Snop for Downton-fansen

FILM: Filmversjonen av «Downton Abbey» er tyn, søt og klissete som ein After Eight.

Publisert: Publisert:

Pensjonerte Carson må trå til når sjølvaste kongen og dronninga kjem på besøk til Downton Abbey. Foto: Jaap Buitendijk / Digital / 35mm

Grade: 3 out of 6 stars

DOWNTON ABBEY

Sjanger: Drama. Med: Allen Leech, Elizabeth McGovern, Maggie Smith, Imelda Staunton, Hugh Bonneville, Michelle Dockery, Joanne Froggatt. Regi Michael Engler. Aldersgrense 6 år. Lengde: 2 timar, 2 min.

Eg hadde faktisk gløymt det. Men så tok det ikkje lang tid inn i filmvarianten av «Downton Abbey» før eg hugsa: Dette er faktisk rein såpeopera, bare i meir fancy klede og kulissar.

Maggie Smith er - som vanleg - god som den spisse Violet Crawley. Her med sonen Lord Crawley og barnebarnet Lady Mary. Foto: Jaap Buitendijk / Digital / 35mm

Tv-serien om herskap og tenarar på det fasjonable godset i Yorkshire blei umåteleg populær. Det er nok ein stor fordel å ha sett tv-serien om du skal sjå filmen, for her er ingen introduksjon av karakterar eller tidlegare hendingar. Me er i 1927, etter at handlinga frå tv-versjonen blei avslutta, og det heile startar med eit brev om at kong George V og hans dronning Mary kjem på overnattingsbesøk.

Og strengt tatt er historia og plottet i filmen akkurat så tynt som dette: Alle på Downton Abbey må gjera seg klare til og gjennomføra eit kongeleg besøk. Det er som å få innblikk i førebuingane til eit gigantisk bryllup. Dramaet består i at det er travelt: Får dei pussa sølvet? Kven skal servera? Kven skal koka? Blir kjolen ferdig? Pluss enkelte halvhjarta subplott: forsiktig kritikk av monarkiet, kvinners stand og stilling, situasjonen for homofile.

Drama, drama! Vil sølvtøyet bli klart? Foto: Jaap Buitendijk / Digital / 35mm

Men framfor alt handlar det om dei sosiale relasjonane mellom karakterane me allereie kjenner. Melodramaet, intrigene og sarkasmane i den aristokratiske Crawley-familien, dei maurflittige, ærekjære og overhøflege tenarane deira - som dessverre også må gjennomføra enkelte farseaktige sekvensar som er meir pinlege enn morosame. Her er meir av alt me kjenner frå tv-serien, stram overleppe og sosialt spel, koseleg, varmt og med uendelege mengder snusfornuft. Best er det når bestemor Violet (Maggie Smith) leverer sine sarkasmar.

Det er melodramatisk og sentimentalt, understreka av strykarane som ligg bak og heile tida akkompagnerer. Det nærmaste me kjem mat til ettertanke, er å vita at den gamle verda Downton Abbey representerer, er i ferd med å krakelera under dei dansande føtene deira, mens alle gjer sitt ytste for å tilfredsstilla konge og dronning og ikkje fornærma nokon.

Tenarskapet på Downton Abbey gjer godmodig opprør i filmversjonen. Foto: Jaap Buitendijk / Digital / 35mm

Vurdert som eit sjølvstendig, dramatisk verk, er det ikkje rare greiene. Men ein del av dei som har sakna Downton Abbey på tv, vil sikkert finna glede i kinofilmen også.

Publisert: