Overdådig dokkefilm
FILM: «Lise & Snøpels» er flott å sjå på, men hadde fortent ei betre historie.
- Jan ZahlKulturjournalist
Lise & Snøpels
Kinopremiere: 21.01.2022. Norske stemmer: Ulrikke Brandstorp, Jakob Oftebro. Sjanger: Animasjon / Barnefilm. Regi: Jan Bubenicek, Denisa Grimmová. Nasjonalitet: Tsjekkia, 2021. Aldersgrense: 6 år. Lengde: 1 time, 20 minutt.
Kan ein god, gammaldags dokkefilm fungera på kinolerretet i 2022? Ja – men «Lise & Snøpels» hadde vore ein betre film med ei tydelegare og betre historie.
Tsjekkia er eit land med lange og rike dokketradisjonar. Både som figurteater og animasjonsfilm av den gode, gamle sorten der filmskaparane tek eitt og eitt bilete av figurar som endrar bitte litt posisjon. Stop motion, som teknikken heiter.
«Lise & Snøpels» startar i ein overdådig hage og med ei (over)modig mus som vil freista lagnaden med ein sovande rev. Det ser ut til å bli ei ganske konvensjonell og kjedeleg historie utan nokon djupare botn.
Men så flyttar handlinga seg plutseleg til himmelen og eit slags liv etter døden. I himmelen er musa og reven vener. Her gjeld heilt andre reglar enn på jorda. Det opnar for fantasirike tablå og scener, pussige vendingar og figurar. Og det er nettopp her styrken i «Lise & Snøpels» ligg, i det visuelle. Her er fargerikt og forunderleg. Dei gammaldagse dokkene er ikkje strigla av glatt digitalteknikk. Det er nesten så du kan kjenna og lukta revens pels, og gleda deg over alle dei underlege dyredokkene som dukkar opp i det skrudde himmelriket.
Problemet er at historia er tynn som stavangersk vintersnø. Lise er for så vidt motivert av ei jakt på faren, men det er ikkje noko tydeleg kopling mellom det som skjer og det eventuelle målet med ferda.
Det er sikkert grenser for kor avanserte tankar ein skal forventa av ein film for 6-åringar, og moralen i filmen er ikkje veldig djup. Men «Lise & Snøpels» skal ha ros for å gå inn i noko dei fleste ungar balar med, men få filmar og bøker for denne aldersgruppa tek opp, nemleg døden. Sjølv om fasiten på kva som faktisk skjer etter livet neppe ligg her, heller.
Film- og tv-anmeldelser
En heller svak og forutsigbar kjærlighetshistorie i en veldig fransk ramme
Morsom, men tynn ninja-oppfølger
Kunne blitt ein thriller om eit av verdas mest kjente bygg. Men nei...
Manuset er nesten komisk svakt. Og skodespelet. Og regien
Sex og snakk på fransk
James Bond-skaparen hadde ideen. Nå er den utrulege, men sanne, historia frå krigen blitt film
Mest lest akkurat nå
De ble fratatt sønnen sin av barnevernet. Så finner helsesykepleier en urovekkende kul på lillebrorens hode
Her er klubbens nye navn – og hovedsponsor er på plass
Bussjåfør og flere passasjerer slått
Therese har laget festdrakt av gardiner og duker: – Det er dette jeg brenner for
– Ikke unaturlig at politimesteren lot være å varsle Spesialenheten
Hun ble bobileier mot sin vilje. Nå kan ikke familien på fire tenke seg noe annet.