Bond, menneskeleg Bond

FILM: Den nye Bond-filmen byr på alt du treng av action, spektakulære scener og tørr humor. Overraskinga ligg i at Bond i «No Time To Die» også blir eit menneske.

Daniel Craig gjer James Bond for siste gong, som pensjonert agent 007. Lashana Lynch spelar MI6’s nye 007 i «No Time To Die».
  • Jan Zahl
    Jan Zahl
    Kulturjournalist
Publisert: Publisert:
Grade: 5 out of 6

JAMES BOND: NO TIME TO DIE

Kinopremiere: 01.10.2021. Med: Daniel Craig, Rami Malek, Christoph Waltz, Ralph Fiennes, Jeffrey Wright, Ana de Armas, Léa Seydoux, Naomie Harris, Lashana Lynch, Ben Whishaw. Sjanger: Action / Thriller. Regi: Cary Joji Fukunaga. Nasjonalitet: USA, 2019. Aldersgrense: 12 år. Lengde: 2 timar, 43 minutt.

Ah, så godt å endeleg få sjå ein skikkeleg storfilm! På skikkeleg stort kinolerret! I ein skikkeleg, stor kinosal! Ingenting vondt om sofaen og Netflix, men dette er noko heilt anna. Dette er slik ein skal sjå James Bond-filmar.

«No Time To Die» har blitt utsett tre gonger på grunn av koronaen. Når han nå endeleg kjem på kino, er samfunnet opna – og endeleg kan kinosjefar landet over fylla opp salane. James Bond kan bli mannen som ikkje berre reddar verda, gong etter gong, men også kinoøkonomien i haust.

Om det er ein bra film, då. Og det er heldigvis «No Time To Die». Det er klassisk James Bond – men samtidig ein litt annleis Bond-film. Eg skal koma tilbake til det.

Historisk bagasje

Det heile startar med fleire historiske tilbakeblikk. Fortida, ikkje minst representert gjennom den kriminelle organisasjonen «Spectre», skal nemleg spela ei hovudrolle på nåtidsplanet i filmen.

Strengt tatt er agent 007 pensjonert, og lever rolege dagar aleine på Jamaica. Men så blir han overtalt til å steppa inn av ein gammal venn. Han viklar seg inn i ein serie dramatiske hendingar som spenner frå italienske fjellandsbyar, Santiago de Cuba via Nordmøre og Nittedal og til ei øy langt uti havet mellom Russland og Japan.

På eit visst tidspunkt er plottet så komplisert at eg sleit med å forstå kven som var kva; kven som var venner, fiendar, skurkar eller heltar. Men det betyr ikkje så mykje. Poenget er at her er ein ond skurk – minst! – og at millionar av liv står på spel. Som ein slags skjebnens ironi etter halvtanna år med sosial avstand, handlar det om eit biologisk våpen som kan smitta mellom menneske sjølv ved den minste berøring.

Action og humor

James Bond må levera på action. Etter at Marvel-universet tok over mainstreammarknaden på kino med sine spektakulære filmar, har Bond mykje å leva opp til for å verka oppdatert på actionfronten. Det gjer «No Time To Die». Her er biljakter, eksplosjonar og slåstkampar slik det skal vera.

«No Time To Die» byr på all den actionen du ventar av ein James Bond-film.

Her er også den tørrvittige, britiske humoren – fint levert av Daniel Craig i det som er hans siste film som James Bond. Men det overraskande – noko av det som løftar denne filmen opp frå å vera rein, tanketom og underhaldande action – er at Craig i sin siste film gjer Bond til meir av eit menneske. Eg skal ikkje påstå at Bond er blitt direkte mjuk, men her er eit emosjonelt nivå eg ikkje har sett i ein Bond-film før. For første gong føler du med verdas mest kjende britiske agent.

Rundt han er det – som vanleg – eit kompetent galleri skodespelarar i alle dei kjende og kjære rollene, Q, M, Moneypenny. Og eit tidstypisk tilskot til agentfamilien med ein kvinneleg, svart agent (Lashana Lynch) som den «nye» agent 007, i og med at den «gamle» er pensjonert.

Ikkje ond nok

Men eg syns ikkje skurken er skurkete eller ond nok. Rami Malek spelar Lyutsifer Safin på ein merkeleg mimikklaus og flat måte som kanskje skal verka avstumpa, men som for meg står fram som uengasjert.

Rami Malek spelar skurken Lyutsifer Safin. Men er han ond nok?

«No Time To Die» er den 25. James Bond-filmen i rekka. Det er også Daniel Craigs femte og siste som verdas mest kjende britiske agent. Han tek eit verdig farvel i ein film som både tenkjer og leverer i skikkeleg stort format. Ikkje berre som tidenes lengste Bond-film, men kanskje også den som loddar djupast.

Publisert:

Film- og tv-anmeldelser

  1. Går det an å teikna ein dokumentarfilm om Taliban? Absolutt!

  2. Burde vært bedre

  3. Dersom Aksel Lund Svindal hadde stilt til valg, kunne han tatt over landet på et kvarter

  4. Det er lett å forstå hvorfor hun vant prisen for beste skuespiller i Cannes

  5. Kan man forelske seg i en robot? Denne filmen prøver å svare på det

  6. Denne filmen blei nominert til Oscar for beste utanlandske film. Det er forståeleg

  1. Film- og tv-anmeldelser
  2. Filmanmeldelse
  3. Film
  4. Anmeldelse
  5. Daniel Craig