Ei litterær kalkun

BOK: Denne boka er fylt til randa av kunnskap og refleksjonar. Og er frykteleg keisam.

Nederlandske Ilja Leonard Pfeijffer skriv romanar, poesi, essay, skodespel, songtekster og avisartiklar. «Grand Hotel Europa» er hans internasjonale gjennombrot.
  • Leif Tore Sædberg
Publisert: Publisert:
Grade: 2 out of 6

Ilja Leonard Pfeijffer: «Grand Hotel Europa». Roman. 530 sider. Omsett av Hedda Vormeland. Gyldendal.

I gamle dagar blei enkelte filmar omtala som «kalkunar,» ein merkelapp som knappast var ei heidersnemning. Ifølgje ein av VGs dåverande kritikarar var det ikkje tilstrekkeleg at filmen var dårleg for å oppnå denne (kult)statusen. Han måtte i tillegg, i tråd med det kalkunske oppsynet, «vere helt spesiell heslig, flakse hjelpeløst rundt uten å lette fra bakken». Når eg les Ilja Leonard Pfeijffers (av uforståelege grunnar kritikarroste) roman «Grand Hotel Europa,» innser eg at òg bøker kan vera kalkunar.

Utgangspunktet er at hovudpersonen, som pussig nok heiter Ilja Leonard Pfeijffer og er kjend forfattar, legg seg inn på Grand Hotel Europa for å sørgja over brotet med kjærasten, kunsthistorikaren Clio. Samstundes blir me kjende med persongalleriet på hotellet, som delvis metaforisk viser til Europas posisjon. Der masseturismen og dei øydeleggande konsekvensane av han blir eit symptom på eit kontinent som lever for fortida og dermed ikkje har ei framtid.

Pfeijffer har altså svært høge ambisjonar, han vil skildra det kulturelle forfallet og endelege fallet til ein heil sivilisasjon. Der alt som måtte finnast av kultur og historie i Europa er kommersialisert og til slutt øydelagt, trampa ned av hordar av uvitande amerikanarar og kinesarar. Dessverre blir kontrasten stor mellom ambisjonane og gjennomføringa: Forfattaren maktar ikkje å omforma desse grandiose visjonane til ei romanform som fungerer.

Oppbygginga er langtekkeleg, som ein 530 sider lang Morgenbladet-kronikk. I staden for å iscenesetja personane, får dei føra ordet gjennom omstendelege monologar, som gjer framstillinga monoton og blotta for litterær spenning. Forteljaren er pompøs og gammalmodig, refleksjonane verkar uoppfinnsame og har lite språkleg nyskaping, symbolikken er overtydeleg. Forholdet mellom Ilja og Clio er prega av klisjéaktige sjalusi-, krangle- og sexscenar. Kommentarane undervegs, om skrivinga av romanen, er unødvendige og krampaktige. Slik flaksar «Grand Hotel Europa» hjelpelaust rundt utan å letta frå bakken.

Temaet turismen sitt paradoks – at han kan øydeleggja stadane som er ettertrakta – er interessant, men meir elegant handsama i til dømes «The Beach». Pfeijffer ønsker nok å vera ein sivilisasjonskritikar à la Houellebecq og klarer å levera litt ram satire. Men i sum manglar han alt franskmannen har av kreative innfallsvinklar, mot og språkleg vidd.

Viss dette, som enkelte påstår, er noko av det beste Europa kan by på, er det kanskje like greitt at kontinentet går under.

Publisert:

Bokanmeldelser

  1. God og gripende lesning

  2. Ambisiøst? Ja. Vellukka? Nei.

  3. Et rått innblikk i virkeligheten som barselopprørerne kjemper for å synliggjøre over det ganske land i disse dager

  4. Hvorfor døde kona di, Thor?

  5. Spennende og varm og nydelig og ekkel

  6. Godt om vennskap, farskap og mannsrollen

  1. Bokanmeldelser
  2. Anmeldelse
  3. Bokanmeldelse