Slik blir milliardane lurt unna

BOK: Oliver Bullough har gjort eit modig og imponerande arbeid med å dokumentera den mørke sida av globaliseringa.

Journalist og forfattar Oliver Bullough meiner advokatar og rekneskapsfolk frå vestlege land må kastas i fengsel for å få bukt med korrupsjon og kvitvasking. I haust var han han på Kåkånomics i Stavanger, der han vart intervjua av Ingrid Hjertaker.
  • Tom Hetland
    Tom Hetland
    Kommentator, tidl. sjefredaktør i Aftenbladet
Publisert: Publisert:
Grade: 5 out of 6
iconDenne artikkelen er over ett år gammel

Oliver Bullough: Pengeland. Hvordan finanseliten og de superrike stjeler fra folket og truer demokratiet. Omsett av Rune R. Moen. 384 sider. Res Publica.

Dei rike blir rikare. Konsulentselskapet Wealth-X reknar med det i 2021 vil vera 299.000 ultrarike i verda, det vil seia personar med ei formue på over 30 millionar dollar (cirka 275 millionar kroner). Og på dei fem åra frå 2016 til 2021 vil dei ha auka rikdommen sin med ein sum som tilsvarer brutto nasjonalprodukt til Tyskland og  Japan til saman.

Les også

– Løsningen er å kaste noen advokater i fengsel

Dette kunne me kanskje ha levd med dersom pengane var tente på ærleg vis, og vart skattlagde som inntektene til alle oss andre. Dessverre er det altfor sjeldan tilfelle.

I boka «Pengeland» gir den britiske journalisten og historikaren Oliver Bullough eit både fascinerande og skremmande innsyn i denne mørke sida av globaliseringa. Bullough følgjer pengane, og dokumenterer korleis mange av dei superrike blant oss slusar pengar inn i ugjennomtrengelege selskapskonstruksjonar og uoversiktlege, korrupte kanalar for så å boltra seg i overdådig luksusforbruk. «De rike lever globalt, resten av oss har grenser,» konstaterer Bullough.

Vesten legg til rette

«Pengeland» er ein imponerande journalistisk prestasjon, men det er ikkje ei bok å bli optimistisk av. Bullough dokumenterer metodar og mekanismar, men viser samstundes korleis styresmakter og korrupsjonsjegerar alltid ligg på etterskot. Ein hærskare av godt betalte advokatar og finansekspertar står stadig til teneste for å finna nye smotthol. Og dersom journalistar eller idealistar i frivillige organisasjonar blir for nærgåande, kan vegen vera kort til injuriesøksmål, personleg konkurs og det som verre er.

I Vesten, spesielt i Skandinavia, slår me oss gjerne på brystet over å vera blant dei minst korrupte landa i verda. Det er liten grunn til å vera så sjølvtilfreds, meiner Bullough. For vel er det slik at ei rekkje land i i Afrika, Asia, Latin-Amerika og Aust-Europa er gjennomkorrupte. Forfattaren viser sjølv med eksempel korleis systemet mange gonger tvingar alle til å oppføra seg korrupt, for eksempel i Ukraina, der han sjølv har arbeidd som journalist i mange år. (Apropos Ukraina: Omtalen hans av Biden-saka gjer det freistande å tenkja at demokratane kanskje kunne ha valt ei betre sak når dei først skulle dra Trump for riksrett.)  

Men Bullough minner oss igjen og igjen om at tilretteleggjarane for at korrupsjonen, tjuveria og kvitvaskinga kan halda fram, sit i Vesten – også i store og velrenommerte finansinstitusjonar i Skandinavia, som me stadig får døme på. Mens USA med god grunn har gått laus på dei sveitsiske bankane, posisjonerer fleire amerikanske delstatar seg som nye skatteparadis. Og bustadmarknaden i London har i mange år vore ein stad der superrike frå heile verda har plassert skitne pengar. «Dette er ikke hus til å bo i, men bankkontoer utformet som hus,» kommenterer Bullough i karakteristisk tørrvittig engelsk stil.

Fakta får tala

Men elles skriv Bullough nøkternt, og han er velsigna fri for søkte konspirasjonsteoriar og svulstig agitasjon. Det kritiske utgangspunktet er tydeleg, men fakta får tala for seg sjølv. Til tider kan vegen inn i dei finansielle irrgangane vera vanskeleg å følgja for amatørar, men det problemet har alle som skal dokumentera avansert «skatteplanlegging» og finansakrobatikk. Og minst ein gong går han i surr, når han skriv at trustforvaltarane i Sør-Dakota har hand om 261 millionar dollar per innbyggjar i delstaten, i staden for 261.000 dollar.

Det rokkar likevel ikkje ved hovudinntrykket. Oliver Bullough har gjort eit modig, sterkt og tankevekkande arbeid med å forklara eit urettferdig, umoralsk og ofte kriminelt system. Så spørst det om andre klarer å forandra det.

Publisert:
  1. Bok
  2. Anmeldelse
  3. Bokanmeldelse
  4. Rikdom
  5. Økonomi

Mest lest akkurat nå

  1. Derfor vil de ikke vaksinere seg

  2. 400 kan miste jobben i Seadrill

  3. Regjeringen vil skjære gjennom ved koronakrangel på Nord-Jæren

  4. Suksess for Vinterland på Ruten - måtte bestille 20.000 flere billetter

  5. «Ingen» dukket opp da kommunen tilbød drop-in for de mellom 12 og 15 år - får ny sjanse onsdag

  6. Ferdig i utenlandsk klubb