Kva om det var 15 menn og berre éi kvinne?

Kunstnar Kenneth Varpe var den einaste mannlege av 16 kunstkonsulentar i Stavanger kommunes kunstutval frå 2015 til 2018. Det har han aldri tenkt på som eit problem. Men kva om kjønnsubalansen gjekk motsett veg?

Publisert: Publisert:

Kenneth Varpe var den einaste mannlege kunstkonsulenten av 16 i Stavanger kommune frå 2015–2018. Her pakkar han ut Vestlandsutstillinga i 2011. Varpe stiller ut utstillinga «Fluid Pose» i Bryne kunstforeining frå 24. januar. Foto: Jon Ingemundsen

– Eg har ikkje tenkt over at det er eit problem med så få menn involvert i det kommunale kunstutvalet. Det har aldri falt meg inn. Kanskje fordi det alltid er ein politisk representasjon av menn i sjølve utvalet, som til slutt bestemmer kven som skal få oppdraget, seier Kenneth Varpe.

Aftenbladet har gått gjennom årsrapportane til Stavanger kommunes kunstutval frå 2015 til 2018, etter kunstuvalmedlem Bjarne Kvadsheims (Sp) hjartesukk over at få menn er involvert i arbeidet med kunstnarisk utsmykking i kommunen. Tala viser at 15 av 16 kunstkonsulentar i løpet av desse fire åra var kvinner. Noko som blant anna kan forklarast av at 15 av 18 tilgjengelege kunstkonsulentar i Rogaland er kvinner.

Les også

Kvinnestyrt kommunal kunst

Kvinnedominert miljø

– Kunstmiljøet her i regionen er veldig kvinnedominert. Eg syns det er eit problem at her er så få menn, seier Ingeborg Kvame, leiar i Bildende kunstneres foreining Rogaland (BKFR).

Hennar lister viser at berre 32 prosent av medlemmene i foreininga er menn. Som også er ein refleksjon av det nasjonale biletet: Kvinner dominerer i kunstutdanninga. 72 prosent av norske kunstnarar var i 2013 kvinner.

– På sist møte på Rogaland kunstsenter møtte nesten berre damer, og berre éin eller to menn. Du ser det same her på Atelierhuset på Tou. Av dei 31 kunstnarane som jobbar her, er det berre 3–4 menn, seier Kvame.

– Spelar kjønn inn i blikket på kunst – slik at kvinnedominansen i kunstutvalets arbeid har konsekvensar for kunsten som blir kjøpt inn?

– Eg har høyrt at menn føretrekkjer kunst av menn – og at kvinner også ofte gjer det. Den mannlege kunsten har ein tendens til å bli opphøgd over den kvinnelege. Det finst mange fleire kvinneleg kunstnarar, mens menn dominerer marknaden, svarer Kvame.

Ingeborg Kvame leiar biletkunstnaranes foreining i Rogaland. Ho registrerer at kvinnene er i fleirtal i kunstmiljøet. Foto: Kristian Jacobsen

Ei gladsak?

Tala frå Stavanger kommunes kunstutval viser likevel at ei lita overvekt av kvinnelege kunstnarar har fått utsmykkingsoppdraga i kommunen mellom 2015 og 2018, med 15 kvinner mot 11 menn.

– Er dette eigentleg ei gladsak?

– Eg skulle ønska det var jamnare kjønnsfordeling. At fleire menn var involvert i den kommunale kunstutsmykkinga.

Sjølv er eg Kvame oppteken av å framheva kvinnelege kunstnarar. Ho seier kunstkonsulentane skal presentera eit mangfald, både i kjønn, alder og uttrykk når dei inviterer kunstnarar til konkurranse – og trur dette blir vareteke, uavhengig av kva kjønn kunstkonsulenten har.

Kvame syns samtidig det er interessant at det er så mange kvinner og så få menn i kunstmiljøet i regionen – og skjønnar ikkje heilt kor det blir av mennene.

– Lokalt i Stavanger har me nå kvinnelege leiarar både på Kunstsenteret, Kunstmuseet og i Kunsthallen. Dei er også opptekne av å trekkja fram kvinnelege kunstnarar. Men ser du på kunstprogrammet til dømes på BGE, er det ein annan balanse. Det er der ein sel kunst for millionar. Det er i dette sjiktet mennene dominerer, seier Kvame.

Gubbeveldet er borte

Som mannleg kunstnar har Kenneth Varpe merka overvekta av kvinner i det lokale kunstmiljøet. Han veit ikkje kor mennene blir av.

– Kanskje flyttar fleire av mennene til Oslo? undrar han.

– Er biletkunsten eit kvinnefelt?

– Det er flest kvinner som studerer kunst, men flest menn som blir kjøpt inn. Det er eit problem, svarer Varpe.

Kenneth Varpe har aldri tenkt på det som eit problem at det er få menn involvert i det kommunale kunstutvalet. Foto: Privat

Han har høyrt eldre kunstnarar snakka om at det tidlegare fanst eit gubbevelde i den lokale biletkunsten, og lurer på når dette snudde.

– Kjønnsbalansen er noko å tenkja på. Ein hadde kanskje sett det tydelegare om det var motsett, om det var éi kvinne og 15 menn som hadde vore kunstkonsulentar i kommunen. Eller om alle kunstinstitusjonane i Stavanger var leia av menn. Eg trur det har noko med optikken ein ser med. Korleis ville den manglande kjønnsbalansen blitt sett på om det var menn som dominerte?

Publisert: