Sakprosa: Dramaet i Kongo i to versjonar

Kari Hilde Hodne French og Fredrik Græsvik har skrive gode bøker om Kongo-saka frå kvart sitt perspektiv. Men den endelege sanninga får me kanskje aldri.

Kisangani, Kongo, 2009, Joshua French og Tjostolv Moland.
  • Tom Hetland
    Tom Hetland
    Kommentator, tidl. sjefredaktør i Aftenbladet
Publisert: Publisert:
icon
Denne artikkelen er over fem år gammel

På sjølvaste 17. mai i år kom Joshua French tilbake til Norge etter åtte år i fangenskap i Kongo. Saman med kameraten Tjostolv Moland var han dømd til døden blant anna for å ha drepe den kongolesiske sjåføren Abedi Kasongo.

I 2013 heldt ikkje Moland ut påkjenningane lenger og tok sitt eige liv i fengselet. French vart dømd for drap på kameraten, og var sjølv nær ved å gå til grunne i psykose.

Nå kjem bøkene om dramaet i Kongo. Kari Hilde Hodne French og Fredrik Græsvik har skrive bøker med nesten likelydande titlar, men som elles er svært forskjellige.

Grade: 4 out of 6

Kari Hilde Hodne French:

Dødsdømt i Kongo

448 sider

Aschehoug

Uvanleg styrke

«Mama French» førte gjennom mange år ein intens kamp for å få sonen sett fri. Utan hennar innsats er det uvisst kva utfallet hadde blitt. Ho oppheldt seg lange periodar i Kongo, og organiserte praktisk hjelp med mat og medisinar til French og Moland i fengselet samtidig som ho forsøkte å overbevisa kongolesiske toppolitikarar og byråkratar om at dei to nordmennene burde få koma heim.

Som menneskeleg dokument gjer boka til Kari Hilde Hodne French djupt inntrykk. Den viser oss eit menneske med uvanleg styrke og vilje til å halda ut. Samtidig er dette på alle måtar hennar versjon. Hodne French er kritisk til mange: Konsulæravdelinga i Utanriksdepartementet, utanriksministrane Jonas Gahr Støre og Espen Barth Eide, Amnesty og andre humanitære organisasjonar, den geskjeftige predikanten Rune Edvardsen, og sjølvsagt store delar av media.

Ein del av kritikken er nok på sin plass, og det er lett å tilgi henne for ikkje å ta like stort omsyn til formalitetar som norske diplomatar må gjera. Sjølv er ho klar i sitt råd til andre familiar som måtte koma i same situasjon: «Kjøp vedkommende fri så fort som mulig.» Det utgangspunktet kan nok ikkje UD ta.

Så skal det også seiast at Kari Hilde Hodne French er romsleg i sin ros av dei mange gode hjelparane sine, både i Norge og i Kongo. Ho underslår på ingen måte korrupsjonen og vanstyret, men dreg også fram idealistiske og ærlege menneske i det kongolesiske samfunnet. Ikkje minst har misjonærdottera funne støtte i det kristne nettverket, inkludert tidlegare statsminister Kjell Magne Bondevik, som ho meiner kunne vore brukt meir aktivt for å finna ei løysing.

Grade: 4 out of 6

Fredrik Græsvik:

Dømt til døden i Kongo

266 sider

Kagge

Rettsfarse

TV2-reporter Fredrik Græsvik har naturleg nok eit litt anna utgangspunkt for si framstilling. Men også for Græsvik vart Kongo-saka etter kvart meir personleg enn ei vanleg nyheitssak. Emosjonelt krevjande, innrømmer han. Rundt hundre timar har Græsvik brukt på samtalar med Moland og French i Kongo.

Græsviks oppsummering i bokform av reportasjearbeidet sitt er likevel både objektiv og kritisk. På viktige område utfyller boka Hodne French sin versjon, sjølv om Græsvik er meir kortfatta. Han presenterer eit fyldigare bilde av dei politiske prosessane omkring saka, og gir den historiske bakgrunnen for at det er politisk vanskeleg for ein kongolesisk president å benåda ein kvit mann for drapet på ein svart. Kolonitida kastar lange skuggar.

Når det er sagt, er Græsvik om mogleg endå meir kritisk til den farseaktige rettsprosessen i Kongo enn det Hodne French er. Begge bøkene gjer det lett å konkludera med at dei to nordmennene vart utsette for eit justismord.

Den endelege sanninga om kva som eigentleg skjedde i den kongolesiske jungelen ein maikveld i 2009 har me likevel ennå ikkje fått. Græsvik og Hodne French refererer forklaringar og hypotesar, men har ikkje så mykje å tilføra det som alt er kjent. Det er varsla at Joshua French sjølv skal koma med bok. Det kan hjelpa oss lenger på veg, men at drapet i Kongo nokon gong blir forklart på ein måte alle partar kan godta, er nok usannsynleg.

Publisert: