Hamersk på amerikansk

FILM: Underfundig og smått absurd frå eit USA i forfall.

Visuelt er det ein fryd å sjå på. Velkomponerte bilete viser det amerikanske forfallet, både menneskeleg og materielt.
  • Jan Zahl
    Jan Zahl
    Kulturjournalist
Publisert: Publisert:
Grade: 4 out of 6

THE MIDDLE MAN

Kinopremiere: 17.09.2021. Med: Pål Sverre Hagen, Tuva Novotny, Aksel Hennie, Trond Fausa, Nicolas Bro, Paul Gross, Nina Andresen Borud. Sjanger: Drama / Svart komedie. Regi: Bent Hamer. Nasjonalitet: Norge, 2021. Aldersgrense: 9 år. Språk: engelsk. Lengde: 1 time, 31 minutt.

Det er tydelegvis sesong for svarte komedier i norsk film. Sist veke kom Petter Næss’ «Ingenting å le av» - der hovudpersonen får kreft, mistar jobben og blir dumpa av dama på ein og same dag. Denne veka kjem Bent Hamers «The Middle Man», der hovudpersonen får jobben med å overbringa dårlige nyheiter i ein deprimerande amerikansk småby full av ulukker.

Hamer er ein av Norges mest særprega - og kritikarroste - filmskaparar. Heilt frå langfilmdebuten «Eggs» (1995) har han laga ei kresen rekkje filmar der han har skapt seg eit eige, nær sagt «hamersk», univers. Eit fåmælt, underfundig, ganske stille, smått absurd og stilisert univers.

Så også i «The Middle Man», med undertittelen «Death is a hard way to make a living». For andre gong har Hamer lagt historia si til USA. Men mens «Factotum» var basert på ein tekst av amerikanske Charles Bukowski og hadde eit amerikansk cast, er «Middle Man» basert på ein roman av Lars Saabye Christensen og har eit blanda cast av amerikanske, norske, svenske og danske skodespelarar. Alle snakkar bra engelsk - men sjølvsagt ikkje som amerikanske skodespelarar. På eitt vis forstår eg ikkje heilt kvifor Hamer har med alle desse skandinavane til USA. Men så er det til gjengjeld eit stjernelag han har fått med seg.

Hovudperson Frank Farrelli (Hagen) får altså jobben som «mellommann» i den amerikanske småbyen Kormack, ein by i forfall og med ei rekke ulykker og tragedier. Både Farrelli, «kommisjonen» som gir han jobben og alle rundt tilnærmar seg denne absurde oppgåva med ei slag sindig, hamersk ro. Og her ein stad ligg nok også komikken, i avstanden mellom tragedier, alvor og dramatikk - og menneskas merkelege måte å handtera det på. Alle vil nok ikkje le. Dette er svært langt unna revyhumor. Og ulempa med det hamerske universet er at det kan bli litt for låg-energi til å fenga veldig sterkt.

Visuelt er det ein fryd å sjå på. Velkomponerte bilete viser det amerikanske forfallet, både menneskeleg og materielt. Og sjekk detaljane, dei små historiene i ytterkanten av bileta. Den fastlenka plaststolen. Pasienten utanfor sjukehuset. Der har du små filmar i filmen.

Publisert:

Film- og tv-anmeldelser

  1. Dersom Aksel Lund Svindal hadde stilt til valg, kunne han tatt over landet på et kvarter

  2. Det er lett å forstå hvorfor hun vant prisen for beste skuespiller i Cannes

  3. Kan man forelske seg i en robot? Denne filmen prøver å svare på det

  4. Denne filmen blei nominert til Oscar for beste utanlandske film. Det er forståeleg

  5. Ah, så godt å endeleg få sjå ein skikkeleg storfilm!

  6. Ser og høyrest ut som ein inter­nasjonal thriller

  1. Film- og tv-anmeldelser
  2. Anmeldelse
  3. Film
  4. Filmanmeldelse