Sex og snakk på fransk

FILM: Fin fransk film frå moderne, urbant liv i Paris.

Émilie (t.v.) møter Camille. Dei blir elskarar. Så er dei ikkje elskarar lenger og søker vidare i bydelen Les Olympiades i Paris.
  • Jan Zahl
    Jan Zahl
    Kulturjournalist
Publisert: Publisert:
Grade: 5 out of 6

PARIS: EN KJÆRLIGHETSHISTORIE

Kinopremiere: 06.05.2022. Originaltittel: Les Olympiades. Med: Noémie Merlant, Jehnny Beth, Makita Samba, Lucie Zhang. Regi: Jacques Audiard. Nasjonalitet: Frankrike, 2021. Aldersgrense: 15 år. Lengde: 1 time, 45 minutt.

Vakre franske menneske som forelskar seg, har seg pasjonert på fransk, finn nokon andre, kranglar på fransk, lengtar etter kjærleik, litt intellektuelle samtalar, litt drama, alt i svart kvitt, alt i Paris.

«Paris: En kjærlighetshistorie» er ein skikkeleg fransk film, men kjennest samtidig forfriskande og ny. Handlinga foregår ikkje på den pittoreske landsbygda i Provence, ei heller rundt Montmartre eller nokon av dei andre turistaktige klisjeane du har sett før. Dette er ein film frå 13. arrondissement, frå bydelen Les Olympiades, ein del av Paris prega av gigantiske 70-talsblokker, kjent som Europas største «Chinatown».

Her bur Émilie (Zhang) i leilegheita til bestemora, som er på gamleheim med alzheimer. Ho leiger ut eit rom, og inn kjem Camille (Samba), som Émilie trudde skulle vera ei jente, men som viser seg å vera ein mann. Dei to blir romkameratar - og vel så det. Og så blir det komplikasjonar.

Så skiftar filmen tilsynelatande handling. Me møter Nora (Merlant), ei lett naiv, positiv dame som har flytta til Paris for å studera jus. Men når ho blir forveksla med ei nettpornostjerne som heiter Amber Sweet (Beth), blir alt komplisert. Og via nokre omvegar, møter Nora både Camille og Émilie.

Dette er altså ei skildring av moderne, urbant liv. Det kunne sikkert vore kor som helst, men det skjer i ein fransk bydel. Det handlar om folk som både prøver å finna seg til rette med jobb, seksualpartnarar, kjærastar og eit eige liv. Dei kjem frå ulike sosiale lag, har ulik etnisk bakgrunn, speglar det moderne Frankrike.

Men grunnane til at det er ein god film, handlar framfor alt om eit smart manus. Ja, og godt skodespel. Karakterane på lerretet blir truverdige, komplekse, folk. Dei snakkar alvor, er morosame, er forvirra, urimelege, greie, dumme, alt folk er.

Det er sjølvsagt litt pretensiøst at filmen er i svart kvitt - fargefilmen er oppfunnen, liksom! - men okei. Det er jo veldig fint å sjå på.

Publisert:

Film- og tv-anmeldelser

  1. En heller svak og forut­sigbar kjærlig­hets­historie i en veldig fransk ramme

  2. Morsom, men tynn ninja-oppfølger

  3. Kunne blitt ein thriller om eit av verdas mest kjente bygg. Men nei...

  4. Manuset er nesten komisk svakt. Og skode­spelet. Og regien

  5. Sex og snakk på fransk

  6. James Bond-skaparen hadde ideen. Nå er den utrulege, men sanne, historia frå krigen blitt film

  1. Film- og tv-anmeldelser
  2. Filmanmeldelse
  3. Film
  4. Paris
  5. Anmeldelse