Disney leverer magi til jul
FILM: Disneys nye animasjonsfilm «Encanto» byr på fargar, fantasi og magi for store og små.
- Jan ZahlKulturjournalist

ENCANTO
Kinopremiere: 24.11.2021. Norske stemmer: Ulrikke Brandstorp, Unn Vibeke Hol, Nahom Feshatzion, Anna-Lisa Kumoji, Marion Ravn, Emilie Christensen, Numa Norderhaug, Beatrice Akuvi Kumoji, Markus Rosså, Kirsti Lucena, Anders Baasmo-Christensen, Anders Bye. Sjanger: Eventyr / Animasjon / Familiefilm / Barnefilm. Regi: Jared Bush, Byron Howard. Nasjonalitet: USA, 2020. Aldersgrense: 6 år. Lengde: 1 time, 49 minutt.
Då Disney lanserte verdas første heilaftans animasjonsfilm i 1937 – «Snehvit og de syv dvergene» – var det store spørsmålet: Ville folk la seg fanga av ein film der alle karakterane var teikningar – og ikkje levande menneske?
Svaret blei eit rungande ja. Folk både lo og grein av det dei såg på lerretet. Resten er underhaldningshistorie.
I dei 84 åra som sidan har gått, har animasjonsfilmane frå denne amerikanske underhaldningsfabrikken blitt ein del av populærkulturen vår. Frå dei todimensjonale, handteikna animasjonane den gong til dagens tredimensjonale, digitale datateknologi. Der du blir sitjande og måpa over korleis det er mogleg å animera noko så livaktig. Sjekk håret i «Encanto». Eller: Korleis går det an å teikna vatn på den måten?
«Encanto» er Disneys 60. heilaftans animasjonsfilm – og dermed eit slags jubileum. Men sjølv om animasjonsteknologien har utvikla seg enormt sidan starten, er likevel det viktigaste spørsmålet det same som i 1937: Vil folk la seg fanga av dei animerte karakterane på kinolerretet?
I tilfellet «Encanto» er svaret igjen «Ja!». Handlinga er lagt til ein fantasiversjon av Colombia (i litteraturen kjent for sin magiske realisme). Her bur ein storfamilie i eit magisk hus, og der alle familiemedlemmene har kvar si magiske kraft. Minus Mirabel, som av ein eller annan grunn ikkje fekk ei slik kraft.
Knak i magien
Men så ein dag begynner det å knaka i det magiske huset – og Mirabel skal finna si meining etter å ha følt seg utanfor og annleis heile livet. Her blir både humor, spenning og alvor.
Animasjonane er suverene. Dette magiske universet er fargerikt, fantastisk og ein nyting å sjå på. Og, som «Snehvit», er også «Encanto» ein slags fantasymusikal, der hovudkarakterane plutseleg kan bryta ut i grandiose songnummer. Wonderboy Lin-Manuel Miranda (mannen bak musikalsuksessen «Hamilton» og Disneys «Moana») har skrive songane – og det går det an å høyra. (Eg såg originalversjonen på engelsk, og kan derfor ikkje uttala meg om dei norske stemmene. Dei amerikanske var knall!)
Happy ending
Eg spoiler ingenting om eg avslører at det går bra til slutt – slik det alltid gjer i Disneys fantasiunivers. Men på vegen fram dit blir du både underhalden og fanga av opp- og nedturane til dei storøygd karakterane. Og for ei gongs skuld er ikkje moralen denne gongen like glætt, polert og perfekt disneysk, men faktisk med eit lite element av det uperfekte og menneskelege.
Så i år byr ikkje berre Disney på den tradisjonelle «From all of us to all of you» på NRK julaftan. Du kan lada opp med ein splitter ny heilaftensfilm som strengt tatt slår knockout på Timmy Gresshoppe.
Film- og tv-anmeldelser
- KULTUR
Prismagnet – og akkurat passe annerledes thriller
- KULTUR
Tøffaskrim for tørre tv-kvelder
- KULTUR
Brad Pitts stjerneglorie lyser sterkt, men «Babylon» er en film som flyter ut i for mange retninger
- KULTUR
Amerikanisert Otto
- KULTUR
Nevemagnet fra Austlandet møter døden i Odda
- KULTUR
«Så vakker som en praktutgave av National Geographic»