Inne i kokongen

BOK: Språkleg plettfritt på eigne premiss. Men også litterært uferdig og uforløyst.

Publisert: Publisert:

Ingrid Z. Aanestad er aktuell med romanen «Ein dag vaknar me og det er sommar». Foto: Pål Christensen

  • Sofie Braut
    Lektor og skribent

Grade: 4 out of 6

Ingrid Z. Aanestad: Ein dag vaknar me og det er sommar. 113 sider. Forlaget Oktober.

Ingen skrubbar seg på lesinga av Ingrid Z Aanestads bøker. Ho er ein varsam forfattar, ei av dei som vi kan sjå føre oss meislar ut setningar varsamt, held dei opp mot lyset, som for å prøva dei ut: held dei? Er dei kokte ned tilstrekkeleg? Er dei nakne og sårbare nok? Det er ein spennande og særprega metode som resulterer ei merkeleg todeling: Språkleg plettfritt på eigne premiss. Og likevel denne gongen: litterært uferdig og uforløyst.

Les også

Store spørsmål i lite format

I «Ein dag vaknar me og det er sommar», er det paret Ruth og Mir som står sentralt. Gjennom korte riss får vi innblikk i korleis dei har møtt kvarandre, korleis dei tek vare på kvarandre, korleis dei finn fram til ein måte å vera annleis, i lag. For sjukdom finst og livet er skjørt, det er den underliggande premissen i den gryande historia om dei to. Dei plantar frø og lar det som gror få gro. «Me kan vera som me vil heile livet», slår Ruth fast. Og vi undrar: konstaterer ho fakta, eller er det eit ømt ønske om korleis livet skulle ha vore? Belle, ei eldre nabokvinne er den einaste som bryt inn i det vesle universet deira, ho er som ei varm oppkome av forståing. Ho representerer dei lange linjene; venskap som noko varig og kravlaust. 

Det går eit dempa, stilsikkert drag gjennom dei få sidene i «Ein dag vaknar me og det er sommar», Aanestad vender seg fint i dei små romma, og igjen er det sparsamt kvinneleg persongalleri som får hennar nære og gjennomlysande forfattarblikk på seg. Det er sanselege bilete, som dveler ved mat, lukt og smak, det kroppslege, jordnære, noko som minner om ein eigen litterær økologi. Trass alt det gjennomførte i forma; Aanestads univers har likevel det uforløyste ved seg. Kammerspelet i denne romanen stangar stille mot den mjuke innsida og vil ut av kokongen.

Publisert:

Mest lest akkurat nå

  1. Åpner gigant­butikk på Forus - alle konkur­rentene er borte

  2. Kommunen har gjeld til langt opp over ørene: - Uten den lave renta hadde dette vært en økonomisk katastrofe

  3. Stavanger-politiker søker om fritak fra sine politiske verv: – Livet sier «stopp litt nå» til meg

  4. Lærere med hoved­fag klarer ikke løse nye eksamens­oppgaver for mate­matikk i videre­gående: – Vi føler oss maktes­løse

  5. – Trippelen var en kjekk og spennende utfordring

  6. 13 fikk bot på E39

  1. Anmeldelse
  2. Litteratur
  3. Bokanmeldelse
  4. Roman