Passivt spel

Svakt tempo og lite gjennombrotskraft i forteljingar som manglar form og retning.

Kristian S. Hæggernes er født i Bergen i 1972. Han debuterte med diktsamlingen «Tyngde av fallende skygge» i 2004.
  • Leif Tore Sædberg
Publisert: Publisert:
Grade: 3 out of 6

Kristian S. Hæggernes: «Fotballspillet og andre fortellinger». 409 sider. Cappelen Damm.

Tittelen og lesinga av Kristian S. Hæggernes’ seinaste utgjeving fekk meg til å tenka på ein bestemt type fotballspelar: Han som har talent, men samstundes har ei litt for høg stjerne hjå trenaren.

Han er fullt klar over det første, men ikkje det andre. Han skal alltid ha ballen, men held for lenge på den. Han tar ein ekstra driblerunde på tvers i staden for ei enkel, forløysande pasning framover. Han kan stundom imponera med teknikk i ufarleg sone på midtbanen, men for sjeldan fører det til noko verkeleg skapande og kreativt framfor mål.

Han ser ikkje dette sjølv, men gjer meir av det same, blir stilleståande og slår støttepasningar, går etter kvart tom og blir ute av form.

Nettopp form slit Hæggernes femte samling av «løst sammenhengende serie romaner og fortellinger hovedsakelig lagt til Bergen» med heilt frå starten av. Siste del av tittelen signaliserer at sjangeren er den romslege og noko ubestemmelege kategorien «fortellinger.»

Kanskje eit ønske om å sleppa å leva opp til dei meir stramme formkrava til novella, som tekstane ville hatt vanskar med? Forlagsfrasen «løst sammenhengende» får slik ei utilsikta meining: ein saknar ei oppstramming for å gjera tekstane meir konsise og gi utgjevinga retning.

Den første historia, «Fotballspillet», er ei stemningsfull ungdomsskildring, men lengda (nesten 100 sider), den springande handlinga, det lange tidsspennet og store persongalleriet minner om eit romanprosjekt, som på eit tidspunkt har havarert.

Seinare aukar denne tendensen. Tekstane blir utflytande og omstendelege. Handlinga er i enkelte tilfelle nærast stilleståande og skisseaktige, til dømes i «Den flytende øyen». Andre gonger, som i «Oksana,» endar eit uttværa forløp i eit føreseieleg sluttpoeng.

Forfattaren set saman logiske og truverdige plot, og har nokre originale tendensar, som eit kreativt perspektivskifte i «Gustavo». Men historiene har jamt over for lite framdrift, gjentar seg sjølv tematisk (trivielt familieliv og utruskap) og er for einsformige i personteikninga (usikre og tankekvernande figurar er regelen) til å bli interessante leseopplevingar.

Heller ikkje komposisjon eller språkføring er av det dristige eller oppfinnsame slaget. Over 400 sider kjennest difor i lengste laget, og ei så enkel løysing som å kutta ut eit par av bidraga, hadde hjelpt.

Kanskje har Hæggernes ei litt for høg stjerne hjå forlaget, som difor er for lite strenge med redigering og tilbakemelding? Kanskje er det etter fem slike utgjevingar på tide å skriva noko anna enn lauselege slåser frå bergenstraktene, for å få inn litt friskt blod og kreativitet i «spelestilen?»

Ein ser trass alt kor Brann ligg på tabellen for tida.

Publisert:

Bokanmeldelser

  1. Visuelt til­trekkende og ytterst peda­gogisk

  2. Er det mogleg at etter­ordet kan vera den beste delen av ei bok? Det påstår Aften­bladets kritikar her

  3. Sexorientert terapi-roman

  4. Først og fremst spennende og velskrevet, og som bonus kan du lære noe

  5. Vil du forstå ytre høyre? I så fall bør du lese denne boken

  6. Reflektert og stillferdig om en verden etter katastrofen

  1. Bokanmeldelser
  2. Bokanmeldelse
  3. Anmeldelse