Ingen reddar klimaet aleine

SAKPROSA: Anja Bakken Riises private klimakur endar opp som ei utfordring til politikken.

Anja Bakken Riise prøvde å redusera sitt klimaavtrykk frå 11 tonn CO2 per år til 2,5 tonn. «Mitt klimaregnskap» handlar blant anna om korleis det gjekk.
  • Tom Hetland
    Tom Hetland
    Kommentator, tidl. sjefredaktør i Aftenbladet
Publisert: Publisert:
Grade: 5 out of 6

Anja Bakken Riise: Mitt klimaregnskap. 352 sider. Res Publica.

Det er eit kvalitetsmerke ved ei bok at ho gir lesaren mange aha-opplevingar, at ho fortel ting som overraskar og set saker i nytt lys. Ei slik bok er «Mitt klimaregnskap».

Eit eksempel som fekk meg til å tenkja: Eg kjenner ein innbarka ungkar ein stad på kysten. Han avskyr Miljøpartiet Dei Grøne. Han synest det blir altfor mykje mas om klimaet. Og han hissar seg opp kvar gong bensinprisen stig med ti øre.

Men sannsynlegvis har denne karen i praksis ein meir klimavennleg livsstil enn meg sjølv og dei aller fleste i min omgangskrins. Bilturane hans er stort sett dei 5-6 kilometrane til butikken og tilbake. Middagen er ofte sjølvfiska torsk eller lyr. Han klarer seg godt med dei gamle møblane sine. Og på Syden-tur har han ikkje vore dei siste førti åra.

Om nokon av oss er ufrivillige klimaheltar, er det andre som strevar hardt for å leva i tråd med klimamåla. Ein av dei er leiaren i miljøorganisasjonen Framtiden i våre hender, Anja Bakken Riise. I løpet av seks månader i 2020 ville ho prøva om ho kunne redusera klimafotavtrykket sitt frå cirka 11 tonn CO2 per år (om lag på norsk gjennomsnitt) til 2,5 tonn, som er det forskarane meiner me må ned på per innbyggjar i verda dersom me skal nå måla i Parisavtalen.

Den daglege kampen

Det kunne blitt ei ganske banal greie, men resultatet er ei svært lesverdig og informativ bok. Bakken Riise skriv levande og personleg om dei daglege dilemma og utfordringar med å klara klimabudsjettet. Er det rom for å reisa med fly frå Oslo til Tromsø for å besøka foreldra? Eller skal ho bruka fleire dagar ekstra på å ta turen med tog og buss? Kva med osten og vinen som ho er så glad i, og som har eit overraskande høgt klimafotavtrykk? Kor sær og sur skal ein bli, når venner inviterer til aktivitetar som kanskje ikkje er heilt bra for klimaet?

Kvart kapittel er spekka med lettforståelege fakta og praktiske råd. Boka kan samanliknast med ein kaloritabell for den som slankar seg: produkt og aktivitetar får sine klimautslepp talfesta, så langt som det er mogleg. For utrekningane er ikkje alltid enkle, og fotavtrykka dukkar opp der ein minst ventar det.

Til og med kvar einaste e-post som blir sendt eller lagra, har sin klimapris. Og Bakken Riise kan fortelja oss at dersom alle europearar hadde brukt pc-en eller mobilen eitt år lenger før dei skifta han ut, ville det spart utslepp tilsvarande 900.000 bilar.

Forfattaren rettar også ein peikefinger mot dei som liker å fornya bustaden med jamne mellomrom. Nordmenns oppussing og møbelkjøp til hus og hytte står for eit utslepp som er dobbelt så stort som innanriks luftfart, og halvparten av utsleppa frå personbilane i Norge.

Dei rike er verst

Anja Bakken Riise fortel oss to grunnleggjande ting i boka si. For det første: det er dei rike som belastar klimaet mest. Nesten halvparten av utsleppsveksten dei siste 30 åra kjem av at dei 10 prosent rikaste i verda har auka forbruket sitt. Og i denne gruppa hamnar dei fleste nordmenn. Den generelle forbruksveksten nullar ut mange av dei «grøne» tiltaka våre, og appetitten på moderne dippeduttar, reiser og stadig fornying er ein utsleppsdrivar. Tankekorset er sjølvsagt at det er dette som i stor grad held økonomien vår i sving. Derfor kan Aftenbladet skriva klimavennlege leiarartiklar, men slå opp på førstesida at «I dag blir det endelig kø på Sola».

Den andre erkjenninga er at klimakampen må førast i fellesskap. Den bevisste klimaaktivisten Bakken Riise kom berre halvvegs til målet, sjølv om ho stort sett heldt det personlege skjemaet sitt, med dei praktiske og sosiale kostnadene det hadde. Likevel, hennar del av Norges offentlege forbruk utgjer eit større utslepp enn det ho står ansvarleg for privat. Ho kritiserer stat og kommunar som «anlegger nye forurensende og naturødeleggende motorveier» og «har en tankeløs tilnærming til det å rive eldre bygg og bygge nytt».

«Mitt klimaregnskap» er ein nyttig tankevekkar for den enkelte. Men boka er først og fremst ei utfordring til politikken.

Publisert:

Bokanmeldelser

  1. Gammal nazist blir som ny

  2. Jo, dette er smalt. Men det er bra!

  3. Framtidsthriller med russisk avhopper til Norge

  4. Anmelderen har ikke alltid vært begeistret for henne, men denne gang!

  5. Rørerende og opprørende om møte med NAV

  6. Nedtelling til et selvmord

  1. Bokanmeldelser
  2. Bokanmeldelse
  3. Klimapolitikk
  4. Bok
  5. Litteratur