Norge sa nei til EU i 1994. Nå er ho nådelaus mot «arrogansen i Brussel», og meiner at britane hadde gode grunnar for å melda seg ut. Ho har vore ein varm forsvarar av sivilsamfunnet, men meiner nå at frivillige organisasjonar har fått for stor makt og staten for lite. Og ho forsvarar austeuropeiske land som Ungarn og Polen når dei held fast ved tradisjonelle verdiar i familie- og kjønnspolitiske spørsmål (slik som også Ukraina, Moldova og Georgia truleg vil gjera det når dei blir EU-medlemmer).

Her er ting me bør tenkja over, og som ein motstraums, reflektert verdikonservativ samfunnsanalyse kunne boka ha blitt interessant. Det er også noko fascinerande ved ein person som – før Ukraina – våga snakka i vendingar som desse: «Bare dersom demokratiets borgere er dydige – djerve, kløktige, rettferdige og utholdende – blir demokratiet et godt styresett.»

Bastant og kraftlaus

Men til professor i statsvitskap å vera er Matlary merkeleg lite analytisk. Det er noko påståeleg, nesten kommentarfelt-aktig over prosaen hennar, trass alle referansar til antikk filosofi og kristen truslære. Ho skyt gjerne frå hofta, men seksløparen hennar er ikkje noko presisjonsvåpen. Påstandane blir ofte så bastante at dei misser si kraft: Utanriksdekninga i norske medium er «pinlig banal», tolkinga av verda er til tider «infantil», Dagsrevyens internasjonale dekning er «verden rundt på ti sekunder». At Kina er ein like mektig stat som USA, er ein dristig påstand. Og når ho skriv at «vi registrerer knapt at Norges politikk vedtas av andre land» gjennom EØS-avtalen, vil det nok skuffa kommentatorar i Dagens Næringsliv, VG, Aftenposten og Aftenbladet, som minner oss om det så ofte dei kan.

Størst tyngde legg Matlary i angrepa på woke-ideologi, radikal rase- og kjønnsteori, «krenkingshysteri» og kanselleringskultur, som ho kallar «Den nye intoleransen». I utgangspunktet har kritikken mykje for seg, og særleg venstresida bør vakta seg vel for å bagatellisera han. Men igjen blir Matlary så einsidig og kategorisk at ein ettertenksam lesar uvilkårleg må spørja om det ikkje også finst ein gammal intoleranse som desse fenomena er ein reaksjon på.

Det er som regel klokt å forstå og forklara før ein fordømmer. Her har Matlary det for travelt.

Publisert:

Bokanmeldelser

  1. God og gripende lesning

  2. Ambisiøst? Ja. Vellukka? Nei.

  3. Et rått innblikk i virkeligheten som barselopprørerne kjemper for å synliggjøre over det ganske land i disse dager

  4. Hvorfor døde kona di, Thor?

  5. Spennende og varm og nydelig og ekkel

  6. Godt om vennskap, farskap og mannsrollen

  1. Bokanmeldelser
  2. Litteratur
  3. Bokanmeldelse
  4. Anmeldelse
  5. EU